Game Boy Color

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Gameboy Color

Game Boy Color (og kjend som GBC) er ein handhalden spelkonsoll laga av Nintendo og er etterfylgjaren til Game Boy . Han har fargeskjerm og kan vise opp til 56 forskjellige fargar samstundes, fra ein palett pa 32 768 fargar. Game Boy Color kan ogsa fargeleggje spel som var utvikla for den opphavlege Game Boy-konsollen.

Game Boy Color har ein dobbelt sa rask prosessor og dobbelt sa mykje minne som dei tidlegare utgavene, i tillegg til ein infraraud kommunikasjonsport. Ein av dei mest ettertrakta eigenskapane er bakoverkompabiliteten, det at ein kan nytte Game Boy-kassettar laga for eldre utgaver for a spele eldre spel. Dette vart ein hovudeigenskap til Game Boy-serien, som ved kvar ny-lansering fekk eit større spelbibliotek enn nokon av konkurrentane.

Tekniske spesifikasjonar [ endre | endre wikiteksten ]

  • CPU: Z80 – kunne køyre pa 4 og 8 MHz
  • RAM: 32 kbit (pluss 128 kbit pa kassettane)
  • ROM: Kassettar pa opp mot 64 Mbit vart produsert
  • Video RAM: 16 kbit
  • Lyd: 4 kanalars stereo
  • Skjerm: Reflektiv LCD, 160 x 144 pikslar
  • Fargepalett: 32 768 fargar; støtta 10, 32, eller 56 samtidige fargar pa skjermen
  • Kommunikasjon:
    • Seriell: 512 kbit/s; opptil fire konsollar samstundes
    • Infraraud: Mindre enn to meter ved 45 grader
  • Straum: 2 stk AA batteri som rekk til ca. 13 timar. Ogsa ein straumadapter var tilgjengeleg.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Spire Denne dataartikkelen er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .