Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Iseosjøen
(
italiensk
Lago d'Iseo
eller
Sebino
) er den fjerde største innsjøen i
Lombardia
i
Italia
.
Han ligg nord i landet i
Val Camonica
-omradet, nær byane
Brescia
og
Bergamo
. Innsjøen er nesten likt delt mellom provinsane
Bergamo
og
Brescia
. Trass i at denne delen av landet er svært industrialisert er omradet rundt innsjøen svært vakkert. Vegen nordover til
Sveits
brukte a ga langs innsjøen og mange bilar har køyrt utfor og hamna i vatnet. Ein tryggare veg er no sprengt ut i fjellsida.
Midt i innsjøen ligg
Monte Isola
(eller Montisola), den største øya i alle innsjøar i Sør-Europa.
Det ligg fleire landsbyar rundt innsjøen
I Brescia:
- Iseo
- som har gjeve namn til innsjøen. Med breie plassar og ein promenade ved innsjøen.
- Marone
- Sale Marasino
I Bergamo:
- Sarnico
- opphavleg ein førhistorisk palelandsby.
- Riva di Solto
- ein vakker liten fiskelandsby.
- Lovere
- ein gong ein festningsby.
Pa Montisola:
- Peschiera Maraglio
- ein vakker fiskelandsby
- Siviano
,
Sensole
og
Carzano
- fleire fiskelandsbyar
- Cure
- pa det høgaste punktet pa øya ligg det ein heilagdom.
Dei to mindre øyane Loreto og St. Paul ligg og i innsjøen.