Hanoi
er
hovudstaden
i
Vietnam
. Byen ligg ved
Den raude elva
, og har omkring 3 500 800 innbyggjarar (
1997
), av dei 1 320 000 innanfor bygrensene.
Hanoi er og hovudstad for den administrative regionen
Dong Bang Song Hong
.
Hanoi blei hovudstad i Vietnam allereie pa 600-talet. Det eldre namnet đong Kinh, som er ei forvansking fra kinesisk, blei i sin tur forvanska til
Tonkin
, som av europearar blei brukt om heile regionen. I
1873
blei Hanoi tatt av
franskmennene
. Etter
1887
blei byen hovudstad i Fransk
Indokina
.
Byen blei okkupert av
japanske
styrkar i 1940. Etter frigjeringa i 1945 blei han sete for den vietnamesiske regjeringa, som aret etter blei anerkjend av
Frankrike
som regjering for eit autonomt Vietnam innanfor
Den franske unionet
. Kampane mellom den nasjonale rørsla
Viet Minh
og franske styrkar, etter at Frankrike likevel ikkje ville godta vietnamesisk sjølvstende, blei leidde fra Hanoi, og det var ved fleire høve harde kampar der mellom 1946 og 1954. Det aret blei Vietnam anerkjent som sjølvstendig av Frankrike etter det franske militære nederlaget ved
Dien Bien Phu
, og Hanoi blei hovudstad i den
kommunistiske
staten.
Under den amerikanske
Vietnamkrigen
blei Hanoi bomba ei rekkje gonger, bade taktisk bombing av bruer, jernbaneliner og industriomrade, og sakalla strategisk teppebombing. Øydeleggingane blei normalt reparerte nesten med ein gong. I den vestlege verda var Hanoi pa denne tida for mange eit symbol pa kommunismen sin frammarsj, og tilhengarar av
USAs
intervensjon i Vietnam brukte slagordet ≪Bomb Hanoi≫ under motdemonstrasjonar da
venstresida
demonstrerte til støtte for den sør-vietnamesiske frigjeringsrørsla
FNL
.
2. juli 1976, 15 manader etter at den sørlege hovudstaden
Saigon
fall, blei Nord-Vietnam og
Republikken Sør-Vietnam
sameinte, og Hanoi blei hovudstad for Den sosialistiske republikken Vietnam.
Vietnams nasjonaluniversitet
, tidlegare Universitetet i Hanoi, ligg i byen. Ein finn og
Ho Chi Minhs
mausoleum, Det nasjonale historiske museet, Revolusjonsmuseet og fleire historiske monument.