Hugh Trevor-Roper

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Hugh Trevor-Roper

Fødd 15. januar 1914
Glanton
Død 26. januar 2003
Oxford
Nasjonalitet Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Omrade europeisk historie
Yrke politikar , moderne historikar , historikar , universitetslærar , journalist , essayist , offiser , etterretningsoffiser , kommentator
Institusjonar University of Oxford
Alma mater Christ Church College
Charterhouse School
Belhaven Hill School
Merton College
Ektefelle Lady Alexandra Haig
Medlem Society of Antiquaries of London
British Academy
American Academy of Arts and Sciences
Stubbs Society
Royal Historical Society

Hugh Redwald Trevor-Roper ( 15. januar   1914 26. januar   2003 ) var ein framstaande britisk historikar og professor ved universitetet i Oxford . Spesialfelta hans var tidleg moderne britisk historie og historia til Nazi-Tyskland .

Liv og gjerning [ endre | endre wikiteksten ]

Trevor-Roper var fødd i Glanton i Northumberland i England , der faren var lege. Han vart utdanna i Oxford i klassisk og moderne historie. I 1940 fekk han publisert si fyrste bok, eit verk om William Laud der han utfordra dei radande oppfatningar kring Laud.

Under 2. verdskrigen jobba Trevor-Roper i Secret Intelligence Service , der han ei tid arbeidde med a sikre radiokommunikasjonen, seinare med a dekode meldingar utsende fra den tyske kontraspionasjen, Abwehr .

I 1945 fekk Trevor-Roper i oppdrag a undersøke tilhøva kring Adolf Hitlers død, og motbevise Sovjetunionen sine pastandar om at Hitler var i live og budde einkvan staden hos vestmaktene. Arbeidet sette han i stand til skrive si mest kjende bok, The Last Days of Hitler , der han fylgde Hitler i hans ti siste levedagar. Etter utgjevinga mottok Trevor-Roper dødstruslar fra Stern-banden, som meinte Trevor-Roper la for mykje vekt pa Hitlers karisma, og samstundes hadde friteke det tyske folk.

Hovudtemaene i tidleg europeisk historie var for Trevor-Roper intellektuell vitalitet, religionsstridar og avvik mellom protestantiske og katolske statar, der dei sistnemnde var fragatt av fyrstnemnde bade økonomisk, politisk og konstitusjonelt . Europeisk oversjøisk ekspansjon var ei av fleire fylgjer av desse prosessane. Ekspansjon var eit hovudelement i tidleg moderne europeisk historie. Her sikta han bade til kolonibygginga og den intellektuelle utvidinga med reformasjon, nasjonalistisk tenking og opplysningsideane. Hekseforfylgjingane pa 15-1600-talet sag Trevor-Roper som reaksjon mot den gryande veksten i ulike doktrinar, og som kunne sporast tilbake til striden mellom det fornuftsbaserte verdssynet hevda av Erasmus fra Rotterdam og andre humanistar , retta mot dei andelege verdiane i reformasjonen .

Trevor-Roper uttala at historie ma forstaast som ein kunst og ikkje som vitskap og hevda at førestillingsevna var den største nøkkelevna hos ein historikar. Historia var full av kontingens og forteljinga om fortida var korkje ei om vedvarande framgang eller om forfall, men utslag av hendingar og særleg av personar sine val pa gjeldande tid. Sjølv om Trevor-Roper erkjende sosiale trendar sin innverknad pa historia, var det individuelle handlingar som utgjorde forskjell. Trevor-Roper føretrekte artikkelen framfor boka som medium. I sine artiklar om sosialhistorie i 1950- og 60-ara var han under auka paverknad fra den franske ≪Annales-skulen≫, særleg Fernand Braudel , og gjorde mykje for a introdusere Annales-skulen til engelsksprakleg allmente.

Trevor-Roper fann i disputten mellom puritanar og arminiar den viktigaste grunnen til den engelske borgarkrigen . Usemja dreia seg om saker som fri vilje kontra predestinasjon , om preiker og betydninga av sakramenta , fyrst seinare handla striden om Church of England . Puritanarane ynskte ei desentralisert og meir likeverdig kyrkje med vekt pa lekfolket, medan arminiarane ynskte ei ordna kyrkje med eit fast hierarki med biskopar pa toppen og vektlegging pa guddomleg rett og frelse gjennom den frie viljen.

Som historikar i engelsk historie vart Trevor-Roper særleg berømt for sine disputtar med samtidige historikarar som Lawrence Stone og Christopher Hill . Deira materialistiske forklaringar til den engelske borgarkrigen angreip han med entusiasme. Trevor-Roper gjekk sterkt i møte med kristensosialisten Richard Tawney , Hill og Stone, som la til grunn at den britiske adelen var pa veg oppover økonomisk i hundrearet føre den engelske borgarkrigen. For desse historikarane var dette ein viktig grunn til borgarkrigen i 1642. Trevor-Roper hevda at medan folk i embetsposisjon og sakførarar vart rikare, opplevde den lagare landadelen nedgang, og at det var ei arsak til borgarkrigen. Ei tredje gruppe, J. H. Hexter og Geoffrey Elton, hevda borgarkrigen ikkje kom av korkje.

Trevor-Roper angreip historiefilosofar som Arnold J. Toynbee , marxistiske Edward H. Carr og kollegaen A.J.P. Taylor for deira oppfatningar om grunnane til den andre verdskrigen.

I 1979 vart han adla, og valde tittelen Baron Dacre of Glanton . Han døydde i Oxford i 2003.

Verk pa norsk av og om Trevor-Roper [ endre | endre wikiteksten ]

  • Hitlers siste dager , 1948 og 1966
  • Om hekser og heksejakt , 1968
  • Johan Scharffenberg: Folke Bernadotte og det svenske redningskorps 1945: Trevor-Ropers angrep pa Bernadotte , 1958

Bibliografi [ endre | endre wikiteksten ]

  • Archbishop Laud, 1573-1645 , 1940.
  • The Last Days of Hitler , 1947.
  • Historical Essays , 1957.
  • "The General Crisis of the Seventeenth Century" pages 31-64 from Past and Present , Volume 16, 1959. online [ daud lenkje ]
  • "A. J. P. Taylor, Hitler and the War" sid. 86-96 fran Encounter , Volume 17, juli 1961.
  • Blitzkrieg to Defeat: Hitler's War Directives, 1939-1945 , 1965, 1964.
  • The Rise of Christian Europe , 1965.
  • Hitler's Place In History , 1965.
  • The Crisis of the Seventeenth Century: Religion, the Reformation, and Social Change, and Other Essays , 1967. full text online
  • The Age of Expansion, Europe and the World, 1559-1600 , ed. Hugh Trevor-Roper, 1968.
  • The Philby Affair : Espionage, Treason, And Secret Services , 1968.
  • The Romantic Movement And The Study Of History: the John Coffin memorial lecture delivered before the University of London on 17 February 1969 , 1969.
  • The Plunder Of The Arts In The Seventeenth Century , 1970.
  • Queen Elizabeth's First Historian: William Camden and the Beginning of English "Civil History", 1971.
  • A Hidden Life: The Enigma of Sir Edmund Backhouse , 1976.
  • Princes and Artists: Patronage and Ideology at Four Habsburg Courts, 1517-1633 , 1976.
  • History and Imagination: A Valedictory Lecture Delivered before the University of Oxford on 20 May 1980 , 1980.
  • Renaissance Essays , 1985.
  • Catholics, Anglicans and Puritans: Seventeenth Century Essays , 1987.
  • From Counter-Reformation to Glorious Revolution , 1992.
  • Letters from Oxford: Hugh Trevor-Roper to Bernard Berenson . ed. Richard Davenport-Hines. L.: Weidenfeld & Nicolson, 2006 ( ISBN 0-297-85084-9 ).

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]