Heard- og McDonaldøyane
(
HIMI
;
Heard Island and McDonald Islands
) er ei vulkansk øygruppe heilt sør i
Indiahavet
, like nord for grensa til
Sørishavet
. Øyane høyrer til
Australia
, men er folketomme. Øygruppa har lege pa
UNESCO si verdsarvliste
sidan 1997.
Gruppa dekkjer i alt 372 km² og har ei kystlinje pa i alt 101,9 km. Dei vart oppdaga midt pa 1800-talet og har vore ein del av Australia sidan 1947. Dei einaste to aktive
vulkanane
i Australia ligg pa desse øyane. Toppen av den eine,
Mawson Peak
, er det høgaste punktet i dei australske omrada. Øyane ligg pa
Kerguelenplataet
i
Indiahavet
.
Øyane er av dei mest fjerntliggande stadane pa jorda og ligg kring 4099 km sørvest for
Perth
i
Vest-Australia
,
[1]
3845 km sørvest for
Cape Leeuwin
i
Australia
, 4200 km søraust for
Sør-Afrika
, 3830 km søraust for
Madagaskar
, 1630 km nord for
Antarktis
og 450 km søraust for
Kerguelen
.
[2]
Øygruppa har eit rikt plante- og dyreliv, m.a. finst det store mengder sel her. Det er ikkje blitt bygt noka skipshamn pa øyane, sa alle skip ma kasta anker ute i sjøen. I nærleiken av øyane finst ei stor mengd med skipsvrak.
Heardøya er den klart største i øygruppa med 368 km² og er ei forblast og fjelldominert øy som ved
53°06′00″S
73°31′00″E
/
53.10000°S 73.51667°E
/
-53.10000; 73.51667
. Fjella er dekte av isbrear og i alt er 80 % av øya isdekt
[3]
).
Mawson Peak
, med ei høgd pa 2745 meter over havet, dominerer øya. Fjellet er ein høg
kompleks vulkan
som dannar ein del av
Big Ben
-massivet. Eit satelittbilete fra juli 2000 synte ein 2 km lang og 50-90 meter lang aktiv lavastraum som rann sørvestover fra toppen av Big Ben.
Mawson Peak er ein av berre to aktive vulkanar i australsk territorium og den andre er McDonaldøya. Det er og det høgaste australske fjellet (høgare enn
Mount Kosciuszko
) og berre fjell i
Australsk Antarktis
.
[4]
Ei lang tynn, sand- og grustunge kalla
Elephant Spit
, strekkjer seg utover fra austenden av øya. Det er ei lita gruppe holmar og skjer kring 10 km nord for Heardøya, som bestar av Shag Islet, Sail Rock, Morgan Island og Black Rock. I alt dekkjer dei 1,1 km².
McDonaldøyane ligg 44 km vest for Heardøya ved
53°02′20″S
72°36′04″E
/
53.03889°S 72.60111°E
/
-53.03889; 72.60111
. Øyane er sma og berglendte. I 1980 bestod dei av McDonaldøya (186 m høg), Flat Island (55 m høg) og Meyer Rock (170 m høg). I alt dekte dei 2,5 km², der McDonaldøya var 1,13 km² stor.
Vulkanen pa McDonaldøya var sovande i 75 000 ar, men vart aktiv att i 1992 og har hatt fleire utbrot sidan den gong. Eit satellittbilete fra 2004 synte at McDonaldøya hadde vokse saman med Flat Island og generelt vorte dobbelt sa stor som i 1980. Som følgje av den vulkanske aktiviteten mellom november 2000 og slutten av 2001 vart arealet til McDonaldøya 2,45 km² og den høgaste toppen var no minst 230 meter høg.
[5]
Vulkanen øydela derimot nesten all vegetasjon pa øya.
[6]
Det siste utbrotet trur ein var 10. august 2005
Heardøya og McDonaldøyane har ingen hamner sa skip ma ankre opp utanfor øyane. Kystlinja er 101,9 km og Australia har gjort krav pa ei 12 nautisk mil stort territorialfarvatn og ei 200 nautisk mil stor eksklusiv fiskesone.
[3]
Øyane har
polarklima
, men temperert pa grunn av plasseringa i havet. Veret er prega av sma temperatursvingingar mellom arstidene og gjennom døgnet, og øyane har som regel eit lagt skydekke med ein god del nedbør og kraftig vind. Dei manadlege middeltemperaturane ved Atlas Cove nordvest pa Heardøya varierer fra 0.0 °C til 4.2 °C, med ein døgnleg variasjon pa 3,7 °C til 5,2 °C om sommaren og -0,8 °C til 0,3 °C om vinteren. Vindane er hovudsakleg vestleg og kraftig. Ved Atlas Cove varierer den manadlege normale vindstyrken i snitt mellom 7 til 9 m/s. Ein har malt vindkast pa 50 m/s. Den arlege normalnedbøren pa Heardøya er kring 1300 til 1900 mm og det kjem regn eller snø 3 av 4 dagar.
[7]
Den britiske selfangaren Peter Kemp skal ha vore den fyrste som fekk sja Heard Island. Dette skjedde i 1833. Tjue ar seinare fekk øya namn etter ein amerikansk selfangar, John Heard, som oppdaga øya den 25. november 1853 pa veg fra
Boston
til
Melbourne
. Seks veker seinare, den 4. januar 1854 oppdaga kaptein William McDonald øygruppa som har fatt namn etter
han
.
[8]
Øyane vart opphavleg underlagt
Storbritannia
.
I 1855 gjekk menneske i land pa Heard Island for fyrste gong, og det vart starta ei intensiv seljakt fram til 1880. I denne perioden var det ei gruppe amerikanske selfangarar busette seg pa Heard Island eitt ars tid, der dei budde i sma, mørke hytter. Pa det meste bestod dette samfunnet av 200 menneske. I 1880 var mesteparten av selen utrydda fra øya, og selfangarane forlet øygruppa. Ein reknar med at det vart produsert om lag 100 000 tynner med
elefantselolje
i denne 25-arsperioden.
I 1947 gav Storbritannia øygruppa til
Australia
. Ingen hadde greidd a stiga i land pa McDonald Island før i 1971, da dei australske forskarane Grahame Budd og Hugh Thelander landa her ved hjelp av
helikopter
.
[9]
[10]
- ↑
Cocky Flies, Geoscience Australia
, arkivert fra
originalen
24. desember 2008
, henta 16. oktober 2012
- ↑
Distance Between Cities Places On Map Distance Calculator
- ↑
3,0
3,1
CIA World Factbook.
- ↑
≪Highest Moutanins≫
.
Geoscience Australia
. Henta 16. oktober 2012
.
- ↑
≪McDonald Islands≫
. Wondermondo.
- ↑
≪Heard Island & McDonald Islands, Location & Geography≫
. Australian Government Department of Sustainability, Environment, Water, Population and Communities, Australian Antarctic Division
. Henta 16. oktober 2012
.
- ↑
HIMI official website.
- ↑
Mills, William James (2003).
Exploring Polar Frontiers: A Historical Encyclopedia
.
ISBN
9781576074220
.
- ↑
Cerchi, Dan (1 August 2009).
≪SIOE 2002: Heard I. & The McDonald Is≫
.
www.cerchi.net
. Arkivert fra
originalen
26. april 2012.
- ↑
≪Gazetteer ? AADC Name Details ? Australian Antarctic Data Centre≫
.
Australian Antarctic Data Centre
. Arkivert fra
originalen
6. april 2011
. Henta 29. mars 2016
– via
Internet Archive
.
Australske delstatar og territorium
|
---|
Delstatar
| | |
---|
Interne territorium
| |
---|
Eksterne territorium
| |
---|