Gullstandard

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Gullstandard er eit pengesystem der pengeeinninga er uttrykt som ei fast vektmengd gull , og der ein kvar kan krevje a fa pengesetlane løyste inn i gull eller fa gull i bytte for setlar.

England innførte gullstandard i 1816, som det første landet i verda. Ut over 1800-talet følgde dei fleste landa etter. I Noreg vart gullmyntfoten innført i 1875, i staden for den eldre sølvstandarden . I Russland og Japanvart gulstandarden innført i 1897.

Etter norsk gullstandard skulle grunnlaget for pengesystemet vere gull, og pengeeininga var ei krone med same verdi som vekta av 25/62 eller 0,40323 g fint gull. Gullstandarden var i Noreg suspendert fra 1914 til 1916, 1920-1928 og for godt fra 1931. I gjeldande lovverk har kroneverrdien ikkje noko formell samanheng med gullverdien.

Gullstandarden vart suspendert i dei fleste land under første verdskrigen . I England vart han suspendert for godt 21. september 1931, og dei skandinaviske landa og dei fleste samveldelanda følgde etter.

Former for gullstandard [ endre | endre wikiteksten ]

Gullstandarden kan gjennomførast som

  • Gullmyntfot - slik at ein kan veksle pengesetlar inn i gullmynt. I lanfd med dette systemet vil det sirkulere noko gullmynt ved sida av pengesetlane.
  • Gullbarrestandard - slik at ein kan krevje a veksle større summar i pengesetlar inn i store gullbarrar , oftast pa 12,5 kg.
  • Gullvalutastandard - slik at ein kan veksle pengesetlane inn valuta fra eit land som har gullmyntstandard eller gullbarrestandard.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]