Innsjø

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Delar av Aksevatnet i Hyllestad kommune .

Ein innsjø er ei fordjuping i jordoverflata som inneheld vatn . Vanlegvis er fordjupinga fylt slik at det vert danna eit eller fleire utløp . Tilsiget til ein innsjø skjer via nedbør og tilsig fra terrenget ikring, og gjennom innløp fra elver eller bekkar . Utsig skjer ved fordamping , ved at vatnet sig ned i grunnen under innsjøen, og vanlegvis gjennom eit utløp i form av ei elv eller ein bekk.

Mange innsjøar vert kalla vatn (eller vann ), som Snasavatnet i Sør-Trøndelag, Lesjaskogsvatnet i Oppland og Maridalsvannet i Oslo , eller fjord , som til dømes Randsfjorden og Tyrifjorden . Ein mindre innsjø vert ofte kalla tjern (ogsa tjenn , tjønn og tjørn ), som Blatjønn og Kroktjenn (fleire stader i Noreg). Ein enda mindre innsjø vert gjerne kalla dam , som Litldammen (fleire stader i Noreg). Dei minste innsjøene vert ofte kalla pytt (ogsa putt ), som Svartputt (fleire stader i Noreg).

Det er likevel ikkje berre storleiken pa innsjøen som er avgjerande for dei ulike nemningane som vert nytta i namna pa dei. Jamvel eit lite tjern vil kunne ha namn av sjø, som til dømes Øvre Blanksjø (283 moh. ) i Nordmarka i Oslo . Nedre Blanksjø (223 moh.) ikkje langt unna, vil nok dei fleste rekne som eit lite vatn, og det same gjeld Svartkulp (202 moh) rett aust for Sognsvann , som far tilsig av vatn fra Nedre Blanksjø gjennom ein bekk.

Ferskvatn og saltvatn [ endre | endre wikiteksten ]

Innsjøar inneheld normalt ferskvatn , men somme stader har innsjøar innløp fra havet slik at innsjøen inneheld saltvatn . Ein innsjø med saltvatn vert kalla ein saltsjø . Det finst ogsa innsjøar utan innsig fra havet som likevel har eit botnlag av saltvatn. Dette reknar ein med er restar fra landhevinga etter siste istid . Eit døme pa dette er Rørholtfjorden , ein del av Tokke .

Mjøsa er den største innsjøen i Noreg. pa 368?km². Den djupaste er Hornindalsvatnet , som er 514?m djup.

Økologi [ endre | endre wikiteksten ]

Økologar delar innsjøar inn etter kva slags næringstilhøve dei har a tilby. Til vanleg reknar me med næringsrike eller eutrofe vatn og næringsfattige eller oligotrofe vatn . Mesotrofe vatn er ein mellomkategori.

Næringsfattige vatn [ endre | endre wikiteksten ]

Næringsfattige eller oligotrofe vatn inneheld lite næring, og er vanlege m.a. pa granittrik berggrunn i fjellet. Pa grunn av manglande algevokster er det særs god sikt og ganske lite liv i vatna; noko som gjer at dei ved mange høve er særs godt egna som drikkevatn.

Trass i manglande vegetasjon er det likevel ofte mykje oksygen i dei næringsfattige vatna, særleg i botnsjiktet. Her kan det saleis førekoma ein del liv, m.a. fisk som aure .

Næringsrike vatn [ endre | endre wikiteksten ]

Næringsrike eller eutrofe vatn inneheld mykje næring, og har saleis mykje algevokster. Dette fører til uklar sikt og darlegare drikkevasskvalitet enn dei næringsfattige vatna; men og til eit større biologisk mangfald: Den rike bestanden av planteplankton fører til eit større grunnlag for dyreplankton , som igjen fører til eit mangfaldig utval plankton-etande liv. Pa grunn av alt det organiske materialet som samlar seg pa botnen vert dei djupare sjikta av desse vatna derimot mindre oksygenrike enn dei er i næringsfattige vatn.

Den rike plantevegetasjonen rundt dei næringsrike vatna fører med tida ofte til attergroing; at sjøen vert omdanna til myromrade eller stundom tørt land.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]