Jakob I av Skottland

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Jakob I av Skottland

Fødd juli 1394
Fødestad Dunfermline Palace
Død 21. februar 1437
Dødsstad Blackfriars, Perth
Gravstad Perth Charterhouse
Gift med Joan Beaufort
Dynasti Huset Stuart
Far Robert III av Skottland
Mor Anabella Drummond
Born Margaret Stewart, Dauphine of France , Isabella av Scotland, hertuginne av Brittany , Eleanor av Scotland , Mary Stewart, Countess of Buchan , Joan Stewart, Countess of Morton , Alexander Stewart, hertug av Rothesay , Jakob II av Skottland , Annabella of Scotland

Jakob I (fødd kanskje 25. juli 1394, d. 21. februar   1437 ) var konge av Skottland fra 4. april 1406 til han døydde. [1] I perioden fra 1406 til 1424 var han berre nominell konge.

Han var fødd pa Edinburgh Castle , og var son av Robert III av Skottland og Annabella Drummond . [2] I 1402 svalt den eldre broren hans David i hel, eller blei drepen, i fengsel i Falkland . [3] Før far hans døydde i 1406 blei han send til Frankrike av tryggleiksgrunnar.

Under reisa til Frankrike blei prinsen tatt til fange av engelskmennene, og overlevert til Henrik IV . Den engelske kongen kravde ein løysesum for han. Robert III skal etter det som blir sagt ha døydd av sorg over at sonen var teken. Da Robert døydde blei broren hans Robert Stewart, 1. hertug av Albany regent. Han skunda seg i ikkje i det heile med a betala løysepengane for nevøen sin. Han var likevel rask med a sikra lauslatinga av sonen sin Murdoch , som var tatt til fange under slaget ved Homildon Hill . Jakob blei sitjande i fangenskap i England dei neste atten ara. Henrik IV let han fa rimeleg gode forhold, mellom anna pa Windsor Castle og ulike herregardar utanfor London . Guten fekk og ei utdanning medan han sat i fangenskap. Forskarar meiner at han i den perioden skreiv verket The Kingis Quair , ein allegorisk romanse som blir rekna som eit av dei tidlegaste store verka i skotsk litteratur .

Da onkelen døydde i 1420 blei løysesummen pa 40 000 pund endeleg betalt, og i 1424 kunne Jakob endeleg venda heim til Skottland, eit land i kaos. Han hadde med seg ei dronning. Under fangenskapet hadde han falle for Joan Beaufort, ei kusine av Henrik VI, og 2. februar 1423 gifta han seg med henne i London. Paret fekk i løpet av dei neste ara atte barn, mellom dei den framtidige kong Jakob II , og Margaret Stewart , som gifta seg med den franske dauphinen Ludvig , seinare Ludvig XI av Frankrike .

Den 2. eller 21. mai 1424 blei Jakob formelt krona til konge av Skottland i Scone Abbey . Han tok straks skritt for a retta opp igjen kongeleg autoritet og kontroll. Blant tiltaka hans var avrettinga av fleire medlemmer av Albany-familien. Murdoch, som hadde arva hertugtittelen, blei avretta med to av sønene sine pa Castle Hill i Stirling den 24. mai 1425.

Jakob styrte landet med fast hand, og gjennomførte fleire økonomiske og juridiske reformer. Mellom anna sørgde han for at skotsk valuta berre kunne vekslast med annan valuta innanfor landegrensene, av omsyn til utanrikshandelen. Han freista og a reformera det skotske parlamentet etter modell av det engelske. Utanrikspolitisk var eit av dei største grepa hans a avskaffa den sakalla Auld Alliance , den skotsk-franske alliansen med brodd mot England. Dette skjedde i 1428. [4]

Sjølv om metodane hans var effektive skapte dei og fiendar for Jakob. Mot slutten av regjeringstida hans førte dette til at det oppstod tvil om kravet hans pa trona. Bestefaren hans, Robert II , hadde vore gift to gonger. Det første ekteskapet, med bestemora til Jakob Elizabeth Mure , var vanskeleg, og det var tvil om i kva grad det var gyldig. Det oppstod ein konflikt mellom etterkommarar fra det fyrste ekteskapet som kanskje var uektefødde, og dei fra det andre ekteskapet, som garantert var ektefødde. 21. februar 1437 nadde striden nye høgder da ei gruppe skottar leidde av Robert Graham drap Jakob i Preikebrør-klosteret i Perth . Kongen freista a rømma gjennom kloakken, men kunne ikkje koma seg ut fordi han hadde fatt den andre enden murt att for a unnga at ballar fra tennisbanen forsvann der.

I mars 1437 følgde ei rekke avrettingar av personar som hadde deltatt i komplottet. [5] Blant dei avretta var onkelen til Jakob, Walter Stewart, 1. jarl av Atholl, og barnebarnet hans Robert Stewart, Master of Atholl. Desse var begge etterkommarar fra det andre ekteskapet til Robert II. [6]

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Weir, Britain's Royal Families , p. 232
  2. Brown, James I , p. 9
  3. Boardman, David Stewart, Duke of Rothesay ODNB
  4. Brown, James I , pp.109?10
  5. Brown, James I , pp. 197?8
  6. Brown, Atholl and the death of James I , p. 43

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Jakob I av Skottland