한국   대만   중국   일본 
Huldrych Zwingli ? Wikipedia Hopp til innhald

Huldrych Zwingli

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Huldrych Zwingli

Statsborgarskap Old Swiss Confederacy
Fødd 1. januar 1484
Wildhaus
Død

11. oktober 1531 (47 ar)
Kappel am Albis

Yrke teolog , omsetjar , prest , reformator , skribent , predikant
Sprak latin, tysk
Religion kalvinisme
Ektefelle Anna Reinhart
Huldrych Zwingli pa Commons
Huldrych Zwingli

Ulrich Zwingli eller Huldrych Zwingli (fødd  1. januar   1484  i Wildhaus i Sveits , død  11. oktober   1531  i Kappel am Albis ) var ein teolog som vert rekna som grunnleggjaren av den reformerte kyrkja .

Liv og virke [ endre | endre wikiteksten ]

≪Zwingliportal≫ ved Grossmunster i Zurich.

Zwingli studerte i Wien og Basel . Han vart magister i 1506 og byrja same aret a verka som prest i Glarus . Fra 1515 tenestegjorde han i valfartsbyen Einsiedeln og fra 1519 i Grossmunster i Zurich . [1] Han var fra byrjinga tilhengjar av Erasmus , men blei paverka av Luther og utvikla etter 1519 ei reformatorisk oppfatning i samband med studiane sine av Paulus og Augustinus .

I august vart 1519 Zurich raka av ein pestepidemi som drap rundt ein fjerdedel av innbyggjarane. Medan mange flykta fra byen vart Zwingli verande. Han vart pestsjuk i september, og var nær ved a døy. Han skildra seinare den andelege forstainga si av sjukdommen i diktet ≪Pestlied≫.

Maleri av disputasen i 1523.

Zwingli gjorde offentleg opprør mot den katolske læra i 1522, da han ope braut fasten i fastetida . Han hadde ogsa vorte hemmeleg gift med enkja Anna Reinhard tidlegare dette aret, og var open motstandar av dei katolske sølibatreglane for prestar. [1] Etter fleire kranglar med katolikkane let byradet i Zurich halda ein disputas om reformasjonen i 1523. [1] Magistraten anerkjende standpunktet til Zwingli som det rette og reformasjonen vart gjennomført i Zurich . Klostera vart avskaffa og prestane fekk palegg om protestantisk forkynning. I 1525 avskaffa Zwingli bilde , altar , orgel og salmesong i kyrkjene og innførte ei ny gudstenesteordning som skulle byggja pa skriftlesing , bøn og preken med enkel altergang fire gonger i aret. [1] Fra 1525 til 1529 arbeidde han med ei bibelomsetjing som blei til Zurich-Bibelen eller ≪Zwinglibibelen≫.

I 1530 hadde reformasjonen til Zwingli spreidd seg til Bern , Basel , Bodensjø-omradet og Strasbourg . Han lukkast derimot ikkje forsøket i a reformere dei katolske kantonane i Sveits med makt. Zwingli fall i slaget ved Kappeln , der han deltok som feltprest.

Forsøket pa a na eit felles standpunkt med Martin Luther ved religionssamtalane i Marburg (Marburger Religionsgesprache) i 1529 mislukkast pa grunn av usemje om nattverden . Zwingli sag pa nattverden som ei symbolsk handling, medan Luther meinte at Jesus Kristus var til stades i kjøt og blod.

Gjennom Heinrich Bullinger , etterfølgjaren til Zwingli som leiar for kyrkja i Zurich, virka læra til Zwingli vidare og influerte den reformerte teologien, men i mindre omfang enn Jean Calvin .

Verk [ endre | endre wikiteksten ]

  • De vera et falsa religione (Zurich 1525)
  • Amica exegesis (1527)
  • Fidei ratio (Zurich 1530)
  • Christianae fidei brevis et clara expositio ad regem christianum (Zurich 1536)
  • Samtliche Werke (Zurich 1545 u. 1581)

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]

  • Hottinger, Huldreich Zwingli und seine Zeit (Zurich 1842)
  • Tichler, Zwingli, de kerkhervormer (Utr. 1857-58, 2 Bde.)
  • Christoffel, Zwinglis Leben und ausgewahlte Schriften (Elberf. 1857, 2 Bde.)
  • Morikofer, Ulrich Zwingli (Leipz. 1867-69, 2 Bde.)
  • Zeller, Das theologische System Zwinglis (Tubing. 1853)
  • Sigwart, Ulrich Zwingli (Stuttg. 1855)
  • Sporri, Zwingli-Studien (Leipz. 1866)
  • Werder, Zwingli als politischer Reformator (Basel 1882)
  • A. Baur, Zwinglis Theologie (Halle 1885- 89, 2 Bde.)
  • Witz, Ulrich Zwingli, Vortrage (Gotha 1884).
  • Ulrich Gabler, Huldrych Zwingli. Eine Einfuhrung in sein Leben und sein Werk , Evangelische Verlagsanstalt: Berlin 1985.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 ≪Huldreich Zwingli≫ (15. februar 2009), Store norske leksikon . Fri artikkel henta 8. januar 2015.