Internasjonalen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Førsteutgava av Internasjonalen, ≪L’Internationale≫, fra 1888.

Internasjonalen er den kanskje mest kjende arbeidarsongen i verda, fordi han finst pa mesta alle sprak, og blir bruka av sosialistar , anarkistar og kommunistar i alle land.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Originalteksten er fransk, og skriven av Eugene Pottier . Pottier tok del i Pariskommunen i 1871, og matte flykte fra Frankrike da denne blei slatt ned med vald av den borgarlege regjeringa. Etter amnestiet i 1880 kunne han fare tilbake til heimlandet, der han straks melde seg inn i det nydanna sosialistpartiet. Pottier skreiv dikt , ogsa politiske dikt. I ei samling av dei politiske dikta hans gitt ut i 1887, etter han døydde, finn vi den opphavlege teksten til Internasjonalen under tittelen ≪Chant du depart≫, 'Oppbrotssongen'.

Det som gjorde dette diktet til ein song, var at det fekk ein melodi, komponert av Pierre Degeyter , opphavleg fra Belgia . Han budde i den nordfranske byen Lille og var der medlem i eit arbeidarsongkor. Han blei oppfordra om a setje melodi til nokre av dikta i Pottier si diktsamling, og festa seg særleg ved 'Oppbrotssongen'. Natta til den 17. juni 1888 blei melodien skapt. Han blei urframført alt neste dag, pa den folkelege kafeen ≪Liberte≫ (Fridom) i Lille. Sa øvde arbeidarkoret inn songen og framførte han pa ei større tilstelning, og sosialistpartiet i Lille prenta han som flygeblad, som sa blei spreidd over heile landet. Oppbrotssongen var ein ≪hit≫.

Pa kongressen til den Andre Internasjonalen i Paris i 1900 blei Internasjonalen som songen no blei kalla sungen offisielt for første gongen. Før kongressen i København i 1910 hadde teksten blitt omsett til mange sprak og fatt stor symbolverdi i heile den internasjonale arbeidar- og sosialistrørsla.

Fra 1922 til 1944 var ≪Internasjonalen≫ elles bruka som ≪ nasjonalsong ≫ for Sovjetunionen .

Norske omsetjingar [ endre | endre wikiteksten ]

≪Internasjonalen≫ blei omsett til norsk bokmal i 1904, av Olav Kringen , den gongen redaktør i ≪ Social-Demokraten ≫, hovudorganet til Det norske Arbeidarpartiet . Han hadde vore utsending ved den Andre Internasjonalen sine kongressar i Paris i 1900 og Amsterdam i 1904, og hadde høyrt songen begge plassar. Den nynorske omsetjinga er av Ola Martinus Høgasen .

Det er Kringen si omsetjing som mesta uendra blir bruka mest i Noreg den dag i dag, som oftast desse to versa:

Opp, alle jordens bundne trelle!
Opp, I som sulten knuget har.
Nu drønner det av rettens velde:
Til siste kamp der gjøres klar.
Alt det gamle vi med jorden jevner,
Opp, slaver, nu til frihet frem!
Vi intet var, men alt nu evner
Til rydning for vart samfunns hjem.
Sa samles vi pa valen,
Seiren vet vi at vi far.
Og Internasjonalen
Skal fa sin folkevar!
Arbeider, bonde, vare hære
De største er som stevner frem.
Vart arvelodd skal jorden være,
Vi sammen bygge vil vart hjem.
Som av rovdyr er vart blod blitt suget,
Men endelig slar vi dem ned.
Og mørket, som sa tungt oss knuget,
Gir plass for solens lys og fred.
Sa samles vi pa valen,
Seiren vet vi at vi far.
Og Internasjonalen
Skal fa sin folkevar!

Men ≪Internasjonalen≫ finst og i nynorsk versjon, omsett av Ola Martinus Høgasen :

Opp trælar alle no kring jorda!
Opp de som lag i naud og svolt!
Som elding lyser rettferdsorda,
det brest i band og slavebolt.
Ratt og rote opp med rot vi river.
Opp trælar no or naud og skam!
Kring merkestonga tak vi triver:
Fram, kamerat! Til fridom fram!
Til samling da pa valen!
Siger veit vi at vi far!
Og Internasjonalen
skal fa sin folkevar.
Arbeidar! Bonde! Støe, sterke
vi stemner fram om det gjekk seint.
I brodden blakrar ? sja! ? vart merke!
Det manar oss sa raudt og reint.
Eitt er merket, eitt er ogsa malet!
Vi samla slar all urett ned,
og fengselsmørkret, mordarstalet
gir rom for broderskap og fred.
Til samling da pa valen!
Siger veit vi at vi far!
Og Internasjonalen
skal fa sin folkevar.

Etter han var omsett til norsk er Internasjonalen blitt sungen ved mange av arrangementa til arbeidarrørsla her i landet, særleg Første mai og ved landsmøta til dei sosialistiske partia og til fagforbunda i LO . Etter andre verdskrigen har likevel bruken av Internasjonalen variert noko i norsk arbeidarrørsle. Arbeidarpartiet bruka han ikkje pa landsmøta sine i 1949 og 1953, og pa LO-kongressane kom han ikkje tilbake før i 1973. Fleire av forbunda i LO har likevel bruka songen heile tida, og det same har Sosialistisk Folkeparti og etterkommaren Sosialistisk Venstreparti .

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikisource

Originaltekst av Internasjonalen ved Wikisource   (fr) .