Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Jakob Kristoffer Johansson Inderberg
(
16. september
1852
–
18. februar
1932
) var ein norsk
offiser
, bankmann, gardbrukar og
Venstre
-politikar fra
Beitstad
i
Nord-Trøndelag
.
Inderberg var son til ein gardbrukar i Beitstad. Han tok i 1873 eksamen ved under
befalsskulen
i
Trondheim
. Fra 1876 var han
sersjant
og steig vidare i gradane til
furer
1888,
kommandersersjant
1897, og til sist
fanejunker
1902-12. Inderberg var kasserar i
Vikna
sparebank 1878-1932,
lensmannsdreng
i
Nærøy
1878-84 og gardbrukar pa Alvik i Vikna 1883-1932. Han var medlem av Vikna heradsstyre 1884-1928, varaordførar 1886-97 og ordførar 1900-22.
Inderberg var vararepresentant 1898-1900 for
Nordre Trondhjems amt
. I 1900 møtte han for
Hans Konrad Foosnæs
fra 25. april. Han representerte same krinsen pa
Stortinget
1903-06 og
Namdalen
krins pa Stortinget 1910-18. I 1900 var han medlem av
Lagtinget
og landbrukskomiteen, 1903-06 av militærkomiteen. Bolken 1910-12 var han medlem av næringskomite nr 1, 1913-18 sekretær i same. Periodane 1922-24 og 1925-27 var Inderberg 1. varamann for
Nordre Trondhjems amt
. Han møtte i den fyrste perioden fram til mars 1923, da den valde representanten
Hakon Five
tok plass, kom inn att i juli 1924 for same representanten. Det same gjentok seg i den siste perioden, da møtte Inderberg for Five fram til mars 1926. 1922-24 var han medlem av sosialkomiteen, og 1925-26 av finanskomiteen.
Inder var medlem av Den departementale hærordningskomite av 1908-09 og av Lønnskommisjonen av 1919.
- Lindstøl, Tallak:
Stortinget og Statsraadet 1814-1914
. Kristiania, 1914