한국   대만   중국   일본 
Fel-Jakup ? Wikipedia Hopp til innhald

Fel-Jakup

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Fel-Jakup ( 2. februar   1821 27. juli   1876 ) eller Jakop Olsen Felodden var ein vidkjend spelemann. Fel-Jakup vart ogsa kalla Fel-guten og pa vestlandet for Loms-Jakup. Han hadde ein høgt utvikla teknikk, og mange av slattane hans kravde posisjonsspel. Truleg er han den mest kjende spelemannen pa vanleg fele, og har vore samanlikna med Myllarguten og hardingfelemusikken.

Jakup vart fødd i Skjak utanfor ekteskap og sett pa legd i 7-ars alderen. Allereie i undomsara vart han lagd merke til for felespelet sitt. I store delar av livet reiste han omkring i Gudbrandsdalen , Nordfjord , pa Sunnmøre , i Romsdalen , pa Nordmøre og pa Oppdal , og han fekk mykje a seie bade for spelestil og repertoar. Han spreidde den nyare dansemusikken, runddansslattane , valsespelet , og springdansen . Fel-Jakup reiste ogsa rundt saman med Fant-Karl eit par ar midt pa 1840-talet , og lærte mykje av han.

Fel-Jakup er den spelemann som har sett størst merke etter seg i Ottadalen . Han var det store idealet i samtida og for spelemenn i seinare tid. Ei mengd slattar er knytt til Fel-Jakup-namnet. Mellom dei mest kjende er Lomsvogga og Vindfluguleiken .

Meisterspelemannen Rikkar Skjelkvale fra Skjak vidareførte speltradisjonen etter Fel-Jakup. Tvillingbrørne Alfred og Mattias Bismo fra Skjak var dei fremste læresveinane til Rikkar Skjelkvale.

Han var busett pa husmannsplassen Felodden pa Nordberg i Skjak.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]