한국   대만   중국   일본 
Jacob Obrecht ? Wikipedia Hopp til innhald

Jacob Obrecht

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Jacob Obrecht

Fødd 22. november 1457 eller 1458
Fødestad Gent i Belgia
Død juli 1505
Dødsstad Ferrara i Italia
Opphav De burgundiske Nederlandene
Sjanger Renessansemusikk
Verka som Komponist

Jacob Obrecht ( 22. november 1457 eller 1458 ? juli 1505 ) var ein komponist fra Flandern i den midtre delen av den flamske skolen .

Liv og verk [ endre | endre wikiteksten ]

Jacob Obrecht var son av Willem Obrecht, ein velhavande trompetspelar i Gent , som hadde vore tilsett hja hertug Filip den gode av Burgund . Mora heite Llijsbette Gheraerts. Elles veit vi heller lite om barndomen hans, av di kjeldene fra denne tida er sparsame.

Obrecht har vore oppseda som korgut og seinare kyrkjemusikar i heimbygdene sine, og vert rekna som mindre vidfaren og vidgjeten enn dei andre komponistane før og etter han. Han var stort sett tilsett i byane Bergen op Zoom , Brugge , og Antwerpen , og reiste ikkje stort utanfor omkrinsen av desse. Det er kjend at han la ut pa ei ferd til katedralen i Cambrai , og var to gonger i Ferrara , siste gongen for a ta over der etter Josquin des Prez . Han var der fra september 1504 til januar 1505 , da hertugen i byen døydde, og sonen hans gav Obrecht sparken to veker etter. Han døydde der i juli same aret, som følgje av eit utbrot av byllepest .

Det er hevda at Obrect ikkje var ein lett mann a ha i teneste (noko som er arsaka til at han ikkje var kjend som hoffkomponist). Mange av tilsettingane hans enda med at avtala vart broten, eller at han ikkje møtte opp til fastsett tid. I Cambrai vart det klaga pa at han ikkje synte omsut for korgutane sine.

Ikkje di mindre vart han rekna som ein av dei beste komponistane i samtida. Johannes Tinctoris reknar han saman med dei andre ≪store≫ pa 1400-talet , alt da han var 23 ar gamal. Det er og tydeleg han sette spor etter seg. At han vart meir kjend, trass i at han for heller lite i kring, skuldast at prentekunsta skaut fart pa hans tid, og at han var ein av dei første komponistane som fekk notane sine trykt.

Det er messene han er mest kjend for. Han utvikla og finslipte Cantus Firmus -messa og parodimessa . Nokre gonger gjer han djerve harmoniske grep, og nyttar heller vanskeleg rytmikk mellom stemmene (ein arv fra forgjengarane). Stilen hans er rik og variert, men andre seinare komponistar gjekk heller i fotefara til Josquin des Prez , som overskygde ettermælet hans.

Det einaste portrettet som finst av han, er laga av Hieronymus Bosch .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]