Jacob Aaland

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Jacob Aaland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. april 1865
Hopland
Død

18. oktober 1950 (85 ar)

Yrke skribent
Sprak norsk

Jacob Aaland ( 27. april   1865 18. oktober   1950 ) var ein lærar, historikar og statsstipendiat fra Randabygda i Stryn . Han var ein pioner i arbeidet med bygdesoger og anna lokalhistorisk gransking, og er særleg kjend for sitt omfangsrike verk Nordfjord fraa gamle dagar til no: II. Dei einskilde bygder , som kom i fem, tildels tjukke, band i tida 1909 til 1943.

Byste av Jacob Aaland i Randabygda i Stryn kommune i Nordfjord. Den vart avduka i 1977. Fotograf: Chell Hill.

Liv og gjerning [ endre | endre wikiteksten ]

Aaland var husmannsson , fødd pa plassen Sagebakken under garden Aland i Randabygda, i daverande Innvik herad. Alt i barneara synte han stor lese- og vitelyst, omgangsskulen han gjekk i varte einast ni veker om aret, noko han syntest var for lite. Vinteren 1881/82 gjekk han pa amtsskulen pa Apalset i Gloppen , der Elias Melvær var andrelærar. Aaland ville verte lærar og fekk lant seg pengar slik han kunne ta til ved seminaret pa Stord , der han avla eksamen i 1884.

Han fekk seg sa lærarpost i Sigdal , der han verka i to ar. Ara 1887-90 var Aaland andrelærar ved folkeskulen i byen Brevik . I denne perioden gjekk han i hovudstaden eit gymnastikkurs, og nytta da mykje tid til gransking i Riksarkivet . Fra nyar 1891 var han lærar i folkeskulen i Kragerø til han hausten 1892 fekk lærarstilling i Bergen . I Bergen kommune var han tilsett i 40 ar, dei fyrste ara var han pa Fortunen skule, seinare pa Lungegarden skule. Overflyttinga til Bergen fekk mykje a seie for Aaland, da han der kom i kontakt med eit lærdomsmiljø med karar som B.E. Bendixen , Haakon Shetelig og fleire andre.

Nordfjordsoge [ endre | endre wikiteksten ]

Heilt fra tidleg vaksen alder interesserte Aaland seg for bygdesoge. Han var ein sumar heime i Randabygda, da ein bonde viste han eit pergamentbrev fra 1459. Aaland byrja da røkje etter, og kom slik over fleire eldre dokument. Fart i innsamlingsarbeidet hans vart det ikkje før i 1890-ara, men fra kring 1895 er det truleg at han emna pa a lage ei slags bygdebok.

I 1898 kom Nordfjords lensherrer og fogder , eit mindre verk om den lokale eliten. Denne boka var, etter alt a døme, ferdig tidlegare. Tanken om det store bygdebokverket for Nordfjord , med gardssoger og ættelister, hadde vakse fram. Til eit savore lyft trongst mykje gransking, og det stod etter kvart klart for Aaland at verket matte spreiast over fleire band bøker.

Aaland fekk i 1901 kroner 100 i stipend av Bergens Museum , for a kunne samle inn ymse ≪kulturhistorisk materiale≫ i Nordre Bergenhus amt . Same sommaren 1901 reiste Aaland i fire veker rundt i fleire bygder i Sunnfjord og Nordfjord. I 1903 gjekk han teiknekurs pa kunst- og handverkskulen i Kristiania , og vikarierte eit par manader i Riksarkivet.

Granskingsarbeidet heldt fram og i 1905 fekk han 1500 kroner i stipend fra Nordfjord Sparebank . Desse midlane nytta han til arbeid i arkiva i Kristiania og i København . To ar seinare var Aaland med pa a stifte Nordfjord Sogelag .

Den fyrste boka i bygdebokserien han planla, om herada Eid og Hornindal , lag ferdig til prenting i 1909. I forkant var det retta fleire førespurnader, mellom anna til Det norske Samlaget , om a fa boka gjeven ut. Ingen ville ta pa seg utgjevinga, enden vart at Aaland av Nordfjord Sparebank fekk tusen kroner til kvar av dei fem bygdebokbanda han planla.

Aaland vart dermed bade forfattar og utgjevar av bokverket Nordfjord fraa gamle dagar til no . Fyrste bandet, Eid-Hornindalen , kom i 1909 og gjorde at Aaland vart ein kjend mann i Nordfjord. Boksalet gjekk helst litt darlegare enn Aaland hapa, men han fekk mykje fagleg ros for arbeidet. Lesarar flest la særleg merke til bolken om gards- og ættesoge, der dei fann mykje nytt om lokale og personale tilhøve.

I Noreg var det fyrste gong nokon skreiv sa utførleg om folk og ætter over sa store og vide bygdelag. Bokverket kom i fem band fram til 1943, det siste om bygdene Selje og Vagsøy omhandla berre gardssoga, og vart fullført fjorten ar seinare av Edvard Os .

Aaland hadde bolkevis fri fra lærarposten i Bergen, men matte da sjølv halde vikar. Ein lengre bolk, 1914-19, skula han ikkje i det heile. Ara 1917-19 budde han pa Nordfjordeid , der han var redaktør for Fjordenes Blad .

Statsstipendiat fra 1911.

Jacob Aaland er gravlagd pa Fredly kyrkjegard . Ein bauta til minne om han vart reist i Randabygda i 1977, ei anna minnestøtte star pa Nordfjord Folkemuseum pa Sandane .

Bibliografi [ endre | endre wikiteksten ]

Bøker [ endre | endre wikiteksten ]

  • 1898 – Nordfjords lensherrer og fogder
  • 1904 – Fra fylkesthingene i Nordfjord i det 17de aarhundrede
  • 1909 – Nordfjord fraa gamle dagar til no : 2. Dei einskilde bygder. 1. Eid-Hornindalen : med mange bilæte (Nordfjordeid: Brødrene Totland )  [Ny utgave 1953 ved Edvard Os]
  • 1918 – Nordre Bergenhus amt. 1. hefte. Nordfjordeids og Hornindals herreder (Kristiania: Johanne Hanche )
  • 1925 – Nordfjords stortingsrepresentation fra 1814 til nu (Nordfjordeid: Fjordabladets prenteverk) I fulltekst ved nb.no  [Artikkelserie i Fjordabladet]
  • 1931 – Utsyn yver Stigedalsvegsoga
  • 1932 – Gloppens sparebank i 50 ar : (1882-1932)
  • 1932 – Nordfjord fraa gamle dagar til no : 2. Dei einskilde bygder. 3. Innvik - Stryn. Del 1 og 3 (Nordfjordeid: Brødrene Totland) I fulltekst ved nb.no  [Ny utg. 1974]
  • 1932 – Nordfjord fraa gamle dagar til no : 2. Dei einskilde bygder. 3. Innvik - Stryn. Del 2 (Nordfjordeid: Brødrene Totland) I fulltekst ved nb.no  [Ny utg. 1974]
  • 1933 – Fitjar : bygdeskipnad og bygdesoga (Sandane) I fulltekst ved nb.no
  • 1935 – Nordfjord fra gamle dagar til no : 2 Dei einskilde bygder. 2. Gloppen-Breim : med kart og mange bilete : fyrste og andre bolk (Nordfjordeid: Brødrene Totland) I fulltekst ved nb.no
  • 1939 – Nordfjord fraa gamle dagar til no : 2. Dei einskilde bygder. 4. Davik (Sandane) I fulltekst ved nb.no
  • 1943 – Gloppen - Breimn : kommunesoga 1838-1937 (Sandane: Søreide prenteverk) I fulltekst ved nb.no
  • 1943 – Nordfjord fraa gamle dagar til no : 2. Dei einskilde bygder. 5. Selje, Sør- og Nord-Vagsøy : 2. bolk (Nordfjordeid: Brødrene Totland) I fulltekst ved nb.no
  • 1943 – Nordfjord fraa gamle dagar til no : 2. Dei einskilde bygder. 5. Selje, Sør- og Nord-Vagsøy : 1. bolk (Nordfjordeid: Brødrene Totland) I fulltekst ved nb.no  [Utg. posthumt ved Edvard Os ]
  • 1975 – Ovtru og segner samla i Lodalen (Sandane: Solglimt trykkeri)  [Særprent av Arbok for Nordfjord 1975]
  • 1982 – Gamall brudlaupsgjerd i Nordfjord (Selje)  [Særprent av Arbok for Nordfjord 1982]

I tidsskrift - eit utval [ endre | endre wikiteksten ]

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]

  • Skrede, P.M.: ≪Jacob Aaland≫. I: Arbok for Nordfjord 1965
  • Djupedal, Reidar: ≪Jacob Aaland≫. I: Arbok for Nordfjord 1965
  • Djupedal, Reidar: ≪Jacob Aaland og bygdesoga pa hundrearsdagen for hans fødsel ≫. I: Heimen 1966
  • Djupedal, Reidar: ≪Jacob Aaland≫. I: Heimen 1983
  • ≪Jacob Aaland til minne≫. I: Jul i Nordfjord 1965
  • Tvinnereim, Jon: ≪Bygdesogepioneren fra Nordfjord≫. I: 100 ar 100 navn. Personer som har preget hundrearet pa Nordvestlandet . Sunnmørposten Forlag, 2000

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  • Skrede, P.M.: ≪Jacob Aaland≫. I: Arbok for Nordfjord 1965
  • Djupedal, Reidar: ≪Jacob Aaland≫. I: Arbok for Nordfjord 1965

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]