Ivan Skobrev

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Ivan Skobrev


Statsborgarskap Russland
Fødd 8. februar 1983 (41 ar)
Khabarovsk
Idrett lengdeløp pa skeiser
Tok del i

Vinter-OL 2006 , Vinter-OL 2014 , Hurtigløp pa skøyter under Vinter-OL 2010 ? 5000 meter herrer , Hurtigløp pa skøyter under Vinter-OL 2010 ? 10000 meter herrer

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse

Ivan Aleksandrovitsj Skobrev ( fødd  8. februar   1983 ) er ein russisk tidlegare skeiseløpar fra Vologda . Han vart i 2011 bade europameister og verdsmeister i firkamp.

Skobrev vart femtemann bade under EM 2004 og 2006. Under Vinter-OL 2006 i Torino enda han pa sjetteplass bade pa 1500 m og pa 10 000 meter. I 2007 og 2008 vart han for tredje og fjerde gong nummer fem i skeise-EM. Vinteren 2009 kleiv han ein plass opp da EM 2009 vart avvikla i Heerenveen .

I EM 2010 pa Hamar lukkast Skobrev endeleg a kome pa pallen i ein europameisterskap, einast vinnaren Sven Kramer fra Nederland og italienske Enrico Fabris presterte betre gjennom meisterskapen. Under Vinter-OL 2010 i Vancouver vann han sølvmedaljen i milløpet, bronsemedaljen pa 5 000 meter og vart nummer fire pa 1500 m.

Vinteren 2011 sikra Skobrev seg laurbærkransen bade da EM fann stad i italienske Collalbo og under VM i Calgary . I Collalbo sigra han etter eit jamn oppgjer mot Jan Blokhuijsen , og i Calgary hadde han sterkast konkurranse fra norske Havard Bøkko .

I tida 2007-13 plukka Skobrev ein sølvmedalje og seks bronsar i ulike øvingar ved VM i enkeltløp. Han avslutta idrettskarrieren under Vinter-OL 2014 i Sotsji , der sjuandeplassen pa 5 000 meter var hans fremste prestasjon.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]