한국   대만   중국   일본 
Henry Williams ? Wikipedia Hopp til innhald

Henry Williams

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Henry Williams

Statsborgarskap New Zealand, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia
Fødd 11. februar 1792
Gosport
Død

16. juli 1867 (75 ar)
Pakaraka

Yrke misjonær , oppdagar
Religion Den anglikanske kirke
Far Thomas Williams
Mor Mary Marsh
Ektefelle Marianne Williams
Henry Williams pa Commons

Henry Williams (fødd  11. februar   1792  i Gosport i England , død  16. juli   1867  i Pakaraka i Bay of Islands pa New Zealand ) var ein av dei første misjonærane som reiste til New Zealand i den første halvdelen av 1800-talet. Han vart kalla ≪sjøkrigaren≫.

Bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

Williams gjekk inn i marinen 14 ar gammal og tenestegjorde i Napoleonskrigane . Han reiste til New Zealand i 1823 som misjonær. Maorinamnet hans var Te Wiremu Karuwha ('Fireauge-Williams', Henry hadde briller). Den yngre bror hans, William Williams , var ogsa misjonær pa New Zealand. [1] Sjølv om Henry Williams ikkje var den første misjonæren pa New Zealand ? misjonærane Thomas Kendall , John Gare Butler , John King og William Hall hadde kome dit før han ? var han den første ≪som lukkast med misjonsverksemd, delvis fordi dei andre hadde opna opp vegen for han, men mest fordi han var den einaste som var djerv nok, einvis nok og sterk nok til a halda ut, utan tanke pa kva for farar han utsette seg for, eller kva fiendar han fekk≫. [2]

Henry Williams omsette Waitangitraktaten til maori ved hjelp av sonen sin, Edward (1840).

I 1844 vart han innsett som erkediakon (i den anglikanske kyrkja ein stilling direkte underlagt biskopen) i Waimate. [3]

Foreldre og søsken [ endre | endre wikiteksten ]

Henry var son til Thomas Williams og Mary Marsh fra Gosport, dei gifta seg i 1783.

Thomas Williams forsynte den engelske marinen med uniformer . I 1796 flytta Thomas og Mary med dei seks born sine til Nottingham , som pa den tid var det blømande sentrum for den industrielle revolusjonen i East Midlands . [4] Thomas investerte i ein maskin som laga kniplingar . Familien gjorde det godt. I 1802-03 var Thomas ein av dei to kammerherrane i byen, og i 1803?04 var han ein av dei to bydommarane. I 1804 døydde han av tyfus i ein alder av 50, og etterlet seg Mary med fem søner og tre døtrer a ta seg av. [5]

Thomas og Mary Williams hadde ni born, seks (medrekna Henry) som var fødde i Gosport, og tre (medrekna William) i Nottingham:

  • Mary (fødd i Gosport i England 2. mars 1784, død same stad 19. april 1786)
  • Thomas Sydney (fødd i Gosport 11. februar 1786, død i Altona ved Hamburg i Tyskland , 12. februar 1869)
  • Lydia (fødd i Gosport 17. januar 1788, død 13. desember 1859), gifta seg 7. juli 1813 med Edward Garrard Marsh (fødd 8. februar 1783, død 20. september 1862) [6]
  • John (fødd i Gosport 22. mars 1789, død pa New Zealand 9. mars 1855)
  • Henry
  • Joseph William (fødd i Gosport 27. oktober 1793, død same stad i august 1799)
  • Mary Rebecca (fødd i Nottingham i England 3. juni 1795, død i Betlehem i Palestina 17. desember 1858)
  • Catherine (fødd i Nottingham 28. juli 1797, død i Southwell i Nottinghamshire i England 11. juli 1881)
  • William (fødd i Nottingham 18. juli 1800, død i Napier pa New Zealand 9. februar 1878)

Thomas Williams døydde da Henry var elleve ar gammal. William var berre tre ar da.

1806?1815: Ara i marinen [ endre | endre wikiteksten ]

I 1806, da han var 14 ar gammal, gjekk Henry inn i marinen som kadett. [7] Han gjorde teneste pa ulike skip og under fleire orlogskapteinar , og deltok i slaget om København i 1807 da den danske flaten vart teken. Ombord pa ≪Galatea≫ deltok han i trefninga utanfor Toamasina (Tamatave) i 1811, mellom tre engelske fregattar under kommando av kaptein Schomberg, og tre franske skip med overlegen styrke. Williams vart sara, og kom seg aldri heilt etter skadane. Han fekk ein krigsmedalje for innsatsen sin.

Mellom dei seinare tildragingane han deltok i, slost han ombord pa ≪Endymion≫ i aksjonen mot det amerikanske krigsskipet ≪President≫. Da det sistnemnde vart tvinga til a overgje seg, var Williams medlem av eit lite prisemannskap som segla det sterkt skada skipet til hamn, etter a ha kjempa mot ein storm og slatt ned eit mytteri blant dei amerikanske fangane. [8]

I 1815, da freden kom, forlet han flaten med halv løytnantsløn. [9] I ein alder av 23 hadde han vore ≪i Nordsjøen og Austersjøen , langs dei franske og spanske kystane, sør til Kapp Horn , opp austkysten til Madagaskar , over Indiahavet til Mauritius , og nord til kysten av India . Etter a ha tenestegjort i Madras og Calcutta , avslutta han engasjementet sitt i flaten pa oppdrag i amerikanske farvatn pa skipet ≪Endymion≫. [10]

Giftarmal og born [ endre | endre wikiteksten ]

Henry gifta seg den 20. januar 1818 med Marianne Coldham (fødd 12. desember 1793 i Yorkshire i England , død 16. desember 1879 i Pakaraka pa New Zealand . Dei fekk elleve born. [11] :

  • Edward Marsh (fødd 2. november 1818, død 11. oktober 1909)
  • Marianne (fødd 28. april 1820, død 25. november 1919)
  • Samuel (fødd 17. januar 1822, død 14. mars 1907). Han gifte seg med Mary Williams, dotter til William og Jane Williams.
  • Henry (fødd 10. november 1823, død 6. desember 1907) Henry gifta seg med Jane Elizabeth Williams (ogsa ei dotter til William og Jane).
  • Thomas Coldham (fødd 18. juli 1825 19. mai 1912)
  • John William (fødd 6. april 1827, død 27. april 1904)
  • Sarah (fødd 26. februar 1829, død 5. april 1866)
  • Catherine (Kate) (fødd 24. februar 1831, død 8. januar 1902)
  • Caroline Elizabeth (fødd 13. november 1832, død 20. januar 1916)
  • Lydia Jane (fødd 2. desember 1834, død 28. november 1891)
  • Joseph Marsden (fødd 5. mars 1837, død 30. mars 1892)

Misjonsverksemd [ endre | endre wikiteksten ]

Edward Garrard Marsh , mannen til søstera til Henry, Lydia, kom til a spela ei viktig rolle i livet hans. Marsh var medlem av Church Missionary Society (CMS). Henry fekk ei bok av han, The Missionary Register , som handla om arbeidet til misjonærar i fjerne land. Henry fekk spesielt interesse for New Zealand og det innfødde maorifolket der. Henry tilbaud tenestene sine til CMS først i 1819. Han vart først motteken som lekmann , men vart ordinert seinare. [12]

Henry studerte kirurgi og medisin og lærte seg om batbygging . I to ar heldt han pa med teologiske studiar for a verta kvalifisert til Holy Orders (ordinering), [10] og vart ordinert som diakon i ( den anglikanske ) Church of England den 2. juni 1822 av biskopen av London, og som prest den 16. juni 1822, av biskopen av Lincoln. [13]

Den 17. september segla Henry og Marianne og dei tre borna til Sydney i Australia pa fangeskipet ≪Lord Sidmouth≫. I februar 1823 møttest Henry og presten Samuel Marsden i Hobarton, for første gong. Seinare møttest dei i Sydney. I juli 1823 sette dei segl for New Zealand, der Henry slo lag med Marsden pa hans fjerde reise til New Zealand, om bord pa ≪Brampton≫. [14]

Paihia [ endre | endre wikiteksten ]

I 1823 nadde han fram til Bay of Islands og busette seg ved Paihia . Paihia lag nær Kororareka (dagens Russell) , pa den tida kalla ≪helveteshola i Sør-Stillehavet≫, ein busetnad med svært darleg rykte, og som vart oppsøkt av mange kvalfangarar i den delen av Stillehavet .

Misjonærgruppa, som vart plassert her av presten Samuel Marsden, var samansett av svært ulike personar:

  • John King, som var komen dit i 1814. Han var skomakar av yrke, og tilsett som kateket , underviste maoriar i Rangihoua , som lag i nærleiken.
  • James Shepherd, som var plassert i Rangihoua i 1820. Han var ein dugande gartnar som lærde maoriane a dyrka grønsaker og frukt, og a planta tre. Han reiste for det meste kring til dei ulike stammane og underviste dei i den kristne religionen, fordi han skjøna m?orispraket betre enn dei andre misjonærane pa den tida.
  • James Kemp, kom fram 12. august 1819. Grovsmed som underviste dei innfødde ved Kerikeri .
  • George Clarke, var pa staden fra april 1824. Enno ein smed i Kerikeri.
  • William Puckey, [15] tømmermann som var komen fram i 1819.
  • William Fairburn, ogsa tømmermann.
  • Charles David, tømmermann.
  • Richard Davis, bonde, kom hit i mai 1824. Han underviste dei innfødde ved Kawakawa .
  • James Hamlin, som kom i 1826 med William og Jane, tilverka Phormium til tekstil og var vevar.
  • William Spikeman var gjetar [16]
Akvarell mala av Henry Williams av misjonsstasjonen i Paihia

Henry vart snart leiaren pa misjonsstasjonen. Han hadde ei anna tilnærming til misjonærarbeidet enn Marsden. Framgangsmaten til Marsden hadde vore a undervisa i nyttige gjeremal som ei førebuing til evangeliseringa. Denne tilnærminga hadde liten suksess. Dessutan hadde ein ? for a kunna byta til seg tilstrekkeleg med mat ? gjeve etter for presset om a byta med muskettar , den delen av bytehandelen som maoriane viste størst interesse for. Henry konsentrerte seg om a frelsa sjeler. [12] Williams stogga handelen med muskettar. Det førte med seg at misjonsstasjonen ikkje kunne byta til seg mat, og at maoriane vart harme over a verta nekta muskettane. Men snart kunne misjonærane dyrka nok mat til seg sjølve. M?oriane fann etter kvart ut at forbodet mot handel med muskettar var den einaste maten a fa ein ende pa stammekrigane, [2] men det tok si tid. I førstninga var det fleire alvorlege konfliktar og konfrontasjonar med dei innfødde. Ei av dei mest alvorlege hendingane var konfrontasjonen med Tohitapu i februar 1824. [17] [18]

I 1826 vart skonnerten ≪Herald≫ bygd pa stranda ved Paihia. [12] Henry fekk hjelp av Gilbert Mair . Med dette skipet vart Henry betre i stand til a føra tilsyn med misjonsstasjonane og til a vitja meir fjerntliggjande omrade pa New Zealand. Baten forliste i 1828 under innsegling til Hokianga Harbour . [19] Ein av dei første turane med ≪Herald≫ tok Henry til Port Jackson i Australia. Her møtte han den yngre bror sin, William Williams og Jane, kona hans. William, som hadde studert til kirurg , bestemte seg for a verta misjonær pa New Zealand som broren. Dei segla til Paihia ombord pa ≪Sir George Osborne≫, det same skipet som hadde teke William og Jane fra England. [20] William hadde eit talent for a læra maorispraket, og byrja snart a omsetja Bibelen til maori.

Henry Williams hadde ein sterk personlegdom, og dette bidrog til hans veksande mana (autoritet) mellom maoriane. ≪Sjølv om hans evne til a skjøna den innfødde kulturen vart sterkt hemma av den evangeliske kristendommen hans, var staheita hans pa fleire matar ein føremon i arbeidet mellom m?oriane. Fra den første dagen ha kom fram, nekta han a la seg skremma av trugsmal og høgrøysta framferd fra dei≫. [21]

I 1827 kom det til nye trefningar mellom maoristammar. Hongi Hika , ein høvding i iwien Ng? Puhi , medverka sterkt i desse. Han vart sara, og døydde fleire manadar seinare. Henry arbeidde aktivt for a fa til ei fredeleg løysing pa det som trua med a verta ein blodig krig. I tillegg til dette kom om morgonen den 5. januar briggen ≪Wellington≫, eit fangeskip, fra Sydney, pa veg til Norfolk Island . Fangane hadde gjort oppreist og teke kapteinen, mannskapet og passasjerane til fange. Henry overtala kapteinane pa to kvalfangsskip som lag i hamna a ta ≪Wellington≫ attende. Førti fangar kom seg unna. [22]

I 1827 vart seks kapittel av den første Bibelen pa maori gjevne ut. [23]

I 1830 var der ei trefning i Kororareka, stundom omtala som Girls War , [24] som førte til at leiaren i Ng? Puhi, Hengi, vart drepen. Henry prøvde a fa i stand fred. Tohitapu samarbeida den gongen. Da den høgt respekterte presten og misjonæren Samuel Marsden kom til staden, sag det ut som om det radde fred. Men Hengi sine søner, Mango og Kahaka, var ikkje nøgde med stoda. I mars 1831 og mars 1832 fann det stad nye kampar. Henry freista a fa i stand fred pa nytt, men majoriteten av Ng? Puhi heldt fram med offensiven. Da Henry segla attende til Paihia, kom han ut for ein rasande storm. Henry overtok kommandoen over skipet fra kapteinen og redda det [25]

Den 7. februar 1830 vart ein høvding i iwien Ng? Puhi , Rawiri Taiwhanga (1818?1874), døypt som kristen. [26] Han var den første høgtstaande maorien som vart omvend til kristendommen. [27] Dette var ei stor oppmuntring for misjonsarbeidet til CMS, etter som han vart følgd av fleire andre.

I 1833 medverka Henry i forhandlingar om a frigje ein del slavar som var tekne av Ng? Puhi , dei fleste av desse høyrde til Ng?ti Porou fra austkysten.

≪Fra 1830 til 1840 styrte Henry Williams misjonsverksemda med ei vennleg, men fast hand.(...) Og da dei første nybyggjarane fra New Zealand Company gjekk i land ved Wellington i 1839 , gjorde Williams det han kunne for a avvisa dei, fordi han ottast at dei ville overta landet, ved a ta det fra m?oriane, og læra dei gudlause vanar.≫ [2]

Verksemd pa Nordøya [ endre | endre wikiteksten ]

Henry Williams spela ei leiande rolle i a utvida misjonsverksemdene sørover. ≪Han gjorde fleire reiser til andre delar av Nordøya for a sja pa mogelege utvidingar av misjonsverksemda, og han tilrettela oppbygginga av nye misjonsstasjonar. Han sende ut misjonærar for a arbeida fleire stadar i Waikato i 1830-ara. Broren William flytta til Turanga i Poverty Bay pa slutten av tiaret, og det vart starta misjonsverksemd sa langt sør som Otaki ≫. [21]

Waitangitraktaten [ endre | endre wikiteksten ]

Henry Williams spela ei viktig rolle i utforminga av Waitangitraktaten i 1840 . Saman med sonen sin omsette han det engelske traktatutkastet til maori.

I omsetjinga nytta han ein dialekt som vart kalla ≪misjonærmaori≫, som ikkje var det tradisjonelle maorispraket, men som hadde vorte ≪konstruert≫ av misjonærane. Maoriane var derfor forvirra over noko av ordbruken. Eit døme pa dette i traktaten er nemninga kawanatanga (overherredøme), eit laneord som ein trur Williams har omskrive fra engelsk. Ordet viste seg i maorispraket for første gong i traktaten, og somme meiner enno at dette ordet var eit ueigna val.

Henry Williams var og involvert i a forklara traktaten for maorileiarar, først under møta med William Hobson i Waitangi , men ogsa seinare da han reiste omkring for a overtala andre maorileiarar til a underteikna traktaten.

Hans medverknad i desse drøftingane førte han ≪inn i ei stadig aukande ukomfortabel rolle som meklar mellom to rasar≫. [21]

Avskil fra tenesta og rehabilitering [ endre | endre wikiteksten ]

I 1844 utnemnde den første anglikanske biskopen pa New Zealand, George Augustus Selwyn , Williams til erkediakon av Waimate .

I 1845 kom George Grey til New Zealand som guvernør . Han møtte alvorlege oppstandar i nord. I løpet av 1830-ara hadde Henry Williams kjøpt vidstrekte landomrade for a skaffa tryggleik for den veksande familien sin. Grey skulda han no for a vera landspekulant, og ? med urette ? at mykje av vanskane i nord kom av landeigedomane til misjonærane i CMS. Biskop Selwyn tok parti med Grey, og i 1849 vedtok CMS a gje Henry avskil fra tenesta. [28]

Henry flytta til Pakaraka . Her dyrka borna hans det landet som var arsaka til vanskane hans. Han heldt likevel fram med misjonsarbeidet sitt og heldt gudstenester. I 1854 vart han sett inn att i CMS. [21]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Fotnotar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Gillies 1998, s. XI
  2. 2,0 2,1 2,2 Mitcalfe 1963, s. 34.
  3. Evans 1992, s. 21
  4. Gillies 1998; Evans 1992 (s. 15) opplyser at Thomas flytta til Nottingham i 1794.
  5. Gillies 1998, s. 18; Evans 1992 (s. 15) fortel at han fekk borgarskap i 1796
  6. Evans 1992, p. 15
  7. Om Henry Williams i Te Ara Encyclopedia of New Zealand
  8. Carleton 1874, pp. 13?14.
  9. Henry Williams i Te Ara Encyclopedia of New Zealand .
  10. 10,0 10,1 Gillies 1998, s. 8.
  11. Evans 1992, s. 19
  12. 12,0 12,1 12,2 ≪Henry Williams≫ ( RTF ) . The Anglican Church in Aotearoa.  
  13. Carleton 1874, s. 18.
  14. Carleton 1874, s. 91?123.
  15. William Puckey var far til William Gilbert Puckey , som skulle verta misjonær
  16. Gillies 1998 , s. 27/8
  17. Williams, GE (2001). ≪The Trail of Waitangi: Tohitapu and a Touch of Makutu≫ . Early New Zealand History: Covering the Introduction of Civilization, the Gospel, Treaty etc. to New Zealand . Henta 5. april 2011 .  
  18. Gillies 1998, s. 9f.
  19. Evans 1992, s. 21. Eit bilete av skonnerten finst pa det newzealandske 5 cent-frimerket fra 1975. Sja og: Crosby 2004, s. 27
  20. Gillies 1995, p. 24
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 Fisher 2007
  22. Gillies 1995, p. 29-34
  23. Gillies 1995, p. 48
  24. Smith, S. Percy ? Maori Wars of the Nineteenth Century. Christchurch 1910. online at NZETC
  25. Gillies 1995, s. 35?44, sja og Williams 1867, s. 109-111
  26. Orange, Claudia & Ormond Wilson. 'Taiwhanga, Rawiri fl. 1818 ? 1874' . I: Dictionary of New Zealand Biography , oppdatert 22. juni 2007
  27. Missionary Impact > 'A high profile conversion' , Museum of New Zealand Te Papa Tongarewa
  28. Mitcalfe 1963, s. 35

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]

  • Carleton, Hugh (1874) ? The life of Henry Williams, Archdeacon of Waimate . Auckland NZ. Online available fra Early New Zealand Books (ENZB).
  • Crosby, Ron (2004) ? Gilbert Mair, Te Kooti's Nemesis . Reed Publ. Auckland NZ. ISBN 0790009692
  • Evans, Rex D. (compiler) (1992) ? Faith and farming Te huarahi ki te ora; The Legacy of Henry Williams and William Williams . Published by Evagean Publishing, 266 Shaw Road, Titirangi, Auckland NZ. ISBN 0908951167 (soft cover), ISBN 0908951175 (hard cover), ISBN 0908951183 (leather bound)
  • Fitzgerald, Caroline (2004) - " Letters from the Bay of Islands ". Sutton Publishing Limited, United Kingdom; ISBN 0750936967 (Hardcover). Penguin Books, New Zealand, (Paperback) ISBN 0143019295
  • Gillies, Iain and John (1998) ? East Coast Pioneers. A Williams Family Portrait; A Legacy of Land, Love and Partnership . Utgjeven av The Gisborne Herald Co. Ltd, Gladstone Road, Gisborne NZ. ISBN 0473051184
  • Mitcalfe, Barry (1963) ? Nine New Zealanders . Christchurch NZ. Kapittelet: 'Angry peacemaker: Henry Williams ? A missionary's courage wins Maori converts' (p. 32 - 36)
  • Fisher, Robin ? Williams, Henry 1792 - 1867 i Dictionary of New Zealand Biography (DNZB), oppdatert 22. juni 2007
  • Williams, William (1867) - Christianity among the New Zealanders . London. Onlineversjon fra ENZB.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]