한국   대만   중국   일본 
Ithaki ? Wikipedia Hopp til innhald

Ithaki

Koordinatar : 38°22′N 20°43′E  /  38.367°N 20.717°E  / 38.367; 20.717
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Ithaki
Lokalt namn Ιθ?κη
Utsyn over den sørlege delen av øya, med hovudbyen Vathý
Utsyn over den sørlege delen av øya, med hovudbyen Vathy
Geografi
Stad Det joniske havet
Koordinatar 38°22′N 20°43′E  /  38.367°N 20.717°E  / 38.367; 20.717
Øygruppe Dei joniske øyane

Areal 117,8 km²

Høgaste punkt Nirito (806 moh. )

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei joniske øyane
Ithaki
Største busetnad Vathy  (1 676 innb.)

Demografi
Folketal 2 862 (2021 [1] )
Folketettleik 24,3 /km²

Ithaki ( gresk skrift Ιθ?κη) eller Ithaka ( Ithaca vert og nytta pa fleire sprak), er ei av dei Dei joniske øyane i Hellas . Ho ligg utanfor nordaustkysten av Kefalonia og har eit flatevidd pa 96 km² og om lag tre tusen innbyggjarar.

Øya var tidlegare ein kommune i prefekturet Kefalonia , men fra 2011 er Ithaki den einaste kommunen i periferieininga Ithaki i periferien Dei joniske øyane . [2] Kommunen Ithaki inneheld i tillegg nokre mindre øyar, mellom anna Arkoudi , Atokos og delar av øygruppa Ekhinades . Hovudbyen Vathy har ei av dei største naturlege hamnene i verda.

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Av nes pa øya finn ein Exoji, som er det vestlegaste, og Melissa i nord. Mavronas og Ajos Ilias i aust, Skhinos, Sarakiniko og Ajos Ioannis, det austlegaste, i aust og Ajos Andreas, det sørlegaste, i sør. Av bukter finn ein Afalesbukta i nordvest, Frikesbukta og Kionibukta i nordaust og Ormosbukta og Sarakinikobukta i søraust. Det høgaste fjellet er Nirito pa 806 m og det nest høgaste er Merovigli (669 m).

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Opphavet til dei første menneska pa øya under steinalderen er ukjend. Spor av bygningar, murar og vegar fra denne tidsperiode viser at det var busetnadar her i tidleg hellenistisk tid (3000-2000 fvt.).

I den mykenske perioden (1500-1100 fvt.) nadde Ithaki høgdepunktet i sin antikke historie da øya vart hovudstad for dei kefalonske statane, som inkluderte dei omliggande øyane og det nærliggande fastlandet. Pa denne tida var det ein mektig stat, og innbyggjarane vart rekna som store sjøfararar og utforskarar med vagale ekspedisjonar utanfor Middelhavet .

Dei episke dikta Iliaden og Odysseen av Homer fortel om helten Odyssevs som styrte over Ithaki og naboøyane. Etter den mykenske perioden vart Ithaki mindre viktig.

Ein meiner at det budde fleire tusen innbyggjarar pa øya fra den mykenske perioden og gjennom perioden under Austromarriket . I mellomalderen fall derimot folketalet pa grunn av stadige invasjonar fra sjørøvarar, som tvinga folk til a danne busetnadar i fjellomrada. Dei neste fem ara gjorde tyrkarane og venetianarane diplomatisk krav pa øya. Øya kom til slutt under tyrkisk styre. Samtidig hadde Venezia vorte mektige og hadde ein eigen flate. Dei hadde Dei joniske øyane pa ønskelista og i 1499 starta ein krig mellom Venezia og Det osmanske riket . Dei allierte flatane til Venezia og Spania omleira Ithaki og dei andre øyane. Den allierte flaten gjekk sigrande ut, og fra 1500 tok venetianarane kontroll over øyane. Etter ein traktat i 1503 vart Ithaki, Kefalonia og Zakynthos ein del av Republikken Venezia , medan Levkada gjekk til tyrkarane.

Eit par ar etter den franske revolusjonen kom det joniske omradet under fransk styre, og Ithaki vart hovudstad over Kefallonia, Levkada og ein del av det greske fastlandet.

Innbyggjarane tok imot franskmenna med opne armar, som tok administrativ og rettsleg kontroll. Dei høge skattane gjorde derimot til irriterte innbyggjar. Alt i 1798 tok Russland og Det osmanske riket, som var allierte pa denne tida, over øya (1798-1807). Kerkyra (Korfu) vart hovudstad for dei joniske statane.

Flaten til Ithaki blømde da dei fekk lov a føre frakt til hamnene i Svartehavet . I 1807 kom Dei joniske øyane igjen under fransk styre etter ein avtale med Tyrkia. Franskmennene bygde sa ei festning i Vathy for a verne seg mot den engelske flaten, som hadde vorte mektig pa denne tida. I 1809 tok britane over styret pa øyane og Ithaki vart ein del av Dei sameinte joniske øyane . Etter Londontraktaten i 1864 vart Ithaki, i lag med dei andre øyane, avstatt til Hellas.

Mange av bygningane pa øya vart øydelagd under eit jordskjelv i 1953.

Byar og tettstader [ endre | endre wikiteksten ]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011 [3] Folketal 2021 [1]
Vathy (Ithaki by) 1 920 1 676
Perakhori 343 368
Stavros 366 327
Platrithias 201 221
Kioni 182 131

Dei andre busetnadane pa øya er:

  • Frikes (37)
  • Anoji (34)
  • Levki (21)
  • Aetos (17)
  • Exoji (14)
  • Ajos Ioannis (12)
  • Moni Katharon (0)

Smaøyar i kommunen:

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Referansar

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]