한국   대만   중국   일본 
Islamabad ? Wikipedia Hopp til innhald

Islamabad

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Islamabad
????? ????
 
by
Land   Pakistan
Areal 906  km²
Folketal 1 014 825 (2017) [1]
Grunnlagd 1961
Kart
Islamabad
33°41′56″N 73°02′13″E  /  33.698888888889°N 73.036944444444°E  / 33.698888888889; 73.036944444444
Wikimedia Commons: Islamabad

Islamabad ( urdu ????? ???? , ' islam -byen' eller ' fredsbyen ') er hovudstaden i Pakistan , oppretta i 1961. Han ligg i hovudstatsterritoriet Islamabad ved foten av Margalafjella , nær Rawalpindi . Sør for byen ligg ei slette som elva Kaurang skjer gjennom.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Opphavleg lag den pakistanske hovudstaden i hamnebyen Karachi i Sindh , men i 1958 bestemte presidenten i Pakistan, Ayub Khan , at han skulle flyttast. Ein komite valde ein stad 14 km nordaust for Rawalpindi i Punjab . Bygginga av byen tok til i 1961 og dei første folka flytta dit to ar seinare.

Gatenettet i Islamabad blei laga av den greske byplanleggaren Konstantinos Doxiades , medan den modernistiske arkitekten Edward Durell Stone fra USA og den italienske formgjevaren Gio Ponti ogsa sette preg pa byen.

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Satellittbilde av Islamabad og Rawalpindi, med Faisalmoskeen og den diplomatiske sona avmerkt.
Foto: NASA
Allear og parkar preger bybildet i Islamabad.
Foto: Yasir Abbasi

Islamabad ber preg av a vera ein planlagd by , slik som til dømes Dodoma i Tanzania og Brasilia i Brasil , som ogsa er nybygde hovudstader lagt tilnærma midt i landet. Hovudstaden er delt inn i atte soner, kvart tileigna eit eige felt: Administrasjon , bustader , diplomatiet , handel , industri , utdanning , i tillegg til eit grønt belte og ein nasjonalpark . Byen er prega av grøntomrade, lage hus og ei rekke prangande bustader for dei rike og mektige. Mange pakistanarar fra mellom- og underklassen har ikkje rad til a bu i byen, men bur eit godt stykke unna, i nabobyen Rawalpindi, eller i telt i nokre av grøntomrada. [2] [3]

Fleire monumentalbygg prøver a sameina muslimsk tradisjon med det moderne , som i den digre og modernistisk utforma Faisalmoskeen , eller i skyskraparen Saudi-Pak Tower, som er dekorert med bla fliser i muslimsk tradisjon. Andre viktige bygg er Quaid-i-Azam-universitetet , høgsterettsbygningen og presidentbustaden Aiwan-e-Sadr.

Klima [ endre | endre wikiteksten ]

Byen ligg ved kanten av Pothohar-plataet, sør for Margalla -fjella. Han har varme somrar med temperaturar pa opptil 45 °C i juni , og kalde vintrar med minimumstemperaturar ned i -4 °C i januar. Han far monsunregn i juli og august, og kan fa noko sludd og snø om vinteren.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Islamabad