한국   대만   중국   일본 
Isbre ? Wikipedia Hopp til innhald

Isbre

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Engabreen , ein utløpar fra Svartisen i Nordland .
Foto: Guttorm Raknes
Satellittbilde av isbrear og bresjøar i Bhutan .
Foto: NASA

Ein isbre , eller jøkul , er ein fleirarig masse av snø og is som hovudsakleg ligg pa land, og som er i rørsle. Brear kan skildrast som elvar av is: Dei tek til pa land og blir dregne mot havet av tyngdekrafta . Ein isbre blir danna ved at det fell meir snø pa ein stad enn det smeltar fleire ar pa rad.

Glasiologi er læra om isbrear. Breane er kraftfulle fenomen som tærer pa fjell og kan grava ut dalar , fjordar og innsjøar . Isbrear som rekk ut i havet før dei smelter kalvar ofte svære isfjell . Brear fraktar og med seg stein og grus som kan bli liggjande igjen i forskjellige avsetjingar , til dømes i ein morene .

Isbre

Utbreiing [ endre | endre wikiteksten ]

I dag er 15 millionar kvadratkilometer landjord dekt av isbrear. Dette er om lag 10 % av landareala pa jorda , og 75 % av ferskvatnet . Det er isbrear pa alle kontinenta utanom Oseania. Den største isbreen pa det europeiske fastlandet er Jostedalsbreen (487 km²), medan Austfonna (8 200 km²) pa Svalbard er størst i Europa.

I Noreg er det i dag om lag 1 600 isbrear. Desse blei danna under bronsealderen for 2 500 ar sidan. Pa verdsbasis er det om lag 80 000 isbrear, men dette talet gar nedover pa grunn av global oppvarming .

Oppbygging [ endre | endre wikiteksten ]

Dei ulike delane av ein isbre: Næreomradet , der det kjem meir is enn det smeltar, er myrkt pa figuren, medan tæreomradet , der det smeltar meir enn kjem til, er ljost. Jamvektslina markerer skiljet.

Ein bre er delt opp i to soner: næreomradet (akkumulasjonsomradet), der det kjem meir nedbør enn det smelter , og tæreomradet (ablasjonsomradet), der smeltinga er større enn nedbøren. Grensa mellom dei to sonene er jamvektslina , der det smelter like mykje som vert avsett. Kor grensa gar, kjem an pa kor mykje nedbør som kjem, og kor mykje som smelter, og varierer difor fra ar til ar. Den gjennomsnittlege jamvektslina over 30 ar (ein klimanormal ) gjev ei klimatisk jamvektsline , som er mykje meir stabil enn enkeltarsmalingar. Skilnaden mellom næring og tæring, er kjend som massebalansen til isbreen, eller brebudsjettet .

Den klimatiske jamvektslina varierer med klima - nedbør, temperatur og kva tid nedbøren kjem. Med meir nedbør og kaldare sumartemperaturar vil jamvektslina lægjast. I Noreg vert jamvektslina lægre di nærare kysten breen ligg, og di lenger nord han ligg: pa Alfotbreen ligg jamvektslina om lag 1200 meter over havet, medan han er pa lag 2000 meter kring Galdhøpiggen . Pa Antarktis er jamvektslina pa havniva , medan han i Afrika er over 5100 meter over havet.

Breen veks ved at det kjem snø pa overflata. Etter kvart som det vert sett av meir snø pa toppen av gamal snø, vil den gamle snøen fa større eigenvekt , og verta firn og sidan breis . Firn er 0,55 - 0,82 g/cm³, medan breis er fra 0,84 g/cm³ og opp mot 0,917 g/cm³, eigenvekta til rein is. Grunna luftboblar i isen, vert breis sjeldan og aldri so tung som 0,917 g/cm³. Pa isbrear som smeltar noko om sumrane vil overgangen fra nysnø til breis ga snøggare enn pa kaldare isbrear. Pa Nigardsbreen vert snøen til firn pa ein sumar, og firnet vert til breis pa 5 - 10 ar. Pa Nordgrønland er det mykje mindre smeltevatn, og overgangen fra firn til is kan taka over 100 ar.

Breen krympar ved at snø og is smeltar. Det kan skje ved solstraling , varmeleiing , kondens av damp eller ved regn . Varmeleiinga kan smelta is bade fra lufta og fra underlaget. For at det skal smelta mykje ved varmeleiing fra lufta, ma det vera vind , ellers vil det dana seg eit tunt, isolerande luftlag pa 0 °C rett over isoverflata. Skal det smelta langs botnen, ma det koma nok varme fra underlaget og fra friksjon mellom isen og underlaget til at temperaturen overstiger trykksmeltepunktet . Ved høgare trykk , det vil seia meir is ovan, vil smeltepunktet til vatn søkka: Smeltepunktet søkk med 0,0075 °C per atmosfære trykk.

Temperaturen i isbrear [ endre | endre wikiteksten ]

Kor kald ein isbre er har mykje a seia for korleis han ter seg. Det er temperaturen pa topp og botn som er viktigast, og isbrear vert klassifisert etter om dei er botnkalde, botnvarme, toppkalde eller toppvarme. Ein kald bre vil vera kaldare enn trykksmeltepunktet, medan ein varm bre vil vera pa trykksmeltepunktet.

Ein kald, eller polar bre er kald rett i gjennom. Temperaturen pa toppen kan variera gjennom aret, men ellers vil breen vera kring like kald som arsmiddeltemperaturen . Sidan han er botnkald, vil han vera frosen fast i underlaget, og røra seg mindre enn varmare brear. Polare brear krymper ofte berre om dei kalvar. Store delar av isskjolda pa Antarktis og Grønland er polare.

Ein varm, eller temperert bre , er pa trykksmeltepunktet rett i gjennom. Topplaga kan vera kalde om vinteren , men ma varma seg opp til 0 °C gjennom sumaren . Sidan han er varm, kjem det mykje smeltevatn or han, og dette vatnet hjelper breen a gli snøggare enn ein kald bre. Smeltevatnet er og med pa a fa snøen til søkkja saman, og verta firn og is berre over sumaren. Dei norske isbreane

Ein subpolar bre vil vera kald pa toppen, men botnvarm. Dette er av di han er tjukk nok til a lægja trykksmeltepunktet ned til istemperaturen pa botnen. Dei fleste isbreane pa Svalbard er slike, og det er og slike pa store delar av Grønnland og i den antarktiske innlandsisen.

Rørsle i isbrear [ endre | endre wikiteksten ]

Slutten pa den grønlandske innlandsisen.

Isen i ein isbre vil siga med tyngdekrafta fra høgre til lægre omrade. Omradet kan vera høgt grunna terrenget under, eller av di det er sett av meir is der enn i kring. Di tjukkare isen er, di viktigare vil isen vera for kvar han sig og kor snøggt. Motsett er terrenget svært viktig i korleis tunne brear sig. Utan denne rørsla vil det ikkje vera ein isbre. Rørsla kjem ved at isen sig inne i breen, og ved at brebotnen glid over underlaget.

Isen vil glida snøggare ved meir helling, og meir midt pa breen enn i kantane og pa botnen. Pa kant og botn vil friksjonen stagga breen, slik at han glid seinare. Sume stader vil isen siga seint fra nære- til tæreomradet, slik at tæreomradet vert tunna ut og det samlar seg over lang tid eit overskot i næreomradet. Denne kan pa kort tid, gjerne berre eit ar eller tre, byksa fram i ei brebylgje der overskotet vert overført fra næreomradet til tæreomradet. Isrørsla i brebylgja er i hovudsak gliding langs brebotnen, og fenomenet ser ut til a vera vanlegast i subpolare brear.

Er det mykje isrørsle i ein bre, vert han kalla dynamisk . Dersom breen ikkje flyttar so mykje is lenger, er han dynamisk daud. Dette hender i svært kalde brear, og brear som er vortne tunne. Dei siste isrestane etter ei nedsmelting er ofte dynamisk daude. Dynamiske brear vil paverka omgjevnadane sine mykje, medan dynamisk daude brear berre vil setja av materiale rett under seg.

Morfologiske bretypar [ endre | endre wikiteksten ]

Nigardsbreen er ein dalbre i Luster. Han nærer seg fra Jostedalsbreen

Botnbre [ endre | endre wikiteksten ]

Ein botnbre ligg i ei skalforma senking i ei fjellside , ein dalbotn, erodert ut av breen sjølv. Dette er den vanlegaste bretypen, og det er rekna med at desse er dei fyrste som vert dana nar ei istid tek til. Skauthøbreen i Jotunheimen er ein botnbre.

Platabre [ endre | endre wikiteksten ]

Ein platabre eller kapebre er ein stor isbre som ligg oppa eit fjellplata. Ein slik bre er ofte sett saman av mange mindre brear som har smelta saman. Breen har ofte utstrøymande brear, som tek is fra platabreen og ut mot lægre omrade. Desse utlaupsbreane er sterkt eroderande, men sjølve platabreen ligg still pa underlaget og eroderer difor lite. Pa den vestlandske sida av den paleiske overflata ligg det nokre store platabrear, som Jostedalsbreen og Folgefonni . Vatnajokull pa Island er og ein platabre.

Dalbre [ endre | endre wikiteksten ]

Ein dalbre slynger seg fra eit tydeleg næreomrade nedover ein dal, gjerne som ein utlaupsbre fra ein platabre. Næreomradet kan og vera botnbrear. Dei kan vera sterkt eroderande, og lagar alpine landskap . Det er ein vanleg bretype bade i Noreg, Alaska, Alpane og Himalaya. Engabreen i Svartisen er eit døme pa ein slik bre.

Dersom dalbreen kjem ut pa flatmark, kan han spreia seg i ei vifte og dana ein fjellfotbre eller piedmontbre .

Spitsbergenbre [ endre | endre wikiteksten ]

Brear av Spitsbergentypen er større, samanhengande breomrade med oppstikkande fjellryggar. Breformen er sterkt avhengig av terrengformene under. Som namnet syner til er bretypen vanleg pa Svalbard .

Innlandsis [ endre | endre wikiteksten ]

Innlandsis eller isskjold er den største typen bre. I lengre periodar med mykje kulde kan ein platabre veksa seg stor, slik at han dekkjer store overflater. Enkelte fjelltopper kan likevel raga opp av innlandsisen, kalla nunatakkar . Antarktis og Grønland har begge innlandsis i dag, og under istidene i kvartær var det store isskjold over Skandinavia og Nordamerika .

Sokkelis [ endre | endre wikiteksten ]

Ein sokkelis er det flytande framhaldet av ein innlandsis der isen møter pa store, grunne havbukter. Han far tilført is fra innlandsisen, og nedbør, og smeltar i kontakt med havvatnet. Breen kan kalva opp, og sleppa store isfjell ut i havomrada kring. I dag finn me sokkelis mest kring Antarktis.

Glasiale landformer [ endre | endre wikiteksten ]

Endemorenar som halvsirklar i Valle del Silencio i Chile .

Ein isbre skurar landet han fer over, eroderer vekk fjell og lausmassar for a setja det av andre stader. Nokre lausmassar set isen av sjølv, medan andre vert frakta med smeltevatnet. Der det før var ein tjukk isbre som no er forsvunne, vil det vera postglasial landheving .

Dersom mykje vatn er bunde i isbrear, som under ein istid, vil endringane i havniva paverka landformer i heile verda.

Morene [ endre | endre wikiteksten ]

Morenejord er den jorda det er mest av i Noreg. Ho er sett saman av materiale som har frose fast i isbreen, og sidan smelta ut utan særleg transport i flytande vatn. Det fastfrosne materialet kan anten vera tidlegare lausmassar eller nyerodert materiale. Di lenger materialet transporterast i isbreen, di meir vil det slipa seg mot anna materiale og mot underlaget. Dette fører til runda kantar.

Det er fleire ulike sortar morenar. Botnmorenar er sett av under isbreen, og hardpakka av isen over. Store delar av Noreg er dekt av botnmorenar, men desse er ofte tunne, sjeldan meir enn 5 meter djupe. Dette er lite samanlikna med andre europeiske land som vart isdekte under siste istid . Brorparten av dei norske skogane veks pa botnmorenar.

Utsmeltingsmorenar eller daud-is-morenar vert dana nar ein dynamisk daud is smeltar. Isbreen transporterar ikkje lenger materiale, so det dett berre ned etter kvart som breen smeltar vekk under materialet. Dette fører til ein laust pakka morene. Smeltevatnet nar breen smeltar ber vekk mykje finstoff, og utsmeltingsmorenane er difor gjerne grove.

Endemorenar er sett av framfor brekanten, der breen har statt stille ei tid. Is har kome til fra breen, berande materiale, og smelta pa randen. Avsetjinga vert ein morenerygg , som ofte inneheld bade omrade med morene- og breelvavsetjingar .

I omrade med tjukke moreneavsetjingar, kan isen dana drumlinar . Det er ikkje klart korleis dette skjer. Drumlinar er sma kvalforma asar som peikar i same retning som isrørsla gjorde. Dei har ei bratt side opp pa bresida, og slakare ned pa utsida. Finnmarksvidda har mange drumlinar.

Breelvmateriale [ endre | endre wikiteksten ]

Skreidarasandur pa Island er sand erodert av Vatnajøkull , og frakta dit med breelvane

Breelvane er ofte store elvar som ber mykje erodert materiale. Dette materialet vil hjelpa vatnet erodera omgjevnadane sine medan det vert transportert i elva, og vil verta sett av nar elva renn for sakte til a bera det lenger. Kor store steinar elva kan bera med seg, avhenger av kor stor og kraftig elva er. For store steinar fell fort ut, medan mindre vert bare vidare. Dette fører til at elveavsetjingar er godt sorterte - dei fleste materialkorna er jamstore.

Breelverosjonen fører til landformer som gjel (til dømes Helvete ) og jettegryter , og kan ofte kjennast ved tydeleg vass-erosjon fra ei stor elv ein stad det i dag er berre ein liten eller ingen bekk.

Eskerar er rullesteinsasar sett av i smeltevasstunneler inne i breen eller i smeltevasslaup pa toppen. Dei vert berre sett av om vatnet renn sakte nok til ikkje bera materialet med seg vidare. Dei kan vera samanhengande eller ikkje, og kan vera fra nokre fa meter til hundretals kilometer lange. Dei lengre eskerane er i regelen høgare og breiare enn dei mindre.

Finstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Der ei breelv berande mykje fint materiale kjem ut i stille vatn, vil finmaterialet over tid sedimentera. Siltjorda og dei marine leirene i Noreg er breerodert finmaterialet.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Isbre