Full storm

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Verknaden til full storm pa sjøen.

Full storm er den midtre av stormkategoriane med kategori 10 pa beaufortskalaen . [1] Vindsnøggleiken er da 24,5 til 28,4 m/s, 88-102 km/t eller 48?55 knop . [2] I eldre sjønemning heiter vindstyrken ≪storm≫.

Verknad [ endre | endre wikiteksten ]

Pa land [ endre | endre wikiteksten ]

Full storm er sjeldan inne i landet. Han kan føra til at tre rotveltar, og kan gjera stor skade pa hus. [1]

Til fjells [ endre | endre wikiteksten ]

Full storm og høgare vindstyrker vil dei fleste aldri kome ut for pa fjellet. Tre kan velta over leidningar for telefon og straum. Det knakar i tømmerveggar. Lette smahus kan verta rivne av grunnmuren. [1]

Til sjøs [ endre | endre wikiteksten ]

Stormen lagar særs høge bølgjer (9?12,5 m) med lange, overhengande kammar. Skummet vert danna i store flak, og driv med vinden i tette kvite strimer sa sjøen far ein kvitaktig utsjanad. Rullinga blir tung og støytande. Redusert sikt. [1]

Namn pa andre sprak [ endre | endre wikiteksten ]

Sprak Namn
Svensk Storm
Dansk Storm
Færøysk Hvassur stormur
Islandsk Rok
Engelsk Storm eller whole gale

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]