Giovanni Battista Tiepolo

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Giovanni Battista Tiepolo

Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 5. mars 1696
Venezia
Død

27. mars 1770 (74 ar)
Madrid

Yrke fresco painter , grafikar , bygningstegner , kunstmalar , grafikar , trykker , raderer , biletkunstnar
Sjanger Freskomaleri , religiøst maleri , allegori , dyrekunst , sjangerkunst , landskapsmaleri , mytologisk maleri , capriccio , portrett , karikatur
Far Domenico Tiepolo
Mor Orsetta Tiepolo
Ektefelle Maria Cecilia Guardi
Born Giandomenico Tiepolo , Lorenzo Tiepolo
Giovanni Battista Tiepolo pa Commons

Giovanni Battista Tiepolo , ogsa Giambattista Tiepolo , ( 5. mars   1696 27. mars   1770 ) var ein av dei viktigaste venetianske malarane pa slutten av barokken og under rokokkoen . Mellom arbeida hans finn ein skildringar av heroiske epos , historiemaleri og operascener, religiøse festar og altartavler.

Liv [ endre | endre wikiteksten ]

Moses vert funnen , 1736-38
Floras triumftog , 1743-44
Freskomaleri i taket pa Wurzburg, 1750-53
Den spanske kongefamilien , 1762-66

Tiepolo vart fødd i Venezia , der faren var ein skipseigar. Ein morbror ordna det slik at han kom i malarlære, men Tiepolo orienterte seg sterkare i retning kunsten til den fjorten ar eldre Giovanni Piazzetta. 17 ar gammal fekk han plass i malar lauget . Malarmeister vart han da han var 21 ar gammal. Han fekk snøgt suksess, noko som gjorde han til ein ettertrakta og berømt malar. Mellom klientane hans i Venezia var ogsa biskopen av Udine . Tiepolo dekorerte først nokre rom i bispegarden der, og han fekk andre bestillingsverk av bispen.

Ara 1745-50 arbeidde Tiepolo i Palazzo Labia i Venezia. Deretter reiste han med dei to sønene sine til Wurzburg . Arbeida i Wurzburger Residenz er av Tiepolo sine hovudverk. Tiepolo var, ved sidan av Tizian , den einaste store italienske malaren som reiste til Tyskland og arbeidde der. Etter heimkomsten til Italia arbeidde Tiepolo og sonen Giovanni Domenico Tiepolo pa 'Villa ai Nani Valmarana' i Vicenza .

Mot slutten av livet budde Tiepolo i Madrid . Kunstnerisk vart arbeida hans meir og meir avlegse, da hoffmalaren Anton Raphael Mengs sin nyklassisistiske stil fekk forrang. For svak til a returnere til Italia, døydde Tiepolo varen 1770 i Madrid.

Arbeid [ endre | endre wikiteksten ]

Tiepolos produksjon kan delast inn i fem fasar. Den første dekker ara 1715-30, og dermed den tidlege fasen av arbeida i Venezia og Udine. Deretter kjem perioden 1730-49, da det var stor rift om verka hans og han fekk store ordrar fra Bergamo , Milano og andre italienske byar. Tredje fasen er blømingsara 1741-57, med Tiepolo sin tur til Wurzburg og arbeidet med Palazzo Labia i Venezia og 'Villa ai Nani Valmarana' i Vicenza. Perioden 1757-62 omfattar dei siste fem ara i Venezia, medan den femte fasen er ara fra 1762 til -70 med verka han laga i Madrid.

Verka i Wurzburger Residenz vert rekna som Tiepolo sitt viktigaste arbeid. I trapperommet ser ein freskane som viser dei fire verdsdelane, og i keisarhallen er det eit veldig bilete som syner bryllaupet til Fredrik Barbarossa og Beatrice av Burgund .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Giovanni Battista Tiepolo