Herbert Lionel Adolphus Hart
(
18. juli
1907
–
19. desember
1992
) var ein britisk
rettsfilosof
. Han var professor i
rettsvitskap
ved
University of Oxford
og rektor ved Brasenose College, Oxford. Han er mest kjend for verket sitt:
The Concept of Law
, som har vorte heidra som det viktigaste verket innanfor rettsfilosofi gjeve ut pa 1900-talet.
[1]
Han er rekna som ein av dei fremste rettsfilosofane pa 1900-talet.
[2]
Herbert Lionel Adolphus Hart vart fødd den 18. juli 1907,
[3]
son av Rose Samson Hart og Simeon Hart, i
Harrogate
,
[4]
som foreldra hans hadde flytta til fra East End i
London
. Faren hans var ein
jødisk
skreddar
av tysk og polsk opphav; mora hans, av polsk opphav, dotter av vellykka forhandlarar i kledehandelen, handterte kunderelasjonar og økonomien til firmaet deira. Hart hadde ein eldre bror, Albert, og ei yngre syster, Sybil.
Hart var utdanna ved Cheltenham College, Bradford Grammar School og
New College, Oxford
. Han tok
Literae humaniores
i 1929.
[5]
Hart vart
skrankeadvokat
og praktiserte med suksess ved Chancery Bar fra 1932 til 1940. Han var god venn med blant anna Richard Wilberforce, Douglas Jay og Christopher Cox. Han tok i mot eit Harmsworth-stipend til Middle Temple og skreiv au litterær journalistikk for tidsskriftet
John O'London's Weekly
.
[5]
Under den
andre verdskrigen
yrkte Hart ved
MI5
, deriblant med Oxford-filosofane Gilbert Ryle and Stuart Hampshire. Han yrkte tett med Dick White, seinare leiar for MI5 og dinest
MI6
. Hart yrkte ved Bletchley Park og var kollega av matematikaren
Alan Turing
.
[6]
Etter den andre verdskrigen vende ikkje Hart tilbake til sin juridiske praksis. Han valde i standen for a akseptera tilbodet om eit undervisingsstipend i filosofi ved New College, Oxford. Hart siterer
J. L. Austin
som ein med særskild stor innverknad pa han i laupet av denne tida.
[5]
Dei to underviste eit seminar om 'Juridisk og moralsk ansvar' (
Legal and Moral Responsibility
) i fellesskap fra og med 1948.
Mellom 1952 og 1968 var Hart Professor of Jurisprudence ved Oxford,
[7]
og fellow ved
University College, Oxford
, fra 1952 til 1973.
[8]
Han var president for the Aristotelian Society fra 1959 til 1960. I 1962 heldt han the Master-Mind Lecture.
[9]
Hart var gift med Jennifer Fischer Williams, ei embetskvinne og seinare historikar ved St. Anne's College.
[10]
Jennifer var ein 'sovande' medlem av
det britiske kommunistpartiet
. Kritikk og skepsis var retta mot henne om ho hadde vore ein spion for
Sovjetsamveldet
, noko ho nekta for a ha vore.
[11]
Eit av barneborna til Hart, Mojo Mathers, vart den fyrste døve medlemen av det newzealandske parlamentet i 2011.
[12]
Hart gav seg som Chair of Jurisprudence i 1969 og vart etterfulgt av
Ronald Dworkin
. Mellom 1973 og 1978 var Hart rektor ved
Brasenose College, Oxford
.
[13]
Hart døydde i Oxford den 19. desember 1992, i ein alder av 85.
[3]
Han er gravlagd ved Wolvercote Cemetery, der ogsa
Isaiah Berlin
blant anna er gravlagd.
Mange av dei tidlegare studentane til Hart har hatt stor innverknad pa retts-, moral, og politisk filosofi, blant anna
Brian Barry
,
Ronald Dworkin
,
John Finnis
,
Kent Greenawalt
,
Peter Hacker
,
Neil MacCormick
,
Joseph Raz
,
Chin Liew Ten
og
William Twining
. Hart hadde au ein sterk paverknad pa
John Rawls
i 1950-ara, særleg etter at Rawls var gjesteførelesar ved Oxford kort tid etter at han fullførte
doktorgraden
sin.
Hart paverka sterkt bruken av metodar i versjonen sin av anglo-amerikansk positiv rett til rettsvitskapen og rettsfilosofien i den engelsktalande verda. Hart bringa reiskapane til analytisk, og særleg sprakleg, filosofi til a taka tak i dei sentrale utfordringane i juridisk teori, med inspirasjon henta fra John Austin, Ludwig Wittgenstein og
Hans Kelsen
.
Metoden til Hart kombinerte den nøye analysen av analytisk filosofi fra det tjuande hundrearet med den rettsvitskapelege tradisjonen til
Jeremy Bentham
, den store engelske juridiske, politiske og moralske filosofen. Rettsoppfatninga til Hart hadde parallellar til
Pure Theory of Law
formulert av den austerrikske rettsfilosofen
Hans Kelsen
, sjølv om Hart avviste fleire særtrekk ved denne teorien.
Den tydelege skilnaden mellom Hart og Kelsen var vektlegginga av den britiske versjonen av positiv lovteori som Hart forsvara i motsetnad til den kontinentale versjonen av positiv lovteori som Kelsen forsvara. Dette vart studert i University of Toronto Law Journal i ein artikkel med tittelen ≪Leaving the Hart-Dworkin Debate≫ som hevda at Hart i boka si
The Concept of Law
insisterte pa at den ekspansive forstainga av positiv lovteori skulle inkludera filosofiske og sosiologiske vurderingsdomene snarare enn den meir fokuserte merksemda til Kelsen som betrakta kontinental positiv lovteori som meir avgrensa til sjølve rettsvitskapens domene.
[14]
Hart retta sitt engasjementet, blant mange andre, mot Glanville Williams som hadde demonstrert sin juridiske filosofi i ein femdelt artikkel, ≪Language and the Law≫ og i ein artikkel, ≪International Law and the Controversy Concerning the Word 'Law'≫. I artikkelen ≪International Law≫ kritiserte Hart sterkt alle dei juristane og internasjonale advokatane som hadde drøfta om folkeretten
eigenleg
var lov. Dei hadde kasta bort tida pa eit spørsmal som ikkje var sakleg. Dei mange skilnadane mellom kommunal og internasjonal lov kunne ikkje motseiast, dei var rett og slett ein av konvensjonell verbal bruk, som individuelle teoretikarar kunne tilfredsstilla seg sjølv, men som ikkje hadde rett til a diktera til andre.
Denne tilnærminga skulle verta vidareutvikla av Hart i siste kapittel av
The Concept of Law
(1961), som viste korleis bruken av eit abstrakt ord som
lov
i høve til ymse sosiale fenomen reflekterte det faktum at desse fenomena delte somme særeigne trekk. Glanville hadde sjølv sagt det same da han redigerte ein studenttekst om rettsvitskap, og han hadde i hovudsak teke i bruk den same tilnærminga til ≪The Definition of Crime≫.
[15]
Det mest kjente verket til Hart er
The Concept of Law
, gjeve ut i 1961, og med ei andre utgave (inkludert eit nytt etterskrift) gjeve ut posthumt i 1994. Boka kom fra eit sett med førelesingar som Hart hadde fra og med 1952.
The Concept of Law
utvikla ei sofistikert sjon pa
rettspositivisme
og høve mellom lov og moral. Blant dei mange ideane som er utvikla i denne boka er:
- Ein kritikk av teorien til John Austin om at lov er kommandoen til suverenen med dette trugselen om straff.
- Eit skilje mellom primære og sekundære rettsreglar, slik at ein primærregel styrer atferd, til dømes strafferett, og sekundærreglar styrer dei prosessuelle metodane som primære reglar vert handheva, straffeforfylgt osfr. Hart nemner spesifikt tre sekundære reglar:
- The Rule of Recognition: regelen som viser til at medlemane av samfunnet skal kunne finna ut kva dei primære reglane i samfunnet var. I eit einskilt samfunn, meinte Hart, regelen for anerkjenning berre kunne vera det som var skrive i ei heilag bok eller det som vart sagt av ein herskar. Hart hevda regelen om anerkjenning var ein evolusjon fra Hans Kelsens ≪Grundnorm≫.
- The Rule of Change: regelen om at eksisterande reglar kunne opprettast, endrast eller opphevast.
- The Rule of Adjudication: regelen om at samfunnet kunne avgjera nar ein regel var broten og oppmoda om eit rettsmiddel.
- Eit skilje mellom indre og ytre retts- og regelsyn, ein ide nær (og paverka av)
Max Webers
skilje mellom juridiske og sosiologiske perspektiv i skildringa av lov.
- Eit konsept med ≪open-textured≫ omgrep i lov, pa linje med Wittgenstein og Waisman.
- Eit seint svar (publisert som eit etterskrift til den andre utgava) til
Ronald Dworkin
? ein rettigheitsorientert rettsfilosof og etterfylgjaren til Hart ved Oxford ? som kritiserte versjonen til Hart av rettspositivisme i
Taking Rights Seriously
(1977),
A Matter of Principle
(1985) og
Law's Empire
(1986).
Saman med
Tony Honore
publiserte dei
Causation in the Law
(1959, 2.utg. 1985), som er rekna som ein av dei viktigaste bidraga innanfor den akademiske debatten om arsak i juridisk samanheng.
Etter den kjende debatten med Patrick Devlin, Baron Devlin, om rolla straffelova hadde i a handheva moralske normer, skreiv Hart
Law, Liberty and Morality
(1963), som besto av tre førelesingar han hadde heldt ved
Stanford University
. Han skreiv au
The Morality of the Criminal Law
(1965). Hart forsvara avkriminaliseringa av homofili ? da det ikkje skada nokon. Han meinte oppfatninga Devlin hadde om
skadeprinsippet
til Mill ? da det var relatert til avkriminalisering av homofili ? var ≪perverst≫.
[16]
Trass dette, uttala Hart seinare at han kom personleg overeins med Devlin.
[5]
Hart gav førelesingar til
Labour Party
om tetting av smutthol i skattesystemet som vart utnytta av dei ≪superrike≫. Hart plasserte seg sjølv til venstre pa den politisk økonomiske aksen: ≪on the Left, the non-communist Left≫, og uttrykte fiendskap mot
Margaret Thatcher
.
[5]
- ≪The Ascription of Responsibility and Rights≫,
Proceedings of the Aristotelian Society
(1949)
- Definition and Theory in Jurisprudence
(1953)
- Causation in the Law,
med Tony Honore. (1959)
- The Concept of Law
(1961; 2. utg. 1994; 3. utg. 2012)
- Law, Liberty and Morality
(1963)
- The Morality of the Criminal Law
(1964)
- Punishment and Responsibility
(1968)
- Essays on Bentham: Studies in Jurisprudence and Political Theory
(1982)
- Essays in Jurisprudence and Philosophy
(1983)
- Law, Morality, and Society: Essays in Honour of H. L. A. Hart,
redigert av P. M. S. Hacker og Joseph Raz (1977)
- ↑
The Concept of Law (Clarendon Law) (Clarendon Law Series)
. Clarendon Law Series.
ASIN
0199644705
.
- ↑
Matthew H. Kramer
and Claire Grant (2008). "Introduction", in Satthew H. Kramer, Claire Grant, Ben Colburn, and Anthony Hatzistavrou (ed.):
The Legacy of H.L.A. Hart: Legal, Political and Moral Philosophy
. Oxford/New York, Oxford University Press, xiii.
- ↑
3,0
3,1
Honore, Tony
(2004). ≪Hart, Herbert Lionel Adolphus≫. I Matthew, H. C. G.; Harrison, Brian.
Oxford Dictionary of National Biography
25
. Oxford University Press. s.
575?580
.
ISBN
019861411X
.
OCLC
54778415
.
- ↑
Mullender, Richard:
"Nicola Lacey,
A Life of H.L.A. Hart: the Nightmare and the Noble Dream
? H.L.A. Hart in Anglo-American Context"
, Web Journal of Current Legal Issues (review 2007). Oxford University Press, (2004).
ISBN
978-0199202775
- ↑
5,0
5,1
5,2
5,3
5,4
Sugarman, David; Hart, H. L. A. (2005). ≪Hart Interviewed: H.L.A. Hart in Conversation with David Sugarman≫.
Journal of Law and Society
(Blackwell)
32
(2): 267?293.
JSTOR
3557228
.
doi
:
10.1111/j.1467-6478.2005.00324.x
.
- ↑
Gavaghan, Colin (2007).
Defending the Genetic Supermarket: The Law and Ethics of Selecting the Next Generation
. Biomedical Law and Ethics Library. Routledge. s. 37.
ISBN
978-1135392932
.
- ↑
Honore, Tony (September 2004).
≪Hart, Herbert Lionel Adolphus (1907?1992)≫
.
Oxford Dictionary of National Biography
. Oxford University Press
. Henta 3. februar 2015
.
- ↑
Darwall-Smith, Robin (2008).
A History of University College, Oxford
. Oxford University Press. s. 486, 492?494, 501, 504, 513, 536.
ISBN
978-0199284290
.
- ↑
≪Master-Mind Lectures≫
.
The British Academy
.
- ↑
≪Jenifer Hart≫
,
Spartacus Educational
(pa engelsk)
, henta 8. mai 2023
- ↑
Obituary of Jenifer Hart
,
Daily Telegraph
, 9. april 2005.
- ↑
≪How got Mojo Mathers got her name≫
.
Dominion Post
. February 19, 2012.
- ↑
≪H.L.A. Hart | Faculty of Law≫
,
www.law.ox.ac.uk
, henta 28. april 2023
- ↑
Keith Culver. "Leaving the Hart-Dworkin Debate', University of Toronto Law Journal, pp. 374?398.
- ↑
Baker, Dennis J.; Horder, Jeremy (2013).
The Sanctity of Life and the Criminal Law: The Legacy of Glanville Williams
(pa engelsk). Cambridge University Press.
ISBN
978-1107020474
.
- ↑
Hart. H. L. A. "Immorality and Treason",
The Listener
(30. juli 1959). 162?163. Reprinted in Wasserstrom, Richard A. (ed.).
Morality and the Law
. Belmont, CA: Wadsworth Publishing, 1971.
- Nicola Lacey,
A Life of H. L. A. Hart: The Nightmare and the Noble Dream
, Oxford University Press: 2004.
ISBN
0199274975
.
- Frederick Schauer, "(Re)Taking Hart," 119
Harv. L. Rev.
852 (2006) (reviewing Lacey, "A Life of H. L. A. Hart").
- Karen Armstrong,
The Spiral Staircase
, Harper Collins, 2004.
ISBN
0007122284
- Carlin Romano, "A Philosopher's Humanity",
Chronicle of Higher Education
vol. 51 (2005) (reviewing Lacey, "A Life of H. L. A. Hart")
- Matthew Kramer,
H.L.A. Hart The Nature of Law
, Polity: 2018.
ISBN
1509520732