Høyrslehemming

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Høyrslehemming

Øyre med høyreapparat
Synonym Høyrselshemjing, høyrselshemming
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode: 389
ICD-10-kode: H90 - H91
DiseasesDB 19942
MeSH D034381

Høyrslehemming er det a ha nedsett høyrsle i høve til dei som høyrer normalt. Nedsettinga av høyrsla kan ga fra ganske lette, kanskje forbigaande nedsettingar til det a vera heilt døv . Høyrslehemming finst særs hyppig og i alle aldrar, men aukar med ara. Ein skil mellom to hovudtypar hemming, mekanisk eller leiingstype der arsaka sit i den mekaniske delen av øyret ( øyregangen eller mellomøyret ), og persepsjonstype eller nevrogen type der arsaka sit i nervedelen av høyreorganet ( det indre øyret , høyrenerva eller høyrebanane i hjernen).

Arsaker [ endre | endre wikiteksten ]

Høyrslehemming kan vera medfødd pa grunn av arv , skadar i fosterlivet (til dømes fra raude hundar ) eller skadar ved fødselen , eller ein kan ha fatt hemminga gjennom sjukdom i øyregang, mellomøyre eller det indre øyret, høyrslenerva med høyrebanane i hjernen. Ho kan og skuldast aukande alder eller skader, til dømes støypaverknad eller hovudskader . Støyskade av høyrsla kan førekoma i industri og landbruk, ved skyting (militære, jakt), ved a høyra for høg musikk og liknande.

Handsaming [ endre | endre wikiteksten ]

Videokonferanse der ein bruker teiknsprak .

Høyrslehemming av meir uttalt grad er eit stort sosialt handikap og ofte ei psykisk pakjenning. Handsaming av lettare høyrslehemming hos born, særleg i skulealderen, og førebyggjande arbeid er viktige tiltak.

Tiltak mot høyrslesvekkingar kan ga ut pa a forsterka lyden som kjem inn pa øyret ved bruk av høyreapparat , eller stimulera høyrenerva gjennom cochleaimplantat . Nokre høyrslesvekkingar kan betrast ved operative inngrep ( otosklerose , kroniske betennelsar ). Fra 2000-talet er det ogsa gjort dyreforsøk med genterapi der ein kanskje kan utvikla høyrsle gjennom utvikling av nye harceller .

I tillegg til medisinske tiltak finst det fleire matar høyrslehemma kan kommunisera med høyrande og med kvarandre pa. Høyrslehemma kan bruka ulike teknikkar for a fungera i det høyrande samfunnet, som teiknsprak , skrift , munnavlesing og auditorisk-verbal opplæring . Høyrslehemma kan bruka alminneleg teknologi som teksting , internett og SMS , særskilde innretningar som teksttelefon og teleslynge eller tilpassingar som dørklokke med lys, vibrerande vekkarklokke og liknande. Dei kan ogsa dra nytte av skrift- eller teiknspraktolkar og av spesialtrena nøyrehundar .

Noreg [ endre | endre wikiteksten ]

Totalt reknar ein med at det er mellom 250 000 og 300 000 høyrslehemma i Noreg, av desse er rundt 3 500?4 000 døve. Sidan mange høyrslehemmingar kjem seinare i livet er delen høyrslehemma barn lagare enn i den totale folkemengda, ein reknar delen ligg pa 3?5 %.

Det finst fleire norske interesseorganisasjonar for høyrslehemma, mellom anna Hørselshemmedes Landsforbund og Norges Døveforbund . Norges hørselsvern er ei samanslutning av samskipnader fra heile landet, som har til føremal a ivareta interessene til høyrslehemma og best mogleg hjelpe dei til a bli uavhengige av si nedsette høyrsle.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Høyrslehemming