한국   대만   중국   일본 
Franz Marc ? Wikipedia Hopp til innhald

Franz Marc

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Franz Marc

Franz Marc i 1910
Statsborgarskap Det tyske keisardømet
Fødd 8. februar 1880
Munchen
Død

4. mars 1916 (36 ar)
Braquis , Verdun

Yrke kunstmalar , illustratør , grafikar , grafikar , biletkunstnar
Sjanger dyremaleri , abstrakt kunst , sjangerkunst , landskapsmaleri , stilleben , akt
Medlem av Der Blaue Reiter
Far Wilhelm Marc
Ektefelle Marie Schnur , Maria Marc
Signatur
Franz Marc pa Commons

Franz Marc ( 8. februar   1880 4. mars   1916 ) var ein tysk ekspresjonistisk malar. Han er særleg kjend for sine mange hestemotiv, og sin kraftige fargebruk. Faren, Wilhelm Marc, var ein profesjonell landskapsmalar som underviste ved kunstakademiet i Munchen .

Tarnet av bla hestar , 1911
Radyr i skogen , 1914
Tiger

Liv og gjerning [ endre | endre wikiteksten ]

Franz Marc var fødd i Munchen, og studerte ei tid filosofi og teologi ved universitetet i heimbyen, malet var a verte prest. Han voks opp i ein religiøs heim; mora var ein strikt kalvinist , og faren ein katolikk som hadde gatt over til protestantismen . Marc fekk saleis ei protestantisk oppfostring i eit elles katolsk Bayern .

Under sitt ar som vernepliktig lærde Marc seg a ride, og utvikla den kjærleiken til hestar som seinare sa sterkt skulle kome til a prege kunsten hans. Omkring den tid var det han bestemte seg for verte kunstnar. Han byrja da i 1900 a studere ved Akademie der Bildenden Kunste i Munchen, og fekk der ei solid og grunnleggande utdanning som vart avslutta i 1903.

Ara 1903 og 1907 reiste Marc i Frankrike , og brukte særleg mykje tid i Paris . Der gjorde han seg kjend med ulike kunstnarkrinsar, og vart mykje tiltala grad av post- impresjonismen og verk av bade Vincent van Gogh og Paul Gauguin . I aret 1906 var han elles ein tur i Hellas .

Den djupt religiøse Marc sag pa kunstnargjerninga som ei i sitt vesen andeleg sysselsetting. Fra og med aret 1910 konsentrerte han seg utelukkande om a avbilde dyr, desillusjonert av den materialismen som han fann korrumperte manneætta. I dyra sag Marc noko som han sakna hos menneska; ein ibuande fagerdom, ei livsglede og noko andeleg. Dyra var i balanse, meinte han, og han var nyfiken pa kor dei oppfatta verda. Marc var velkjend med dyr pa fleire matar, mellom anna hadde han studert dyre anatomi og skaut til inntekta gjennom a undervise i emnet.

Hans fokus pa dyr var unik i samtidskunsten. I Marcs tidlege verk dominerer ofte heroiske dyr biletmotivet, men seinare smeltar dei saman med det øvrige landskapet og vert integrert i heilskapsuttrykket i maleriet. Marcs malsetting strekte seg vidare enn enkel dokumentasjon av dyr og deira levemate; han ville lansere eit system av moralske verdiar, som mangla hos menneska, gjennom a kroppsleggjere dei dygdene han sag hos dyra.

I 1909 flytta Marc til Sindelsdorf i Oberbayern , der han levde med kattane sine, to tamme hjortar og hunden Russi.

Jamsides dyremotiva la Marc stor vekt pa farge. Han tilla fargane ulike karakteristikkar, til dømes sag han fargen raud som brutal, tung og eit symbol for materialismen si dominerande stilling. Blafargen var etter Marc sitt syn maskulin og intellektuell, medan gul stod for ein frisloppen femininitet.

Marc var ein av grunnleggarane av Der Blaue Reiter i Munchen 1911. Han samarbeidde med Vasilij Kandinskij og prøvde utforske fargen sin ekpressive verdi. Denne sysselen med fargen var delvis inspirert av maleri laga av Robert Delaunay , som Marc besøkte i Paris 1912 saman med August Macke . Truleg var den ogsa inspirert av Goethes fargelære. Franz Marc sitt arbeid med fargar i maleria kan elles samanstillast med fauvismen og naivismen . Stilelement fra pointillisme , syntetisme og abstrakst ekspresjonisme prega etter tur arbeida hans.

Franz Marc fall ved Verdun under første verdskrigen .

I 1937 vart verk av han tekne med pa den nazistiske kunstutstillinga Entartete Kunst i Munchen.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]