한국   대만   중국   일본 
Fritidsbustad ? Wikipedia Hopp til innhald

Fritidsbustad

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Fritidsbustaden Marzenie eller Pintsch Villa i Polen, bygd i 1901 av arkitektfirmaet Cremer & Wolffenstein.

Fritidsbustad eller fritidshus er ei nemning for privat bustad, hus eller husvære som berre vert nytta i samband med eigaren si eiga fritid og ferie , eller som vert leigd ut til slikt føremal. Fritidsbustader ligg gjerne pa stader der det er lagt til rette for ymse fritidsaktivitetar pa vinterstid, eller der naturen gjev høve til friluftsliv og andre fritidsaktivitetar aret rundt, eller særleg om sommaren. I mange høve vert nemninga sommarhus nytta synonymt med fritidshus eller fritidsbustad.

Fritidsbustader i Noreg [ endre | endre wikiteksten ]

Eit frittliggjande fritidshus med berre eit husvære vert vanlegvis kalla ei hytte , jamvel om huset er stort og velutstyrt. Men tradisjonelt har nemninga hytte berre vore nytta om sma og enkelt utstyrte fritidshus. Ein fritidsbustad kan og vere eit av fleire husvære i bustadblokker , i rekkjehus eller liknande, slik det har vorte vanleg pa sakalla vintersportstader med skitrekk og preparerte utfor-, slalam -, langrenns- og turløyper. Her kan det vere tettbygde omrade med fritidsbustader som i det vesentlege ikkje skil seg særleg mykje fra tettbygde bustadsomrade i byer. Ofte er det fastsett i offentlege føresegner og kommunale arealplaner kva som skal reknast som fritidsbustader, fritidshus og hytter.

Vakre kulturlandskap og ikkje utbygde omrade med særleg høge landskapskvalitetar er dei mest ettertrakta omrada for a byggje fritidsbustader, og dette er ofte landskap som bør takast vare pa som dei er, eller byggjast ut med varsemd. Det er difor eit nasjonalt mal at omrade som vert utpeika til bygging av fritidshus skal verte plassert og utforma under omsyn til naturverdiane, slik at det vert lagt stor nok vekt pa slike tilhøve som landskapet, miljøet, ressursbruken og estetikken. I kommuneplanane kan det i medhald av plan- og bygningsloven kapittel 11 vere utpeika omrade for fritidshus eller hytter med føresegner om til dømes storleiken pa husa, kor mange hus det skal vere, og jamvel andre plankrav og detaljar, og det ligg elles til kommunen ifylgje kapittel 12 den same lova a vedta reguleringsplanar for fritidshus- eller hytteomrade eller vrake framlegg om slike reguleringsplanar. Ifylgje denne lova ligg det og til kommunen a godkjenne eller avsla søknader om nybygging, ombygging og utvidingar av fritidshus og hytter. Korleis fritidseigedomar kan nyttast, er dessutan regulert i ein viss mon i friluftsloven fra 28. juni 1957 og naturmangfoldloven fra 19. juni 2009.