Guadalajara i Jalisco

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Guadalajara
by
Land   Mexico
Delstat Jalisco
Kommune Guadalajara
Del av Western Mexico
Areal 151,4  km²
Folketal 2 545 200   (2005)
Folketettleik 10 458 / km²
Grunnlagd 1542
Kart
Guadalajara i Jalisco
20°40′36″N 103°20′51″W  /  20.676666666667°N 103.3475°W  / 20.676666666667; -103.3475
Wikimedia Commons: Guadalajara, Mexico

Guadalajara er den nest største byen i Mexico . Han er delstatshovudstad for Jalisco , og er den største byen i delstaten. Ved folketeljinga i 2020 hadde byen eit folketal pa 1 385 629, medan Guadalajara storbyomrade har eit folketal pa 5 268 642. [1] [2] Det gjer det til det tredje største byomradet i Mexico.

Guadalajara og byomradet rundt han har vokse mykje ogsa pa 2000-talet.

Byen har namn etter Guadalajara i Spania , fødestaden til conquistadorleiaren Nuno de Guzman . Han vart grunnlagd i 1542 etter at conquistadorar hadde skipa fleire busetnader i omradet. Pa 1700-talet hadde han vokse til den andre største byen i Mexico, etter store migrasjonar til koloniane pa 1720- og 1760-talet. Under den mexicanske sjølvstendekrigen skipa sjølvstendeleiaren Miguel Hidalgo y Costilla den fyrste revolusjonære regjeringa i Mexico her i 1810. I 1929 enda Cristerokrigen innanfor bygrensene da president Plutarco Elias Calles utropte Grito de Guadalajara . Byen fortsette a veksa gjennom 1900-talet. Byomradet nadde 1 million innbyggjarar pa 1960-talet, og gjekk forbi 3 millionar pa 1990-talet. I 2018 gjekk folketalet forbi 5 millionar.


Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Area Metropolitana de Guadalajara≫ . Gobierno del Estado de Jalisco (pa spansk) . Henta 1. februar 2021 .  
  2. ≪Censo de Poblacion y Vivienda 2020 - SCITEL≫ (pa spansk) . Henta 1. februar 2021 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Guadalajara i Jalisco