Fulham FC
|
|
|
Fullt namn
|
Fulham FC
|
Kallenamn
|
Cottagers
|
Grunnlagd
|
1879
|
Heimebane
|
Craven Cottage,
London
(Kapasitet: 22 230)
|
Styreleiar
|
Mohamed Al-Fayed
|
Hovudtrenar
|
Chris Coleman
|
Liga
|
Premier League
|
|
Fulham Football Club
er ein
engelsk
fotballklubb
som spelar i
FA Premier League
. Klubben vart stifta i
1879
, og vart vald inn i
The Football League
i 1907. ≪Cottagers≫, som er kallenamnet til Fulham, spelar heimmekampane sine pa
Craven Cottage
i
Fulham
. Fulham er ein stad i bydelen
Hammersmith og Fulham
som ligg i det vestlege
London
.
Micky Adams fekk managerjobben midt pa 1990-talet, og i løpet av to sesongar hadde han løfta Fulham fra tredje til andre divisjon. Millionæren
Mohammed Al-Fayed
kjøpte klubben denne sommaren. Han leigde inn managerduoen
Ray Wilkins
og
Kevin Keegan
, og lova at klubben skulle spele i Premier League i løpet av fem ar.
Etter usemje omkring laguttaket forlet Wilkins klubben, etter at dei nesten hadde greidd opprykk til fyrste divisjon. Neste divisjon leia Keegan laget til opprykk pa ein suveren mate, laget tok heile 110 poeng av 138 moglege. Keegan slutta deretter for a verte manager for det engelske landslaget, og veteranspelaren
Paul Bracewell
overtok leiinga i Fulham.
Den fyrste seongen til Fulham i 1. divisjon enda med niande plass. Bracewell fekk sparken tidleg i sesongen, og fleire midlertidige managerar var innom klubben i løpet av sesongen.
Jean Tigana
vart sa ny manager, og etter a ha kjøpt inn fleire unge stjerner, mellom andre
Louis Saha
, leia han Fulham til det tredje opprykket i klubben pa fem sesongar, enda ein gong pa ein overbevisande mate. I løpet av sesongen kapteinen og no manageren i klubben, Chris Coleman, innblanda i eit trafikkuhell, som førte til at fotballkarrieren tok slutt.
Coleman vart utpeika som ny manager ved starten av 2003/2004-sesongen. Han hadde hatt mellombels leiaransvar i nokre manader allereie, etter at Tigana fekk sparken etter to og et halvt ar i Premier League med middelmadige resultat.
Fulham spelar no heimekampane sine pa Craven Cottage, men brukte nyleg bana til
Queens Park Rangers
,
Loftus Road
, i to sesongar.
- Vinnar av 1. divisjon (gamle 2. divisjon): 2000/01.
- Vinnar av 2. divisjon: 1948/49.
- Vinnar av 2. divisjon (gamle 3. divisjon): 1998/99.
- Vinnar av 3 divisjon (sør): 1931/32.
- Finalist i
FA-cupen
: 1975.
Fra 1879 til 2005 har Fulham hatt 10 engelske landslagsspelarar. Til saman har desse spela 107 kampar, og scora 18 mal. I 106 av kampane har spelaren fra Fulham vore med fra start, og i 22 kampar har det engelske landslaget hatt ein kaptein som representerte Fulham pa klubbniva.