한국   대만   중국   일본 
Hubertusburg-traktaten ? Wikipedia Hopp til innhald

Hubertusburg-traktaten

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Hubertusburger Friedens (1763) kor avtala vart signert

Hubertusburg-traktaten ( tysk Frieden von Hubertusburg ) var ein fredsavtale signert 15. februar 1763 i Hubertusburg av Preussen , Austerrike og Sachsen . I lag med Paristraktaten markerte han slutten pa sjuarskrigen og den franske og indianske krigen . Avtalen enda krigen pa kontinentet utan store endringar i landegrensene slik dei hadde vore før krigen starta. Schlesien vart verande prøyssisk og Preussen hadde stige opp mellom stormaktene i Europa.

Austerrike hadde ønskt tilbake den rike provinsen Schlesien, som dei hadde tapt til Preussen i 1748 under den austerrikske arvefølgjekrigen . Dette var den store konflikten som førte til sjuarskrigen. Maria Teresia av Austerrike , erkehertuginne av Austerrike og dronning av Ungarn og Bohmen , fekk støtte fra Russland , Sverige , Sachsen, Spania og Frankrike , med mal om a ga til krig mot Preussen og deira allierte, Storbritannia . Det var kong Fredrik den store av Preussen som likevel gjekk ført til atak og erobra Sachsen i 1756 .

Sjuarskrigen starta i 1756 og Preussen stod imot dei allierte styrkane til Austerrike, Russland, Frankrike og Sverige. I januar 1757 stemde mesteparten av Riksdagen (bortsett fra Hannover , Hessen-Kassel Braunschweig og Sachsen-Gotha ) mot a ga til krig, men Fredrik oppnadde ønsket om a utvide paverknaden, makta og landomrada til Preussen.

Gjennom den første halvdelen av krigen vann prøyssarane det meste. I slaget ved Rossbach den 5. november 1757, slo den prøyssiske armeen ein samla fransk og austerriksk arme. Dei slo austerrikarane i slaget ved Leuthen i 1757 og russarane i slaget ved Zorndorf i 1758. Pa dette tidspunktet kom Sverige inn i krigen og nesten heile Europa stod da imot Fredrik og lukka hans sag ut til a snu seg. I 1759 hadde Aust-Preussen vorte tapt til russarane og Berlin var erobra. Prøyssarane var no desperate.

I 1758 slo ein engelsk-hannoveransk arme, som var allierte av Preussen og kommandert av Ferdinand av Braunschweig , franskmennene og okkuperte byen Munster . I 1759 invaderte austerrikarane Sachsen og dreiv ut prøyssarane.

To viktige hendingar førte til slutt til at prøyssarane igjen dominerte krigen. Den eine var aktiv støtte fra britane og hannoveranarane, som til no hadde vore inneffektive, men som no klarte a kjempe mot Frankrike. Den andre, og meir viktige, faktoren var at Russland og Sverige trekte seg ut av krigen i 1762. Dette skjedde da tsarina Elisabeth av Russland døydde og etterfølgjaren hennar Peter III steig til trona. Han var ein beundrar av Fredrik og signerte raskt ein fredsavtale med prøyssarane. St. Petersburg-traktaten i 1762 gav Preussen attende alle omrada som Russland hadde erobra fra dei. Sverige gjorde fred same aret.

Austerrikarane var no aleine i aust og vart grundig slatt i slaget ved Burkersdorf (juli 1762). Franskmennene hadde og gatt pa fleire smellar. I Amerika hadde dei tapt Louisbourg (1758), Quebec (1759) og nokre omrade i Vestindia . I India hadde britane vunne ved Plassey (1757) og Pondichery (1761) og øydelagd den franske makta her. Til sjøss hadde franskmennene teke Mahon fra britane (1757), men vart slatt av Edward Hawke i Quiberonbukta (1759). Spania kom inn i krigen i 1761, men det var til lite nytte for Frankrike.

Etter langvarige forhandlingar mellom krigsmaktene, vart det til slutt fred mellom Preussen, Austerrike og Sachsen i Hubertusburg og mellom Storbritannia, Frankrike og Spania i Paris. Hubertusburg-traktaten medførte ikkje endringar i landegrensene, men Preussen hadde stige opp som ei europeisk stormakt i løpet av krigen. Med Paristraktaten hadde Storbritannia vorte den leiande kolonimakta i verda.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]