한국   대만   중국   일본 
Folkekirken ? Wikipedia Hopp til innhald

Folkekirken

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Folkekirken
Skipa 1536
Medlemmer 4 276 271
Nettstad http://www.folkekirken.dk   Sjå dette på Wikidata
Rinkenæs kyrkje. Dannebrog er heist under gudstenesta.

Folkekirken er den danske statskyrkja og det største kyrkjesamfunnet i Danmark . Kyrkja byggjer pa den evangelisk-lutherske læra som blei innført ved reformasjonen i 1536 . Sidan 2010 har kyrkja vore med i Porvoo-fellesskapen saman med andre lutherske og anglikanske kyrkjer.

Tilhøvet til staten er nedfelt i den danske grunnloven , der det star at ≪Den evangelisk-lutherske kirke er den danske folkekirke og understøttes som sadan af staten.≫ Kyrkja er underlagt Kirkeministeriet i Danmark med kyrkjeministeren som øvste leiar.

Folkekirken er delt inn i 10 stift i Danmark og 1 pa Grønland som kvart er leidd av ein biskop . Desse er igjen inndelt i til saman 107 prosti og vidare i sokn, som blir styrte av valde soknerad. I 2011 hadde Folkekirken 2 123 sokn og 2 354 kyrkjer. Den 1. januar 2023 hadde kyrkja 4 276 271 medlemmer, noko som tilsvarer 72,1 % av innbyggjarane i Danmark. [1]

Folkekirken fungerer og som eit folkeregister . Ho registrerer fødslar , dødsfall , namneendringar og liknande i heile landet, bortsett fra i Sønderjylland , der kommunane gjer dette.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Medlemmer≫ , Folkekirken.dk (pa dansk) , henta 27. september 2023  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Folkekirken