한국   대만   중국   일본 
Frisisk ? Wikipedia Hopp til innhald

Frisisk

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Frisisk
vestfrisisk Frysk ; saterfrisisk Fraisk ; nordfrisisk Friisk , fresk , freesk , frasch , fraisch , freesch
Klassifisering Indoeuropeisk
  Germansk
   Vestgermansk
     Frisisk
Talarar frisarar
Bruk
Tala i Nederland , Tyskland
Omrade Friesland , Nordfriesland
Frisisktalande i alt 200 000
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem det latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt sprak i -
Normert av Fryske Akademy
Sprakkodar
ISO 639-1 fy
ISO 639-2 fry
ISO 639-3 fry

Frisisk høyrer til dei vestgermanske spraka . Frisisk er utbreidd langs nordsjøkysten av Nederland og Tyskland , og blir tala av om lag 400 000 menneske.

Dei første skriftlege kjeldene stammar fra 800-talet , da det frisiske spraket framleis vart sett pa som del av det gammallagtyske spraket.

Oppdeling [ endre | endre wikiteksten ]

Det frisiske spraket som finst i dag oppstod i løpet av 1400-talet , og er no oppdelt i tre dialektgrupper , som er sa ulike at brukarane har vanskar med a skjøne kvarandre.

Kvar av desse dialektgruppene har sa fleire dialektvarietetar.

Det frisiske sprakomradet
Nordfrisiske dialektar

Status [ endre | endre wikiteksten ]

Tosprakleg skilting i nederlandske Friesland

Saterfrisisk og Nordfrisisk er offisielle minoritetssprak i Tyskland, medan frisisk i Nederland er eitt av to offisielle sprak i Nederland, med spesielle rettar i provinsen Friesland .

ISO 639-1 -kode fy og ISO 639-2 -kode fry har vore tildelte frisisk sprak som heilskap, men er fra 2006 berre nytta for frisisk i Nederland. Den nye ISO 639 - koden er nytta for saterfrisisk, medan den nye ISO 639 -koden frr er nytta for dei nordfrisiske varietetane i Slesvik-Holstein.

Sprakhistorie [ endre | endre wikiteksten ]

Fra romerske historikarar som Plinius og Tacitus veit vi at det før var tidsrekning fanst eit folk som vart kalla frisarar. Lovverket Lex Frisionum (802) fortel vidare om eit frisisk rike. Dei eldste tekstane ein kjenner til som er skrivne pa frisisk, er fra 1200-talet, og er hovudsakleg lovtekstar, handskrifter og bryllaupsdikt. Det er omdiskutert kor vidt det frisisktalande omradet rakk, det vert stundom tala om kystomradet fra Brugge i Belgia til elva Weser i Nord-Tyskland. Det geografiske nedslagsfeltet vart av spraksosiologiske grunnar snevra inn i seinmellomalderen. I 1289 vart styringa av det frisiske omradet i sør overteke av hollendarar, og deretter fall store delar av det frisiske omradet ifra, og frisisk tapte terreng for nedertyske dialektar. Det omradet som heldt stand lengst, var det som i dag utgjer provinsen Friesland. Men pa 1500-talet rakna og det politiske sjølvstendet for Friesland, fyrst gjennom saksisk kontroll (1498), dinest gjennom fyrstehuset Habsburg (1524) og sa gjennom Utrecht-unionen (1579).

Perioden fra 1500 til 1800 vert kalla mellomfrisisk tid, og avløyste gamalfrisisk tid. Vi finn lite skriftleg materiale fra mellomfrisisk tid. Pa landsbygda heldt folk fram med a tale frisiske dialektar, men i byane utvikla det seg ein blandingsvarietet av frisisk og nederlandsk, stedsfrysk (byfrisisk). Frisisk gjekk saleis gjennom eit statustap og domenetap . Reformasjonen gjorde at nederlandsk kom inn som kyrkjesprak, og det gjorde at og den jamne frisar kom i kontakt med nederlandsk. Auka kontakt med Holland, særleg gjennom handel, spela og ei viktig rolle. Trass i at skulemeisteren Gysbert Japiks (skrivematen "Japicx" og "Japix" er og nytta) (1603-1666) moderniserte frisisk som skriftsprak, lag det frisiske skriftlivet i dvale fram til 1800-talet.

Dagens frisiske skriftnormal spring ut av malreising pa 1800-talet, med diskusjonar som gjekk tilbake til 1770-talet. Pa 1820- og 1830-talet kom det saleis ut fleire vitskaplege arbeid om frisisk sprak, og i 1827 vart det danna eit lag for a fremje granskinga av frisisk sprak og historie, Friesch Genootschap van Geschied-, Oudheid- en Taalkunde. Eit av dei vitskaplege verka om frisisk sprak var Glossarium der friesischen Sprache, besonders in nordfriesischer Mundart av Nicolaus Outzen (utgjeve av L. Engelstoft og C. Molbech, København 1837).

Ut fra innsamlinga av tradisjonsstoff oppstod det eit normproblem: Korleis skulle frisisk skrivast? Etter ein del strid samla frisarane seg om ei norm basert pa eit framlegg fra Joast Hiddes Halbertsma (1789-1869). Han ville byggje skriftmalet mest mogleg pa talemalet i samtida, ikkje pa gamalfrisisk, og tok utgangspunkt i ein dialekt, klaai-frisisk. Den var mest utbreidd og minst paverka av nederlandsk, og hadde saleis mange gamle former og.

Ei viss demokratisering av den frisiske malrørsla skjedde i 1844, da Selskip foar Fryske Taal en Skriftekennisse vart skipa. Demokratiseringa vart sterkare mot slutten av 1800-talet, da det gjekk føre seg ei kopling mellom arbeidarrørsla og malrørsla. Viktig var innsatsen til Pieter Jelles Troelstra (1860?1930); han peikte pa at spraksituasjonen i Friesland verka sosialt diskrimerande: Bønder og arbeidarar som ikkje kunne formulere seg sa godt pa nederlandsk, greidde ikkje a hevde seg i samfunnsdebatten.

I mellomkrigstida var Jongfryske Mienskip (Ungfrisisk samfunn) dei fremste talsmennene for frisisk; dei formulerte eit program for a gjere Friesland meir sjølvstendig og frisisk meir utbreidd. Pa denne tida fekk den frisiske rørsla og ei viss gjennomslagskraft blant folk flest.

Pa 1970- og 1980-talet skjedde ei viss revitalisering av den frisiske rørsla, da vart ho kopla til arbeidet for desentralisering og grøne verdiar. Rørsla har dei siste ara fatt ein del gjennomslag for forsøk med tosprakleg undervisning, og set no sin lit til at frisisk kan haldast oppe gjennom ei medviten tospraklegheit . Viktig er dessutan institusjonalisering gjennom arbeidet at provinsstyresmaktene og det frisiske akademiet, Fryske Akademy . Jamvel om frisisk og nederlandsk er offisielle sprak i Friesland, og jamvel om alle elevar skal ha noko frisiskundervisning i skulen, er det likevel ikkje tale om sprakleg jamstilling , heller ikkje i det offentlege. Frisisk har dessutan ein marginal posisjon i media og næringsliv.

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Nordfriesischer Verein: Die Geschichte der Friesen , arkivert fra originalen 13. oktober 2010 , henta 21. august 2008  
  2. Virtuelt Museum: Frisernes udbredelse

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikipedia pa frisisk


Spire Denne sprakartikkelen er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .