한국   대만   중국   일본 
Hans Ross ? Wikipedia Hopp til innhald

Hans Ross

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Hans Ross

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. april 1833
Mandal kommune
Død

16. juli 1914 (81 ar)
Christiania

Yrke lingvist , filolog

Hans Matthias Elisæus Ross ( 14. april   1833 16. juli   1914 ) var ein norsk teolog , ordbokredaktør , nynorskforkjempar og statsstipendiat fra Holum i Mandal .

Ross var presteson vart student i 1849 og cand.theol. i 1852. Han arbeidde som lærarvikar, studerte tysk i Tyskland i 1856-1857, engelsk i England 1859-1860 og underviste i sprak ved skular i Christiania.

Etter sitt fyrste møte med Ivar Aasen i 1857, fann Ross si livsoppgave i a vidareføre og utvide Aasens ordboksverk. Fra 1867 til 1888 samla han ordtilfang, og han la vekt pa a dokumentere orda i sin kontekst av setningsbygning og grammatikk. Hans hovudverk Norsk ordbog , tillæg til Norsk ordbog av Ivar Aasen , kom ut i hefte fra 1890 til 1895 med supleringshefte i 1902 og 1910.

Dialektprøvene til Ross vart publiserte som Norske bygdemaal i 17 band, 1905 - 1909. Det malpolitiske programmet hans kom til uttrykk mellom anna i Maalreisningen her hjemme, belyst fra utlandet (1878) og i Race. Nation. Sprog (1909).

Ross vart statsstipendiat i 1877, etter a ha hatt stipend nokre ar før. Han var medlem av Vitenskapsakademiet fra 1892. Han var med og skipa Det Norske Samlaget i 1868 og var æresmedlem fra 1897. Han var ugift.

I 1934 vart Hans Ross' gate pa Ila i Oslo oppkalla etter han.

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]

  • Kjell Venas i Norsk biografisk leksikon
  • Torleiv Hannaas ≪minneord≫ i For bygd og by, 1915 ( fulltekst )