Heilage tysdag

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Fra eit opptog i Ceuta pa heilage tysdag.

Heilage tysdag eller store tysdag ( gresk Μεγ?λη Τρ?τη, Megale Trite) ) er tysdagen i den stille veka eller veka før paske i kristendommen .

Austleg kristendom [ endre | endre wikiteksten ]

Likninga om dei ti brudejentene (fra Rossano-evangelia ).

I orthodoks kristendom , den armenske apostoliske kyrkja og i orientalske katolske kyrkjer som følgjer bysantinsk ritus blir dagen kalla ≪store tysdag≫ eller ≪store og heilage tysdag≫. Denne dagen markerer ein Likninga om dei ti brudejentene (Mat. 25:1-13). Dette vidarefører tema for den stille veka om a vera arvaken og om Kristus som brudgom. Likninga om talentane (Matt. 25:14-30) blir ogsa teken opp i salmesong denne dagen. [1]

Ottesonggudstenesta fra mandag til onsdag i den stille veka er kjend som brudgomgudstenesta eller brudgombøna, noko som blir uttrykt i ein troparion ein messer ved byrjinga. Eit ikon av Kristus brudgom, kledd i lilla kappe med tornekrone pa hovudet, blir plassert pa ein analogion i midten av tempelet.

Gjennom dei tre kvardagane av den stille veka les ein heile teksten av dei fire evangelia, med ein stopp ved Joh. 13:31. Tekstane kan delast inn pa ulike vis, men pa tysdagen les ein gjerne andre del av Markusevangeliet og to tredelar av Lukasevangeliet. [2] Ved den sjette timen les ein ogsa Esekiel 1:21-2:1.

Vestleg kristendom [ endre | endre wikiteksten ]

Video fra ein prosesjon i Valladolid .

I den katolske kyrkja les ein Jesaja 49:1-6, Salmane 71:1-6 og 71:17, Første Korintarbrev 1:18-31 og Joh. 13:21-33 og 13:36-38.

Revised Common Lectionary , fastsetjinga av prekentekstar brukt i mange anglikanske , metodistiske , lutheranske , gammalkatolske og reformerte kyrkjer , [3] har Jesaja 49:1-7, Salmane 71:1-14, Første Korintarbrev 1:18-31 og Joh. 12:20-36 som bibeltekstar for denne dagen. [4]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Kallistos (Ware), Bishop ; Mary, Mother (1978), The Lenten Triodion , South Canaan PA: St. Tikhon's Seminary Press (publisert 2002), s. 59?60, ISBN   978-1-878997-51-7  
  2. Kallistos 1978 .
  3. Holmes, Stephen Mark (1 October 2012). The Fathers on the Sunday Gospels (pa engelsk). Liturgical Press. s. 22. ISBN   9780814635100 . ≪The Revised Common Lectionary has been subsequently adopted by many English-speaking Protestant denominations such as the Church of Scotland and various Methodist, Lutheran and Reformed Churches. It has also been adopted by some Old Catholic Churches and is widely used throughout the Anglican Communion, for example by the Church of Ireland, Scottish Episcopal Church, Church in Wales the Episcopal Church (USA) and the Anglican Churches of Canada, Australia, Aotearoa/New Zealand and Polynesia, Melanesia, the West Indies, Central Africa, and Southern Africa. In the Church of England the two-year Sunday Lectionary of the Alternative Service Book 1980 was replaced in 2000 by an adapted version of the Revised Common Lectionary in Common Worship .≫  
  4. ≪Year A - Holy Week : Revised Common Lectionary≫ (pa engelsk). Vanderbilt University Divinity School . Henta 22. mars 2016 .