한국   대만   중국   일본 
Hærverk ? Wikipedia Hopp til innhald

Hærverk

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Hærverk gjort 18. juni 2011 pa monumentet fra 1954 i Bulgarias hovudstad Sofia over Den raude armeens siger i den andre verdskrigen . Pa eit av relieffa pa monumentet er statuane av frigjeringssoldatane mala i fargar og utstyrte med symbol som gjer dei til amerikanske teikneseriefigurar, mellom andre Superman og Captain America .
Vandalisering av statuar pa ei altertavle i den katolske gotiske katedralen Dom van Utrecht (Domkyrkja i Utrecht ) i Nederland under protestantanes biletstorming i 1580.
Knuste glasruter og øydelagde dører er vanlege former for hærverk.

Hærverk eller vandalisme er a øydeleggja noko med vilje utan anna meining med skadeverket enn a øydeleggja. Dei to synonyme omgrepa hærverk og vandalisme viser i bokstaveleg tyding til raseringar utførte av krigarar fra det austgermanske folket vandalane eller andre herjande hærar, men omgrepa blir i moderne tid heller brukt om kvardagsleg øydelegging av eigedom og til dømes kunstgjenstandar og skulpturar pa museum og i det offentlege rom.

Hærverk blir gjerne sett pa som noko negativt, og er ofte lovbrot som det bade er straff for, og kan krevjast skadebot for.

Men vandalistiske handlingar er og blitt brukt som kreativt uttrykk innan moderne kunst . Graffiti ( tagging ) er til dømes ei uttrykksform som bade kan vera øydeleggjande og ulovleg, men og skapande og akseptert. Vandalisme har i mange høve og blitt forsvart pa politisk eller ideoloigske grunnlag. Soleis gjekk malaren Gustave Courbet i si tid inn for øydelegging av monument som stod for ≪krig og erobring≫. Og nar eit totalitært styre i eit land fell, er det blitt vanleg a rasera statuar og andre symbol for det styrta regimet, slik det til dømes skjedde mange stader i samband med fallet til kommuniststyra i austblokklanda .

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Spire Denne artikkelen er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .