Giacomo Puccini

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Giacomo Puccini

Fødd 22. desember 1858
Fødestad Lucca
Død 29. november 1924 (65 ar)
Dødsstad Brussel
Fødenamn Giacomo Antonio Domenico Michele Secondo Maria Puccini
Opphav Kongedømet Italia, Storhertugdømet Toscana
Aktiv 1876–1924
Sjanger klassisk musikk , opera
Instrument orgel
Verka som operakomponist , komponist , politikar , dirigent , organist
Far Michele Puccini
Gift med Elvira Puccini
Puccini i 1908.

Giacomo Puccini ( 22. desember   1858 29. november   1924 ) var ein italiensk komponist kjend for operaverk som La boheme , Tosca og Madama Butterfly og ariar som ≪Che gelida manina≫ fra La boheme , ≪O mio babbino caro≫ fra Gianni Schicchi og ≪ Nessun Dorma ≫ fra Turandot . Puccini kan seiast a ha fullendt den italienske operatradisjonen ?han var den siste italienske komponisten som skreiv opera for verdsrepertoaret, og verka hans er blant dei mest framførte ogsa i dag.

Domkyrkja San Martino i Lucca.

Liv og karriere [ endre | endre wikiteksten ]

Giacomo Antonio Domenico Michele Secondo Maria Puccini var fødd i Lucca i det daverande storhertugdømmet Toscana . Familien hans hadde statt for musikken i byen si domkyrkje i to hundrear, og Puccini fekk undervising i musikk fra ein ung alder. Faren døydde da han var fem, men byen gav familien ein liten pensjon og heldt stillinga som domkyrkjeorganist open for han. Puccini lærte song , orgel og teori som harmonilære og kontrapunkt . I 1880 gjekk han ut av Istituto Pacini i Lucca, med Messa di Gloria som avsluttingsverk.

Puccini var likevel blitt overtydd om at det var opera han ville laga, ifølge tradisjonen etter at han sag Aida av Verdi i 1876. I 1880 byrja han ved konservatoriet i Milano , med økonomisk støtte fra eit søskenbarn og dronning Margherita . Dei viktigaste lærarane hans var Antonio Bazzini og Amilcare Ponchielli , medan hans. Han gjekk ut i 1883 med avgangsstykket Capriccio sinfonico , som vekte merksemd i musikkrinsar i Milano. Same aret sende han ein einaktsoperaen til ein konkurranse ? han vann ikkje, men venner støtta han økonomisk slik at operaen kunne framførast. Le villi blei urframført ved Teatro Dal Verme i mai 1884 og hadde stor suksess. Musikkprodusenten Giulio Ricordi kjøpte opphavsretten med løfte om at operaen skulle utvidast til to akter, og bestilte eit nytt verk til a spelast ved det leiande operahuset La Scala .

Ricordi blei ein livslang venn og støttespelar for Puccini. Sjølv om den andre operaen hans, Edgar , gjorde det darleg pa La Scala, fortsette Ricordi støtta, og sende Puccini til Bayreuth for a høyra Die Meistersinger av Wagner . Her byrja komponisten førebuingane til det neste verket sitt, Manon Lescaut , som i mange trekk likna dei fire meisterverka som følgde: La boheme , Tosca , Madama Butterfly og La fanciulla del west , sistnemnde urframført i New York i 1910. Medan Madama Butterfly fekk ei darleg mottaking ved premieren, truleg fordi han likna for mykje pa Puccini sine tidlegare verk, blei alle desse operaene verdskjende, og er framleis populære.

Seinare verk av Puccini har fatt mindre merksemd. Komponisten hadde vanskar med a forsta hendingar og nye musikkretningar i det nye hundrearet. La rondine , urframført i Monte Carlo i 1917, blei raskt gløymd. Komponisten var likevel interessert i dei nye komponistane, og studie av Debussy , Strauss , Schonberg og Stravinskij førte til det lovpriste verket Il trittico (New York, 1918), tre einaktsoperaer sett saman til eitt heile.

Gabriele Maria Ronge i Turandot .

Den siste, ufullendte operaen hans, Turandot , er den einaste impresjonistiske italienske operaen. Medan den siste duetten mellom paret i operaen mangla, matte Puccini dra til Brussel for a prøva behandla halskreft . Sjølv om behandlinga først sag ut til a verka, døydde han likevel her i byen, med partituret til Turandot i hendene.


Privatliv [ endre | endre wikiteksten ]

Puccini var ogsa kjend for eit skandaleombrust privatliv. I Lucca hadde han eit tilhøve til ei gift kvinne, Elvira Gemignani. Etter at mor til komponisten døydde flykta dei to fra byen med Elvira si dotter, Fosca. Dei slo seg først ned i Monza nær Milano, der dei fekk sonen Antonio. Paret flytta til Milano i 1890 før dei slo seg ned i fiskarlandsbyen Torre del Lago i 1891, der dei budde fram til 1921. Dei gifta seg i 1904, etter at mannen til Elvira var død ? skilsmisse var utelukka i katolske Italia.

Paret var ikkje berre lukkeleg saman. Elvira var temperamentsfull og sjalu, noko ho kunne ha grunn til a vera. Puccini blei ofte forelska i andre medan han skreiv ein opera, noko Elvira var kjend med med. I 1908 gjekk Elvira til fleire hatske utfall mot Doria Manfredi, som hadde vore tenestejente hja dei i tre ar, og som Elvira no meinte hadde eit tilhøve til mannen. Doria drakk gift og døydde etter hendinga. Ei medisinsk undersøking slo fast at ho var jomfru , og dei gjekk deretter til sak mot Elvira Puccini. Manfredi-familien gjekk med pa a droppa saka etter at Puccini hadde betalt erstatning til dei, men skandalen hadde fatt mykje merksemd.

I 2007 kom det fram at Puccini truleg hadde hatt eit tilhøve til Giulia Manfredi, søskenbarnet til Doria, som derimot hadde teke brev mellom dei. Dei to fekk ein son saman, Afredo. Tilhøvet mellom dei to skal ha blei fram til Puccini døydde.

Musikk [ endre | endre wikiteksten ]

Side fra Puccini sitt partitur for Turandot .

Puccini skapte heilskaplege operaer der tekst, uttrykk, kostymer og iscenesetting saman med musikken skapte dramatisk effekt. Som tidlegare italienske operkomponistar var han særskild oppteken av melodi som musikalsk verkemiddel, noko ein mellom anna kan sja i dei mange syngbare delane av verka hans. Puccini brukte ogsa harmonikk til a skapa variasjon og til a bygga opp handlinga i eit stykke. Orkesteret spelte ein viktig rolle, ved bade kraft- og klangfull bruk som hja Strauss og Wagner, og pa ein raffinert mate som hja Debussy.

Komponisten arbeidde ogsa nøye med teksten og den dramatiske oppbygginga, som samspelte med musikken. Arbeidet tok lang tid og medførte ofte diskusjonar med librettistane . Puccini kunna ogsa avbryta arbeidet pa eit verk, eller forseinkast av reiser til framføringar eller familieproblem.

Operaene hans skildrar typisk tragiske kjærleikssoger med sterke kvinneskikkelsar . Til forskjell fra mange andre italienske operaer har dei ofte handling fra utlandet?Japan, USA og Frankrike. Dei bygde ofte pa litteratur, som Manon Lescaut , basert pa ein roman med same namn av Abbe Prevost , La Fanciulla del West , etter skodespelet The Girl of the Golden West av David Belasco , og Madama Butterfly , som er ei blanding av novella ≪Madame Butterfly≫ (1898) av John Luther Long (dramatisert av Balasco) og romanen Madame Chrysantheme (1887) av Pierre Loti .


Puccini er rekna som den største komponisten i tradisjonen Giovane scuola , som etterfølge Verdi . Han var paverka av den italienske veristiske operarørsla og fra det franske lyriske dramaet , og brukte desse og andre inntrykk til a laga ein personleg stil som paverka fleire yngre operakomponistar.

Verk [ endre | endre wikiteksten ]

Plakat for urframføringa av Tosca .

Operaer [ endre | endre wikiteksten ]

  • Le Villi , 1884.
  • Edgar , 1889.
  • Manon Lescaut , 1893.
  • La boheme , 1896.
  • Tosca , 1900.
  • Madama Butterfly , 1904.
  • La fanciulla del West , 1910.
  • La rondine , 1917.
  • Il Trittico : Il Tabarro , Suor Angelica , Gianni Schicchi , 1918.
  • Turandot , uferdig i 1924 da komponisten døydde, men hadde premiere i 1926 i ein versjon som blei fullført av Franco Alfano .

Andre verk og revisjonar [ endre | endre wikiteksten ]

(med datoar og stad for urframføringar)

  • Messa (kjend som Messa di Gloria , messe, Lucca, 1880)
  • Preludio Sinfonico in A-dur (Milano, 1882)
  • Capriccio Sinfonico (Milano, 1883)
  • Le Villi (31. mai 1884, Teatro dal Verme, Milano)
  • Le Villi [revisjon] (26. desember 1884, Teatro Regio di Torino )
  • Edgar (21. april 1889, Teatro alla Scala , Milano - 4 akter)
  • Crisantemi (Strykekvartett, 1890, ≪Alla memoria di Amadeo di Savoia Duca d'Aosta≫)
  • Edgar [revisjon] (5. september 1891, Teatro del Giglio , Lucca - 4 akter)
  • Minuetto n.1 (Strykekvartett, utgjeve rundt 1892, ≪A.S.A.R. Vittoria Augusta di Borbone, Principessa di Capua≫)
  • Minuetto n.2 (Strykekvartett, utgjeve rundt 1892, ≪All'esimio violinista prof. Augusto Michelangeli≫)
  • Minuetto n.3 (Strykekvartett, utgjeve rundt 1892, ≪All'amico maestro Carlo Carignani≫)
  • Edgar [2. revisjon] (28. februar 1892, Teatro Comunale, Ferrara - 3 akter)
  • Manon Lescaut (1. februar 1893, Teatro Regio di Torino )
  • La boheme (1. februar 1896, Teatro Regio, Torino)
  • Tosca (14. januar 1900, Teatro Costanzi , Roma)
  • Madama Butterfly (17. februar 1904, Teatro alla Scala, Milano)
  • Madama Butterfly [revisjon] (28. mai 1904, Teatro Grande , Brescia )
  • Edgar [3. revisjon] (8. juni 1905, Teatro Colon , Buenos Aires - 3 akter)
  • Madama Butterfly [2. revisjon] (10. juli 1905, Royal Opera House , Covent Garden , London )
  • Madama Butterfly [3. revisjon] (28. desember 1905, Opera comique , Paris )
  • La fanciulla del West (10. desember 1910, Metropolitan Opera , New York)
  • La rondine (27. mars 1917, Opera de Monte-Carlo , Monte Carlo )
  • Il trittico (14. desember 1918, Metropolitan Opera, New York):
    • Il tabarro
    • Suor Angelica
    • Gianni Schicchi
  • Turandot (25. april 1926, Teatro alla Scala, Milano)

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]