Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Halakha
(
hebraisk
???????
h?l?kh?
) er
jødisk
religiøs lov etter
rabbanittisk-jødisk
tradisjon. Grunnlaget for halakhaen er
Toraen
(dei fem mosebøkene) med sine
613 bod
og fortolkinga av desse i
Misjna
. Etter
rabbanittisk
tradisjon er det
613
bod i Toraen. Nokre av desse boda er retta utelukkande eller hovudsakleg mot menn eller kvinner; nokre berre til
kohanim
(kohanittar, prestefamiliar) og
leviim
(levittar, tempeltenarfamiliar); nokre berre til dei som driv
landbruk
innanfor landet
Israel
; og mange galdt berre da
Tempelet i Jerusalem
stod. Slik er det under 300 av dei 613 boda som faktisk er bindande i dag.
Mens ein del jødiske og andre israelittiske grupper har hevda at den skriftleg overleverte
Toraen
er den einaste autoritative kjelda til jødisk lov (slik som
sadukkearane
og
karaittane
, og og
samaritanarane
), held den største gruppa av jødar, dei
rabbanittiske
jødane, pa trua om at det og finst ein autoritativ
munnleg lov
. Desse munnlege tradisjonane vart traderte av
farisearane
under tida at det andre Tempelet stod og vart seinare skrivne ned i
Misjna
og kommentert, kritisert og utvida av seinare generasjonar av jødiske lærde.
Rabbanittisk jødedom har alltid halde pa at bøkene i
Tanakh
&mdash' og kalla ≪den skriftlege Toraen≫ ? alltid har vorte tradert saman med ≪
den munnlege Toraen
≫. I forsvar for denne tolkinga peikar tradisjonelle rabbanittiske jødar gjerne pa at det i sjølve
torateksten
er mange udefinerte ord og mange nemnde prosedyrar som ikkje har forklaring eller framgangsmate i grunnteksten. Dette, argumenterer dei, tyder at lesaren er venta a kjenne desse detaljane fra den andre, munnlege versjonen. Denne parallelle tradisjonen var opphavleg berre munnleg tradert og kom dermed til a bli kjend som ≪
den munnlege Toraen
≫.
Ved
rebbi
Jehuda hannassi
(kring
200
evt.) si tid, etter Jerusalems øydelegging, vart mykje av dette materialet skrive ned og redigert saman i det som kom til a bli kjent som
Misjna
. Over dei neste fire arhundra kom denne nedskrivne lovkoden til a bli diskutert, debattert og kommentert i bae hovudsentera for jødedommen pa den tida ?
Israel
og
Babylon
(det noverande
Irak
), og kommentarane til
Misjna
fra desse to samfunna kom til a bli redigerte saman i kvar si skriftsamling ?
Talmud jerusjalmi
og
Talmud babli
. Desse att har vorte utlagt med kommentarar fra mange toralærde gjennom arhundra.
Rabbinsk halakha, eller det tradisjonelle rammeverket for rabbanittisk-jødisk liv, er altsa basert pa ein kombinasjon av studium av den skriftlege
Toraen
pa den eine sida og
den munnlege Toraen
, det vil seie
Misjna
, halakhisk
medrasj
og
Talmud
med sine kommentarar, pa den andre. Halakhaen har utvikla seg sakte, gjennom eit
presedensbasert
system. Litteraturen av spørsmal til toralærde og dei nøye overveide svara deira blir kalla
responsa
(pa hebraisk ????????? ???????????? [??’?l?t ut???ot]). Over tid, etter som praksisane utvikla seg, vart nye kodifiseringar av jødisk lov som baserte seg m.a. pa desse responsaa nedskrivne. Slike kodifiseringar inkluderer
Misjne Tora
,
Arba‘a turim
(
Tur
) og
Sjul?an ‘arukh
. Den sistnemnde blir rekna som den viktigaste i tradisjonell europeisk jødedom og blir sett pa som autoritativ for det meste av tradisjonell
askenasisk
og
sefardisk
tradisjonell og ortodoks praksis fram til vare dagar.