For hjarter i samband med kortspel, sja
kortfarge
.
Hjarte
|
Illustrasjon: Patrick J. Lynch & C. Carl Jaffe, MD.
|
|
Klassifikasjonar og ressursar
|
---|
MeSH
| D006321
|
Eit
hjarte
eller
hjarta
(
latin
cor
, genitiv
cordis,
fleirtal
corda
) er eit holt,
muskulært
organ
som pumpar
blod
eller andre kroppsvæsker gjennom kroppen ved a gjennomføra stadige rytmiske samantrekningar.
Det finst
krinsløpssystem
utan hjarte (t.d. hos
leddormar
), med eitt hjarte (t.d. hos
kjevemunnar
) og med fleire hjarte (t.d. hos
slimalar
).
Hos dyr som har lukka krinsløpssystem (t.d.
virveldyr
) pumpar hjartet blod gjennom
blodarer
, medan det syter for at all kroppsvæske strøymer gjennom heile kroppen hos dyr som har ope krinsløpssystem (t.d.
leddyr
).
Hos menneske ligg hjartet til vanleg noko til venstre for midten av
brystkassa
(toraks), under
brystbeinet
(sternum). Det ligg i ein sekk kalla
hjarteposen
(perikard), klemt inne mellom høgre og venstre
lunge
. Hjartet kviler mot
mellomgolvet
(diafragma). Hjartet har ein spiss, apeks, denne er normalt vend mot venstre. Hos barn ligg denne spissen høgt, hjartet ligg vassrett, hos vaksne er spissen retta meir nedover.
Hjartet har fire holrom eller kammer: Eitt venstre og eitt høgre
framkammer
(atrium) øvst og eitt venstre og eitt høgre
hjartekammer
(ventrikkel) nedst. Ein skiljevegg (septum) skil høgre- og venstresida av hjartet fra kvarandre. Venstre hjartekammer ligg til dels under og bak høgre hjartekammer. Det har fasong som ein sylinder med ein spiss ende, og tjukke vegger. Høgre hjartekammer har ein trekanta fasong og er falda halvvegs rundt det venstre. Det har tynnare vegger, medan framkammera har enno tynnare vegger.
Høgre hjartekammer pumpar blod til
lungene
, venstre hjartekammer pumpar til resten av kroppen. Klaffar mellom framkammer og hjartekammer syter for at blodstraumen berre gar ein veg. Det er klaffar ogsa ved utløpa fra hjartekammera.
Fra kroppen kjem
blod
med lagt oksygeninnhald inn til høgre framkammer fra dei to store
venene
. Øvre
holvene
(
Vena cava superior
) tømmer armar, overkropp og hovud, nedre holvene (
Vena cava inferior
) tømmer resten av kroppen. Fra høgre framkammer gar blodet gjennom
trikuspidalklaffen
til høgre hjartekammer. Derfra renn det gjennom
pulmonalklaffen
og ut i
lungekrinsløpet
(ogsa kalla det litle krinsløpet eller pulmonalkrinsløpet). Her far blodet tilført
oksygen
fra lungene, motsett veg luftar kroppen ut
karbondioksid
. Det oksygenerte blodet kjem sa attende til hjartet i venstre framkammer gjennom
lungevenene
. Blodet renn ned i venstre hjartekammer gjennom
mitralklaffen
, for sa a bli pumpa ut gjennom
aortaklaffen
og ut i den store
livpulsara
(
aorta
).
Hjartemuskelen si eiga blodforsyning kjem fra høgre og venstre
kranspulsare
(
koronararterie
), som gar av fra livpulsara straks etter hjartet. Dette blodet kjem attende til høgre framkammer gjennon
koronarsinus
(
Sinus coronarius
).
At hjartet kan trekkje seg saman kjem av at veggene er bygde av muskelceller som kan arbeida utan stans og utan a bli slitne ut. Denne typen muskelceller finst berre i hjartet. Veggane har tre lag.
Epikard
er det fyrste eller yttarste og er danna av flate
epitel
-
celler
og
bindevev
. Under dette ligg
myokard
, den eigentlege
muskelen
.
Endokard
er enno eit lag av flate epitel-celler og bindevev, inn mot hjartekammera.
Venstre hjartekammer har meir muskelmasse enn høgre av di han pumpar mot ein høgre motstand, alle kroppens blodarer utanfor lungene. Motstanden i lungekrinsløpet som høgre hjartekammer forsyner er mykje mindre.
Hjartet si oppgave er a pumpe blod rundt i kroppen. Kvart hjarteslag er ei rekkje med hendingar som til saman blir kalla
hjartesykelen
. Kvar sykel har tre hovudtrinn:
Framkammersystole
,
hjartekammersystole
og
hjartets diastole.
Under systolen trekkjer framkammera seg saman og pressar blod inn i hjartekammera. Nar samantrekninga stoggar og framkammera slappar av, søkk trykket i framkammera og blir lagare enn i hjartekammera. Da prøver blodet a renna attende, og trikuspidal- og mitralklaffane lukkar seg. Det er lukkinga av klaffane som lagar den kjende
lyden
av hjartet som slar.
Hjartekammeras systole er og ein samantrekning som driv blodet ut, i dette tilfellet til
krinsløpssystemet
. Ogsa her lukkar klaffane ut, aorta- og pulmonalklaffen, nar pumpekammera utvidar seg.
Til slutt blir hjartet fylt pa nytt nar kammera utvidar seg. Dette blir kalla
diastole
og startar noko tidlegare i framkammera enn i pumpekammera. Diastolen i hjartekammera fell grovt sett saman med systolen i foorkammera.
Hjartemuskelen er
myogen
, det tyder at han sjølv kan stimulera seg til samantrekning. Han er den einaste muskelen i menneskekroppen som kan det, i motsetnad til musklane i skjelettet som treng stimulering fra
nervar
for a trekkje seg saman. Samantrekningane i hjartet startar spontant, sjølv om nerveimpulsar eller hormonpaverknad kan paverka hjartefrekvensen (upresist kalla ≪pulsen≫ pa folkemunne), til dømes ved fysisk slit eller fare.
Rytmen i samantrekningane blir styrt fra
sinusknuten
. Sinusknuten, ogsa kjend som hjartet sin
pacemaker
, ligg i øvre vegg i høgre framkammer og skapar ein elektrisk
impuls
som stimulerer framkammera til a trekkja seg saman (sja
aksjonspotensial
). Nar den elektriske impulsen nar atrioventrikulærknuten (AV-knuten), som ligg øvst i veggen mellom hjartekammera, i overgangen mellom framkammer og hjartekammer, blir han leia ned i
His-bunten
og fører til samantrekning av hjartekammera. Tida det tek for impulsen a na fram til denne knuten fra sinusknuten skaper eit opphald mellom samantrekningane i dei to kammera, og sikrar at kvar samantrekning skjer samstundes i dei to framkammera og ein augneblink seinare i dei to hjartekammera.
Kor ofte hjartet trekkjer seg saman varierer. Hos ein nyfødd unge er alt mellom 80 og 180 samantrekningar i minuttet normalt. Normal kvilefrekvens hos ein vaksen er 50?70, ved hardt arbeide kan frekvensen auke til 200. Samstundes kan slagvolumet auke, sa medan hjartet hos ein vaksen pumpar om lag fem liter i minuttet i kvile kan dette auke til over 25 liter i høg aktivitet.
Det er tre mekanismar som styrer hjartefrekvensen med a verke pa sinusknuten:
- Auke frekvensen
- Minske frekvensen
Dersom sinusknuten mistar evna til a styre hjartefrekvensen, kan AV-knuten overta. Den naturlege frekvensen her ligg lagare enn frekvensen i sinusknuten. His-bunten og
purkinjefibrane
kan ogsa overta som pacemaker. Men her er frekvensen enda lagare enn i AV-knuten.
- Sja og
Hjarte- og karsjukdommar
.
Kardiologi
er den greinspesialiteten innfor
medisinen
som ser pa hjartesjukdommane. I daglegtale snakkar ein ofte ogsa om
barnekardiologi
som eigen greinspesialitet. Det er det ikkje, og bade kardiologar og
barnelækjarar
steller med hjartesjukdommar hos barn. I mellom dei viktigaste hjartesjukdommane er:
- Sja og
Hjartestans
.
Dersom eit menneske har hjartestans (ikkje følbare hjarteslag), bør ein straks starta
hjarte-lungeredning
(munn-til-munn og hjartemassasje).
Virveldyra
sin siste felles
stamart
hadde allereie eit lukka krinsløpsystem med hjarte.
Hjartet var her eit langstrakt organ som hadde fleire holrom etter kvarandre:
Slik er det framleis hos
slimalar
og
niauge
.
Venesekk og hjartekonus deler virveldyra ogsa med
lansettfiskane
.
Slimalar har i tillegg sakalla
aksessoriske hjarte
, ≪hjelpehjarte≫, pa tre skilde stader i kroppen: Eitt par i halen, eitt par i hovudet, og eitt enkelt hjarte i
leverportara
. Desse hjelper med a pumpe det venøse blodet attende til ≪hovudhjartet≫.
Hjartet pumpar det oksygenfattige blodet til gjellene. Etter tilførsel av oksygen gar blodet til heile kroppen.
I stamarten til
kjevemunnane
fekk hjartet ei s-form, ved at venesekken og framkammeret ligg oppa pumpekammeret og hjartekonen, slik at blodet strøymer ≪baklengs≫ mellom for- og hjartekammer. Slik er det hos dei aller fleste
fiskeartane
.
Kjevemunnane sitt hjarte blei utvikla vidare i stamarten til dei
virveldyra
som lever pa land. Det var her det andre framkammeret kom til. Eit slikt hjarte med to framkammer og eit hjartekammer finst framleis hos
amfibia
.
Hjartet pumpar her blanda blod. Det eine framkammeret tek imot oksygenfattig blod fra kroppen og det andre framkammeret oksygenrikt blod fra lungene. Blodet fra begge framkammera blir blanda i hjartekammeret.
Dei andre virveldyra pa land har ikkje berre to framkammer, men og to hjartekammer. Delinga av hjartekammeret skjedde altsa i stamarten til
amiondyr
, men skiljeveggen var ikkje fullstendig. Dette fører med seg at venøst og arterielt blod blir blanda i hjartet. Samtidig med delinga av hjartekammeret blei hjartekrona delt i tre; ein del dannar overgangen til lungearterien, ein annan til den venstre
aortaen
og den siste til høgre aortaen. Denne tilstanden finn vi i dag hos
bruøgla
,
skjelpadder
og
skjelkrypdyr
.
Skiljeveggen i hjartet blei fullstendig lukka to gonger uavhengig av kvarandre innanfor amniondyra: Den eine gongen var i den felles stamarten for
krokodillar
og
fuglar
, og den andre gongen var i stamarten at
pattedyra
. Dermed blei det i begge desse falla lagt til rette for eit fullstendig skilje mellom venøst og arterielt blod. I bade fuglar og pattedyr har dessutan den eine av livpulsarene gatt tapt. Men mens fuglar berre har bevart den høgre livpulsara, er det i pattedyra den venstre livpulsara som er bevart.
Mindre dyr har høgare
hjarterytme
enn større dyr. Likeeins har yngre snøggare hjarterytme enn eldre innanfor same art. Døme pa hjartefrekvens (i slag per minutt):
Andre pattedyr lever stort sett i 1 milliard hjarteslag, medan mennesket lever i 2?3 milliardar slag.
Hjarte finst ikkje berre hos virveldyr og lansettfiskar. Ein finn ogsa hjarte hos armføtingar, blautdyr, kappedyr og leddyr. Hos enteropneustar, foronidar, pigghudingar, pterobrankiar og slimormar finst hjarteliknande strukturar. Desse blir kalla
ampullar
eller
lakuner
, fordi dei først og fremst fungerer som blodreservoar, ikkje som blodpumper. Likevel blir dei ogsa av og til omtala som hjarte. Hos
leddormar
overtek heile ryggara hjartefunksjonen, ved at ho gjennom samantrekningar driv blodet gjennom det lukka sirkulasjonssystemet.
Ein er ikkje viss pa kor ofte hjarte har oppstatt uavhengig i dyra sine
stamtre
. Men i og med at det mest truleg ikkje fanst noko hjarte i den siste sams stamarten for t.d. virvel- og blautdyr, ma hjarte ha oppstatt minst to gonger uavhengig av kvarandre.
I opne sirkulasjonssystem blir blodet kalla
hemolymfe
. Her er det strengt teke ikkje snakk om blod i eigentleg forstand, men ei kroppsvæske med mange ulike bestanddelar.
Hos
blautdyr
bestar hjartet av eit hjartekammer og eit varierande tal framkammer. Talet pa framkammer samsvarar med talet pa gjellene, slik at det finst grupper med eit, to eller fire framkammer. Vener transporterer hemolymfen fra gjellene til hjartet, og to arterier fordeler sa denne oksygenrike hemolymfen i kroppen. Utover dette finst det ikkje arer, dvs. at sirkulasjonssystemet er ope.
Hos
leddyr
er hjartet eit noksa langt organ som strekkjer seg over fleire
segment
.
Sirkulasjonssystemet er ope; vener manglar fullstendig.
I staden for gjennom vener entrar blodet gjennom ≪sprekker≫ i hjartet, sakalla
ostier
.
Det finst eit par ostier per kroppssegment.
Hjartet pumpar sa hemolymfen gjennom arterier til dei ulike kroppsregionane, der arene sluttar. Hemolymfen blir oksygenisert før han kjem til hjartet. Hjartet pumpar altsa arterielt ≪blod≫.
Vare nærmaste virvellause slektningar
[
endre
|
endre wikiteksten
]
Virveldyr blir samanfatta med lansettfiskar og kappedyr til
ryggstrengdyr
.
Lansettfiskane har, som nemnt
over
, eit hjarte som tydeleg liknar pa vart.
Ogsa
kappedyr
har eit hjarte, men dette er ikkje delt i ulike avsnitt.
Dessutan har kappedyra sitt hjarte ein unik eigenskap blant dyr:
Det kan endra retninga av blodomløpet!
Kappedyr vekslar mellom a pumpa blod fra tarmen til gjellene (som hos andre ryggstrengdyr) eller fra gjellene til tarmen.
(Dei same arene fungerer dermed bade som arterier og vener, avhengig av retninga til blodomløpet.)
Ryggstrengdyr blir i sin tur samanfatta med enteropneustar, pigghudingar og pterobrankiar til
deuterostomiar
.
Hos
enteropneustar
,
pterobrankiar
og nokre
pigghudingar
(m.a.
sjøpiggsvin
og
sjøstjerner
) finn ein blæreaktige utvidingar av blodarer, som har hjarteliknande funksjon.
Desse kan trekkja seg saman og dermed transportera blod i kroppen.
Det er likevel usikkert om desse organa er
homologe
med kvarandre og/eller med ryggstrengdyra sine hjarte.
Hos pigghudingar (der organet heiter ≪dorsalblære≫) finst det t.d. ikkje noko sirkulasjonssystem i eigentleg tyding, men eit ≪hemalsystem≫ med arer som sluttar blindt.
Derfor er det tvilsamt og framleis uavklart om desse systema i det heile teke kan samanliknast med vart sirkulasjonsorgan og hjarte.
Hjartet er blodfylt og gjev fra seg puls ein kan kjenna gjennom huda til eit levande menneske. Sterke
kjensler
gjer at det gar fortare og er meir tydeleg til stades for eigaren. Det er ikkje sa rart at det i mange kulturar har vore sett pa som bustaden for
sjela
,
sinnet
og kjenslene. Ein finn døme pa dette mellom anna i
Bibelen
, i læra til
Aristoteles
og hos
stoikarane
.
Leveren
har og vore brukt som eit liknande symbol, medan det i dag er
hjernen
som blir rekna som det viktigaste organet for personlegdom. Hjartet er mest brukt som eit symbol pa
kjærleik
.
Hjartet er mykje brukt som symbol, særleg med den stiliserte hjarteforma
♥
. Det er ikkje kjend kvar denne forma kjem fra. Teoriar spenner fra det sumeriske
kileskriftsymbolet
for '
kvinne
', som hadde ein liknande fasong, til
frøa
fra
Silphium
-planten, som hadde samband med kjærleik og sex i og med at han blei brukt til
prevensjon
og
abortframkalling
. Bilete av dei hjarteforma frøa blei prega pa myntar i den antikke byen
Kyrene
. Andre forklaringar har peikt pa likskapar med ulike (seksuelle) delar av kvinnekroppen, men ein kan ikkje sja heilt bort fra at symbolet ganske enkelt viser til utsjanaden pa det ekte hjartet.
Ein finn stiliserte hjarte som
kortfarge
pa spelkort og som pynt og symbol ei rekke stader, til dømes pa klede, sukkertøy og pa kjærleiksbrev og -kort. Det blir brukt som
ideogram
for ≪elskar≫, til dømes i utsegna ≪
I ♥ New York
≫. I nyare tid har ein og teke i bruk meir anatomiske hjarte som symbol pa slike kjensler.
Ein kan fortsatt snakka om hjartet nar ein meiner kjensler, som a bli ≪varm rundt hjarterøtene≫. A ≪ha hjartet pa rette staden≫ eller vera ≪godhjarta≫ tyder at ein er snill og god, medan a ha eit ≪hjarte av stein≫ tyder at ein ikkje har miskunn.
Ein finn og att hjartet i uttrykk som viser til
sentrum
eller den viktigaste delen av noko, til dømes ≪hjartet av byen≫ eller ≪
Folkestad
er sjølve hjartet i Volda kommune≫. Denne bruken kan minna om den biletlege bruken av
navle
.
Hjartet har spelt fleire roller i ulike religionar. I
egyptisk mytologi
blei hjartet til avdøde vegne mot
fjøra
til
Ma'at
i dødsriket
Duat
. Hjarte som blei funne for lette blei etne opp av monsteret
Ammit
, medan dei andre fekk koma til
Osiris
i
Aaru
.
I
Aztekarriket
og andre
førkolumbiske
mesoamerikanske
kulturar var hjartet ofte ein viktig del av
menneskeofring
. I mange ritual skar ein ut hjartet medan offeret enda levde og tilbaud det til
gudane
, til dømes ved a kasta det pa elden.
Innan
kristendommen
, særleg
katolisismen
, er hjartet eit symbol pa guddommeleg kjærleik for menneskja.
Det heilage hjartet
til
Jesus
(og av og til ogsa
Jomfru Maria
) blir minna med
Jesu hjartefest
i den katolske kyrkja, og Jesus blir ofte framstilt med eit tydeleg hjarte utanpa bringa.
I
hinduismen
finn ein framstillingar av guden
Hanuman
som held open bringa si slik at ein kan sja hjartet hans, der ein finn
Rama
(og i nokre versjonar ogsa
Sita
). Dette biletet kjem fra ei soge om at Hanuman viste fram hjartet sitt for a visa kor trugen han var til den høgare guden Rama.
| Denne artikkelen
treng
referansar
for verifikasjon
.
Du kan
forbetra artikkelen
ved a leggja inn referansar til palitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang a markera dei setningane/pastandane som treng kjeldebelegg ved a tilføya
{{
tr
}}
etter pastanden.
(2023)
|