Honore Daumier

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Honore Daumier

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 26. februar 1808
Marseille
Død

10. februar 1879 (70 ar)
Valmondois

Yrke kunstmalar , bygningstegner , karikaturteiknar , bilethoggar , litograf , gravør , illustratør , grafikar , biletkunstnar
Sprak fransk
Ektefelle Alexandrine Dassy
Honore Daumier pa Commons

Honore Daumier ( 26. februar   1808 10. februar   1879 ) var ein fransk malar, grafikar, bilethoggar og karikaturteiknar. Han var ein pioner innan kunstretninga realismen kring midten av 1800-talet.

Liv og gjerning [ endre | endre wikiteksten ]

Daumier var fødd i Marseille . Han skaffa seg kunnskapar om litografisk teknikk og starta med a lage klisjear til musikkforleggjarar og reklameillustrasjonar. Etterkvart leverte han ogsa bokillustrasjonar.

Han vart lagt merke til og fekk i 1831 plass i staben til humorbladet La Caricature , leia av Charles Philipon. I dette bladet starta han med beisk satire a synleggjere eit gradig borgarskap, samt korrupte og udugelege aktørar i alle lag av samfunnet med juridisk og politisk makt.

Gargantua

Daumier sin karikatur av kongen som Gargantua førte til at Daumier sat fengsla i seks manader i 1832. La Caricature slutta kome ut 1835, men før det var Philipon ute med eit nytt blad, Le Charivari . Der heldt Daumier fram med a latterleggjere borgarskapet og tok i bruk sekvensar, slik at ei teikning i ei utgave bygde opp under teikninga som kom i den neste, nær opp til dagens seriestriper. I alt omfattar oversikta over desse litografia 3 958 plater.

Vaskekona ca 1863

Ara 1862-65 konsentrerte Daumier seg om malarkunsten. Stilen i maleria hans var han mykje annleis enn teiknekunsten. Maleria er haldne i mørke, dystre fargetonar. Bilete som Kristus og apostlane hans , Den gode samaritan , Don Quixote og Sancho Panza , Kristus vert spotta , Den innbilt sjuke , Det første bad og Vaskekona viser ulike sider ved ein malar som var oppteken av rett og gale.

Daumier dreiv ogsa som skulptør pa sine eldre dagar. Statuetten Ratapoil , ein karikatur av Napolen III , er den mest kjende.

Malaren Daumier vart lite paakta før han døydde. Rett nok samla galleristen M. Durand Ruel ei utstilling i 1880 som viste at Daumier var pa høgde med dei fremste malarane i samtida. Daumier var da vorten blind og budde i eit lite hus i Valmondois , som Camille Corot hadde stilt til radvelde for han. Der døydde Daumier.

Verkeleg ry som malar fekk han ikkje før ved verdsutstillinga i Paris i 1900.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  • Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon