한국   대만   중국   일본 
Frøysjøen ? Wikipedia Hopp til innhald

Frøysjøen

Koordinatar : 61°29′56.807″N 4°47′43.915″E  /  61.49911306°N 4.79553194°E  / 61.49911306; 4.79553194
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

61°29′56.807″N 4°47′43.915″E  /  61.49911306°N 4.79553194°E  / 61.49911306; 4.79553194

Kalvag ved Frøysjøen i Bremanger

Frøysjøen er ein fjord i kommunane Bremanger og Kinn i Vestland . Dei yste delane av fjorden ligg og i Flora kommune . Fjorden ligg pa sørsida av øya Frøya , som han er kalla opp etter, og Bremangerlandet og strekkjer seg 35 km nordaustover.

Fjorden har innløp i havgapet mellom Frøyskjera i nord og øya Hovden i sør. Innanfor Frøyskjera ligg Frøya med tettstaden Kalvag ligg pa sørsida. Fra her gar riksveg 616 over til øya Smørhamnsøy , der det far ferje fra Smørhamn og over fjorden til Kjelkenes i sidefjorden Midtgulen . Overfartstida tar om lag 40 minutt. Resten av fjorden gar hovudsakleg pa sørsida av Bremangerlandet. Pa sørsida av fjorden ligg sidefjorden Gulen med dei tre fjordarmane Nordgulen , Midtgulen og Sørgulen .

Ved Øgarden pa Bremangerlandet gar Berlepollen nordover pa øya. Litt lenger inn i fjorden ligg Hennøya, som bade er ei øy og ei grend pa fastlandet, pa sørsida. Søraust for Bremangerlandet gar Vingepollen rett austover, medan Frøysjøen svingar nordover til austsida av Bremangerlandet. Her ligg grenda Lofnes pa nordsida av fjorden. Pa nordsida av Bremangerlandet gar Skatestraumen. Fra Lofnes gar fjordarmen Botnepollen inn til botn av fjorden, der garden Botnen ligg.

Fjellet Hornelen pa 860 meter over havet ligg heilt aust pa Bremangerlandet og stupar rett ned i fjorden nedanfor.