한국   대만   중국   일본 
Gulehavet ? Wikipedia Hopp til innhald

Gulehavet

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Gulehavet
hav
Land Mal:Landdata Folkerepublikken Kina, Sør-Korea, Nord-Korea
Del av Stillehavet
Kart
Gulehavet
35°N 123°E  /  35°N 123°E  / 35; 123
Wikimedia Commons: Yellow Sea
Kart over Gulehavet

Gulehavet ( kinesisk ? ) er den nordlege delen av Austkinahavet , som er eit randhav til Stillehavet . Det ligg mellom det kinesiske fastlandet og den koreanske halvøya . Namnet viser til sandstøv fra sandstormar i Gobiørkenen som fargar havoverflata gyllengul ved solnedgang og som kan sjaast om ein siglar eller flyg vestover.

Den inste bukta av Gulehavet heiter Bo Hai . Elvane Huang He og Hai He renn ut i denne bukta.

Gulehavet er eit av fire hav som i norsk har namn etter reine fargar. Dei andre er Kvitsjøen , Raudehavet og Svartehavet .

Fysiografi [ endre | endre wikiteksten ]

Gulehavet, med Bo Hai, har ei utstrekning pa 380 000 km². Gjennomsnittleg djupne er 44 meter, største djupne er 152 meter. Havet er ein overfløymd del av kontinentalsokkelen , som vart danna etter siste istida (omkring 10 000 ar sidan) da havnivaet steig 120 m til dagens niva.

Miljø [ endre | endre wikiteksten ]

Dei tidvasspaverka mudderflatene i Gulehavet er svært viktige for vadefuglar pa trekk og for strandfuglar. Undersøkingar har vist at omradet er det aller viktigaste for trekkfuglar pa veg mot nord, langs heile den austasiatiske-australasiatiske trekkruta . Minst to millionar fuglar passerer Gulehavet pa veg nordover, omtrent halvparten sa mange nyttar trekkruta sørover.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]