한국   대만   중국   일본 
Henry David Thoreau ? Wikipedia Hopp til innhald

Henry David Thoreau

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Henry David Thoreau

Statsborgarskap USA
Fødd 12. juli 1817
Wheeler-Minot Farmhouse
Død

6. mai 1862 (44 ar)
Concord i Massachusetts

Yrke lyrikar , filosof , essayist , sjølvbiograf , dagbokskrivar , omsetjar , skribent , antislaveriaktivist , naturvitar , økolog , miljøvernar
Sprak engelsk
Sjanger transcendentalisme
Religion unitarisme
Far John Thoreau Jr.
Mor Cynthia Dunbar
Signatur
Henry David Thoreau pa Commons

Henry David Thoreau ( 12. juli   1817 6. mai   1862 ) var ein USA-amerikansk forfattar, natur- og samfunnsfilosof. Han var fødd i Concord i Massachusetts og døydde same stad.

Liv og virke [ endre | endre wikiteksten ]

Thoreau var son av ein blyantfabrikant og studerte fra 1833 til 1837 ved Harvard-universitetet. Deretter underviste han i kort tid ved Concord Academy, men vart oppsagd da han avslo a straffe elevane korporleg.

I 1838 starta han og broren John eigen privatskule i heimbyen. Da broren vart plaga og seinare døydde av ein skjelettsjukdom, vart skulen stengd. Ved desse leite vart Thoreau kjend med poeten og unitar-leiaren Ralph Waldo Emerson . Ara 1841-43 budde og arbeidde Thoreau tidvis (med ulike gjermal) heime hos Emerson.

Paverka av Emerson utvikla Thoreau særeigne synspunkt pa tidsanda og samfunnsskipnaden. Mellom anna kritiserte han den moderne materialismen. Kritikken fylgde han mellom anna opp med handling. Den 4. juli 1845, pa den amerikanske sjølvstende-dagen, flytta Thoreau til ei sjølvbygd tømmerhytte nær ved Concord. Hytta lag ved Walden-vatnet , pa grunn eigd av Emerson. Her levde Thoreau fram til 6. september 1847 heilt aleine. Men ikkje avsondra fra samfunnet elles.

Walden fra 1854.

Boka Walden. Or life in the woods (norsk Walden: Livet i skogene ), som kom ut 1854, er ei litterær handsaming av opplevingar og erfaringar gjennom det drygt to ar lange opphaldet ved Walden-vatnet. Dels er verket ei skildring av forfattarens enkle liv ved vatnet og i naturen, dels er det eit grunnsøk i menneskets andelege og sosiale praksis. Boka vann lite atgaum, men er i dag rekna som eit klassisk verk innanfor USA-amerikansk litteratur .

I juli 1846 vart han kravd for seks ar utestaande koppskatt . Thoreau nekta a betale skatten. Han grunngav dette med at han ikkje ville understøtte den USA-amerikanske regjeringa, korkje med omsyn til slaveriet eller med den ekspansive Mexico-krigen . Kring 24. juli vart han fengsla, men vart sleppt ut etter eit døgn i fangenskap. Ei tante hadde betalt skulda, mot Thoreau sin vilje.

Sterkt paverka av opphaldet i fengslet forfatta Thoreau essayet Resistance to Government (trykt i 1849), seinare best kjent under nemninga Civil Disobedience . Essayet har fatt status som eit standardverk og har gitt namn til omgrepet sivil ulydnad . Ideane om a fylgje sitt samvit og passiv (valdsfri) motstand mot ein urettvis stat, tente som inspirasjonskjelde for politiske og sosiale aktivistar og reformatorar som Leo Tolstoj , Mahatma Gandhi og Martin Luther King jr.

Fra 1849 tente Thoreau til livsopphaldet sitt som vekselvis landmalar, foredragshaldar og han arbeidde pa familiens blyantfabrikk.

I 1857 vart han kjend med den militante slaverimotstandaren John Brown . Denne og hans tilhengarar førte ein privat, valdeleg kamp mot slaveriet: Brown vart for dette hengd i 1859 . Sjølv om Thoreau heldt pa og føretrekte valdsfri motstand, uttrykte han i skrift og dikt stor respekt for John Brown, som han fann likna Jesus Kristus .

Thoreau hadde fatt føling med tuberkulose i 1835. I 1859 vart han bronkittsjuk etter ein tur til skogs. Dei siste tre ara han levde var han mykje sengeliggjande.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Henry David Thoreau