Isabelle Mir

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Isabelle Mir

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 2. mars 1949 (75 ar)
Saint-Lary-Soulan
Yrke alpinist
Sprak fransk
Høgd 161 centimeter
Isabelle Mir pa Commons

Isabelle Mir ( fødd  2. mars   1949 ) er ein fransk tidlegare skirennar fra Saint-Lary-Soulan i departementet Hautes-Pyrenees som vart nummer to i verdscupen i alpine greiner 1968 , og vann sølvmedaljen i utfor bade under Vinter-OL 1968 og alpin-VM 1970 .

Aktiv [ endre | endre wikiteksten ]

Mir fekk sitt gjennombrot da ho vann eit verdscuprenn i utfor i mars 1967 i USA . Fram til mars 1971 vann ho i alt ni renn i verdscupen, alle i utfor, unnateke det siste som var eit storslalamrenn. I 1968 kom ho pa andreplass i verdscupen i alpine greiner, einast kanadiske Nancy Greene sanka fleire poeng. Mir vann same sesongen ein verdscup-pokal i utfor, delt med Olga Pall fra Austerrike . To ar, i 1970, tok ho ein ein ny FIS -pokal i utfor, med god margin til landskvinna Annie Famose .

Under Vinter-OL 1968 i Grenoble tok Mir sølvmedaljen i utforrennet, Olga Pall vann gullet. Mir vart elles nummer fem i slalam og seks i storslalam. To ar seinare, under VM i alpine greiner 1970 i Gherdeina enda Mir enda ein gong opp med eit utfor-sølv, slatt av sveitsiske Annerosli Zryd med nøyaktig eit halvt sekund.

I 1972 vart Mir nummer fire i OL-utforen under vinterleikane 1972 i Sapporo , nesten eit heilt sekund bakom bronsevinnaren.

Etter 1973-sesongen la ho opp som aktiv alpinist.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  • Sportsboken , aktuelle argangar