한국   대만   중국   일본 
iPhone 7 ? Wikipedia Hopp til innhald

iPhone 7

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
iPhone 7
iPhone 7 Plus

iPhone 7 i fargen ≪Jet Black≫
Produsent Apple
Operativsystem iOS
Minne 7 : 2 GB LPDDR4 RAM
7 Plus : 3 GB LPDDR4 RAM
Lagring 32, 128 eller 256 GB
Batteri 7 : 3,80 V 7,45 W·h
(1960 mA·h) Li-ion
7 Plus : 3,82 V 11,10 W·h
(2900 mA·h) Li-ion
Storleik 7 :
Høgd: 138,3 mm
Breidd: 67,1 mm
Djupn: 7,1 mm
7 Plus
Høgd: 158,2 mm
Breidd: 77,9 mm
Djupn: 7,3 mm
Vekt 7 : 138 g
7 Plus : 188 g

iPhone 7 og iPhone 7 Plus er smarttelefonar designa, utvikla og marknadsført av Apple Inc. Dei utgjer den tiande generasjonen iPhone -telefonar og vart annonserte 7. september 2016, i Bill Graham Civic Auditorium in San Francisco av administrerande direktør Tim Cook , og utgjevne i utvalde land den 16. september 2016, som etterfølgjarar til iPhone 6S og iPhone 6S Plus . Apple heldt fram med a lansere telefonen i andre land verda over ut september og oktober 2016. Telefonane vart etterfølgde av iPhone 8 og iPhone 8 Plus den 22. september 2017.

iPhone 7 har ein liknande design som iPhone 6S og iPhone 6 . Ytre endringar som vart introduserte var nye fargevariantar, motstand mot vatn og støv, ein ny kapasitiv og statisk ≪heim≫-knapp, reviderte antenneband og fjerning av 3,5 mm-jackpluggen. Den interne maskinvaren fekk oppgraderingar som ny prosessor, oppgradert kamera og ei ekstra linse eksklusivt for iPhone 7 Plus for betre optiske zoomefunksjonar.

Telefonane fekk blanda mottaking. Fjerninga av utgangen for øyrepluggar og hovudtelefonar var kontroversiell, og nokre kritikarar meinte at endringa var gjort for a fremje lisensiering av den proprietære Lightning-utgangen og sal av Apple sine eigne tradlause høyretelefonar. [1] [2] Apple var og hana av kritikarar for utsegna til Phil Schiller om at ei slik drastisk endring ≪kravde mot ≫. [3]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪iPhone 7 Vs iPhone 7 Plus Review: Should You Upgrade?≫ . Forbes . 21. september 2016 . Henta 6. november 2019 .  
  2. ≪Er vi virkelig klare for a droppe lydutgangen?≫ . DinSide . 29. september 2016 . Henta 22. juli 2019 .  
  3. ≪Apple says it took 'courage' to remove the headphone jack on the iPhone 7≫ . The Verge . 7. september 2016 . Henta 22. juli 2019 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]