한국   대만   중국   일본 
Gabriele Munter ? Wikipedia Hopp til innhald

Gabriele Munter

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Gabriele Munter

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 19. februar 1877
Berlin
Død

19. mai 1962 (85 ar)
Murnau am Staffelsee

Yrke kunstmalar , teiknar , grafikar , kunstnar
Sprak tysk
Medlem av Der Blaue Reiter, Neue Kunstlervereinigung Munchen
Partnar Vasilij Kandinskij, Johannes Eichner
Gabriele Munter pa Commons

Gabriele Munter ( 19. februar   1877 19. mai   1962 ) var ein tysk ekspresjonistisk malar som var ein forgrunnsfigur mellom avantgarde -kunstnarane i Munchen .

Liv og gjerning [ endre | endre wikiteksten ]

Munter hadde storborgarleg bakgrunn. Begge foreldra var døde før hundearsskiftet, noko som gjorde at ho sat med ein stor arv. Ho reiste da mellom anna eit par ar i USA , saman med ei syster. Den økonomiske rikdomen, kjennskap til sosiale miljø i fleire land, samt personleg frisinn, sette henne i stand til a søke eit mykje friare liv enn andre kvinner i samtida.

Fra 1902 var Munter elev av den russiske kunstnaren Vasilij Kandinskij ved den progressive Phalanx-skulen i Munchen. Saman med Kandinskij og Aleksej von Jawlensky stifta ho Neue Kunstlervereinigung i Munchen i 1909. Ho bidrog til fleire av dei viktige avantgarde-utstillingane i Tyskland føre verdskrigen , mellom anna pa utstillingane til Der Blaue Reiter -rørsla.

Etter fyrste verdskrigen flytta ho mykje rundt, til dess ho slo seg ned i Murnau am Staffelsee i Oberbayern, der ho og Kandinskij hadde budd i lag sommarmanadene ara 1909-14. Ho mala oftast landskap, stilen hennar minner meir om Jawlensky sin stil enn Kandinskij sin.

Munter levde eit tilbaketrekt liv fram til ho i samband med 80-arsdagen i 1957 donerte 120 Kandinskij-bilete og 60 av sine eigne, i tillegg til bilete av ei rad andre leiande 1900-talskunstnarar, til Munchen by.

Gabriele Munter døydde og vart gravlagd i smabyen Murnau i 1962.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]