Glasgow
(
gælisk
Glaschu
) er den største byen i
Skottland
og den tredje største i
Storbritannia
. Han ligg ved elva
Clyde
i den vestlege delen av det sentrale Skottland og utgjer saman med fleire mindre landsbyar regionen
City of Glasgow
.
Glasgow voks fra a vere eit bispesete i
mellomalderen
, og med den seinare etableringa av
University of Glasgow
, til a bli eit sentrum for transatlantisk handel i løpet av 1800-talet. Med
den industrielle revolusjonen
vart byen eit senter for
ingeniørvitskap
og
skipsbygging
.
I 1960-ara hadde han eit folketal pa heile 1,1 millionar, og var da den fjerde største byen i
Europa
, etter
London
,
Paris
og
Berlin
. Dei seinare ara har innbyggjartalet vorte nesten halvert, pa grunn av blant anna endringar av bygrensene og generell nedgang i folketalet.
Stor-Glasgow
hadde ca 1,1 million innbyggjarar i 2004. I dag er byen kjent som den kommersielle hovudstaden i Skottland og er det tredje største turistmalet i Storbritannia etter London og Edinburgh.
Byen er har og ei rekkje utdanningsinstitusjonar, mellom anna fire universitet som alle ligg innan 16 kilometer fra bysentrum:
Namnet kjem fra
skotsk gælisk
glas gu
, som tyder ≪grøn senking≫.
Glas gu
er første gongen funne i kjelder fra 1116, men før dette hadde busetjinga namnet
Cathures
, som var eit
kumbrisk
namn. Det moderne namnet har framleis eit visst hald da byen har over 70 parkar, den eldste er
Glasgow Green
som er fra 1400-talet.
Staden der Glasgow ligg har vorte brukt som bustad fra førhistorisk tid pa grunn av at det var ein eigna
vadestad
over Clyde, noko som og gjorde at det var ein naturleg stad for
laksefiske
. Byen vart grunnlagt av
Kentigern av Glasgow
pa 500-talet. Kentigern fekk og bygd ei kyrkje i omradet. Denne kyrkja ligg pa same stad som katedralen ligg i dag. Glasgow var i mellomalderen det nest største
bispedømet
i Skottland. Byen voks opp gjennom mellomalderen og skipinga av University of Glasgow i 1451 og oppgraderinga av bispedømmet til erkebispedømme førte til at byen fekk større religiøs og utdanningsmessig tyding.
Etter at
Skottland
og
England
(med
Wales
) inngjekk
Act of Union
i 1707, som førte til skipinga av kongedømmet
Storbritannia
, fekk Skottland tilgjenge til store marknader i
Det britiske imperiet
. Pa grunn av at Glasgow hadde gode hamner vart byen ein viktig handelsby for internasjonal handel med
tobakk
,
sukker
og
bomull
til Amerika. Særleg viktig var det at Glasgow, i motsetnad til andre skotske hamnebyar som
Dundee
og
Aberdeen
, hadde enkel tilgjenge til
Atlanterhavet
. Fleire av dei viktigaste gatene i Glasgow er kalla opp etter handelsfolk som vart rike pa handel med tobakk fra
koloniane i Amerika
fram til
den amerikanske sjølvstendekrigen
starta i 1775. Etter dette vart handelen konsentrert om dei britiske koloniane i
Karibia
.
Pa byrjinga av 1700-talet vitja forfattaren
Daniel Defoe
Glasgow og uttalte at byen var ≪den finaste og best bygde byen i Storbritannia, med unntak av
London
≫. Pa denne tida var folkesetnaden til byen rundt 12 000 og hadde enno ikkje gjennomgatt dei store omveltingane som
opplysingstida
og den industrielle revolusjonen førte med seg.
Etter industrialiseringa produserte Glasgow blant anna
tekstilar
og
stal
som vart eksportert. Etter at
Monkland-kanalen
vart opna i 1791 fekk byen enkel tilgjenge pa
jernmalm
og
kol
fra gruver i
Lanarkshire
. Etter eit omfattande arbeid med a mudre opp Clyde vart skipsbygging ein stor industri langs elva og fleire kjende skip har vorte bygd i og rundt Glasgow, som til dømes
RMS ≪Lusitania≫
,
RMS ≪Queen Elizabeth≫
,
RMS ≪Queen Elizabeth 2≫
og det kongelege skipet
HMY ≪Britannia≫
. Byen hadde og ein omfattande industri som bygde
lokomotiv
. Glasgow passerte
Edinburgh
som den største byen i Skottland i 1821 og vart omtalt som ≪the Second City of the Empire≫ (≪Den andre byen i riket≫), der den første byen var London. Pa denne tida vart fleire av dei mest markante bygningane og infrastrukturen i Glasgow bygde opp, byen fekk blant anna undergrunnsbane,
Glasgow undergrunnsbane
, i 1896. Det vart og bygd ein
akvedukt
fra
Loch Katrine
til byen i 1859 som forsynte, og framleis forsyner, innbyggjarane med drikkevatn.
Fra 1840-ara og utover kom mange
irske
tilflyttarar for a søkja lukka i Glasgow. Det var særleg
hungersnauden i slutten av 1840-ara
som førte til stor tilflytting, og saman med seinare tilflytting fra Irland har Glasgow ein stor
katolsk
folkesetnad. Den irske paverknaden i byen er framleis synleg, til dømes gjennom fotballaget
Celtic FC
.
1900-talet førte med seg bade nedgangstider og gjenoppbygging av byen. Etter
første verdskrigen
leid Glasgow av dei økonomiske nedgangstidene som følgde. Dette førte til ein auke i den radikale
sosialismerørsla
og ei rørsle kalla ≪Red Clydeside≫ vart skapt. Denne rørsla kjempa blant anna for lagare husleige i dei ofte overfylte og forureina bustadstrøka, og dessutan 40 timar arbeidsveke, i denne perioden var det fleire omfattande
streikar
. Den 31. januar 1919 braut det ut opptøyar i sentrum av byen og sa mykje som 90 000 menneske var samla. I frykt for ein
bolsjevikliknande
revolusjon, og med
den russiske revolusjonenen
og
novemberrevolusjonen
i
Tyskland
friskt i minnet, sende styresmaktene inn soldatar og
stridsvogner
fra England. Ein ville ikkje sende inn skotske troppar pa grunn av at ein frykta at desse kunne sympatisere med opprørarane, difor vart skotske troppar som var i byen nekta a forlate brakkane. Fleire, og kvinner og born, vart skadde i opptøyane og fleire av dei antekne leiarane vart arrestert og seinare dømde til fleire manader i fengsel.
Tilhøva i byen betra seg fram mot utbrotet av
andre verdskrigen
og voks pa dei økonomiske oppgangstidene som følgde etter slutten av krigen. Pa 1960-talet opplevde likevel byen at aukande konkurranse fra land som Tyskland og
Japan
førte til at fleire av dei store industriverksemdene i byen tapte inntekter. Som eit resultat av dette gjekk Glasgow inn i ein lengre periode med økonomisk nedgang, høgare arbeidsløyse, forfall, folketalsnedgang, aukande helsemessige problem og stort press pa velferdsgoda. Fleire forslag om korleis byen skulle gjenskape sin gamle stordom vart fremja. Eit av desse forslaga gjekk ut pa a rive ned store delar av bygningane i sentrum av byen for a skape eit meir straumlinjeforma sentrum, men dette vart ikkje teke til følgje. Likevel vart store delar av bustadomrada nær sentrum rivne pa grunn av at desse hadde utvikla seg til a bli
slumomrade
.
Til saman vart omkring 750 000 av innbyggjarane i byen flytta til nye byar som vart oppretta i utkantstrøka. Døme pa slike byar er
Castlemilk
,
Drumchapel
og
Easterhouse
. Fleire av dei nye byane lag utanfor bygrensene. Denne utflyttinga er mykje av bakgrunnen for det, tilsynelatande, dramatiske fallet i innbyggjarar som Glasgow opplevde fra omkring ein og ein halv million innbyggjarar pa 1930-talet til omkring 600 000 i dag.
Fra
1990-talet
og utover opplevde byen igjen økonomisk framgang. Denne framgangen kom blant anna pa grunn av auka turisme, som igjen delvis skuldast at byen vart
europeisk kulturhovudstad
i 1990. Styresmaktene pussa bokstaveleg talt opp fasaden til byen ved a sandblase gamle bygningar som var vorte svarte av arevis med forureining. Dette førte til at dei sentrale bystrøk vart meir populære som buomrade, noko som igjen førte til eit meir levande sentrum. Særleg har omrada rundt Clyde vorte modernisert. Desse omrada bestod hovudsakleg av industriomrade som hadde lege brakk over lengre tid pa grunn av nedgangstidene. Dei seinare ara har fleire omfattande leilegheitskompleks vorte bygd langs elva, i tillegg til ei rekkje kontorbygg. Langs elva ligg i dag og eit stort kurs og konferansesenter, som og er ein mykje brukt konsertarena, og
Glasgow Science Centre
.
Byvapenet til Glasgow vart godkjent av
Lord Lyon King of Arms
den 25. oktober 1866. Det inneheld ei rekkje symbol og emblem som har samanheng med livet til vernehelgenen til Glasgow
Kentigern
og som hadde vorte brukt som offisielt segl før 1866. Emblema symboliserer mirakel som Kentigern skal ha utført.
Nedst i byvapenet star mottoa til byen
Leit Glasgow Flourish
(la Glasgow blomstre). Dette skal stamme fra ei preike halden av Kentigern.
Glasgow har vore vertskap for
Verdsutstillinga
i 1888, 1901, 1911 og 1938. Byen var og
Europeisk kulturhovudstad
i 1990 og skal og arrangere
samveldeleikane
i 2014. Fleire populære band, som
Mogwai
,
Franz Ferdinand
,
Belle & Sebastian
,
Travis
,
Texas
og
Simple Minds
har opphavet sitt i Glasgow.
Byen har og fleire museum, det fremste er
Kelvingrove Art Gallery and Museum
, som er den best vitja turistattraksjonen i Skottland. Museet ligg pa vestsida av byen like ved University of Glasgow.
Glasgow er heimby til dei to største laga i Skottland,
Rangars FC
og
Celtic FC
som begge spelar i
Scottish Premiar League
og i
Meisterligaen 2007/2008
. Lokaloppgjera mellom desse to klubbane er kjent som
Old Firm
. Byen er og heimby til
Partick Thistle FC
og
Queen's Park FC
. Glasgow har og dei tre største fotballstadiona i Skottland:
Celtic Park
(60 832 sete),
Hampden Park
(52 500 sete) og
Ibrox Stadium
(51 082 sete). Hampden Park er og heimebana til
det skotske herrelandslaget i fotball
.
|
---|
- Aten
(1985)
- Firenze
(1986)
- Amsterdam
(1987)
- Vest-Berlin
(1988)
- Paris
(1989)
- Glasgow
(1990)
- Dublin
(1991)
- Madrid
(1992)
- Antwerpen
(1993)
- Lisboa
(1994)
- Luxembourg
(1995)
- København
(1996)
- Thessaloniki
(1997)
- Stockholm
(1998)
- Weimar
(1999)
- Avignon
,
Bergen
,
Bologna
,
Brussel
,
Helsingfors
,
Krakow
,
Reykjavik
,
Praha
og
Santiago de Compostela
(2000)
- Porto
og
Rotterdam
(2001)
- Brugge
og
Salamanca
(2002)
- Graz
(2003)
- Genova
og
Lille
(2004)
- Cork
(2005)
- Patra
(2006)
- Luxembourg
og
Sibiu
(2007)
- Liverpool
og
Stavanger/Sandnes
(2008)
- Vilnius
(2009)
- Essen
,
Pecs
og
Istanbul
(2010)
- Abo
og
Tallinn
(2011)
- Maribor
og
Guimaraes
(2012)
- Ko?ice
og
Marseille
(2013)
- Umea
og
Riga
(2014)
- Mons
og
Plze?
(2015)
- San Sebastian
og
Breslau
(2016)
- Aarhus
og
Pafos
(2017)
- Leeuwarden
og
Valletta
(2018)
- Matera
og
Plovdiv
(2019)
- Galway
og
Rijeka
(2020 og 2021)
- Kaunas
,
Novi Sad
og
Esch-sur-Alzette
(2022)
- Veszprem
(2023)
- Tartu
,
Bad Ischl
og
Bodø
(2024)
|