한국   대만   중국   일본 
Falco ? Wikipedia Hopp til innhald

Falco

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Falco
Aplomadofalk, Falco femoralis Foto: Elaine R. Wilson
Aplomadofalk , Falco femoralis
Foto: Elaine R. Wilson
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Falkefuglar Falconiformes
Familie: Falkefamilien Falconidae
Underfamilie: Falconinae
Slekt: Falco
Linnaeus , 1758

Falco er ei biologisk slekt av rovfuglar som er utbreidd pa alle kontinenta i verda med i alt ca. 38 artar. Falco femnar om fleirtalet av falkeartane i verda [1] og samtlege falkar utbreidd i Europa . [2]

Vandrefalkar har vorte registrert i 320 km/t under stup, noko som gjer dei til dei snøggaste skapningar ein kjenner. [3] Andre kjente falkar i denne slekta er jaktfalk , slagfalk og dvergfalk . Somme Falco -artar har fellesnamet 'hobby' pa engelsk. Hobby er typisk mørke, sma falkar med lange smale venger, i Europa representert med arten lerkefalk , Falco subbuteo , engelsk 'Eurasian Hobby'. Ei anna gruppe svevar mykje under jakt og kallast 'kestrel' pa engelsk, der tarnfalk og raudfalk er ein typiske artar i Europa, medan sporvefalk , 'American Kestrel' er vidt utbreidd i Amerika . Falco -slekta er ein del av falkefamilien, Falconidae , som og inkluderer karakaraer , latterfalk , parakittfalk , pygmefalkar , skogfalkar og falkonettar . [1]

Vaksne falkar i denne slekta har tynne koniske venger , som gjer dei i stand til a flyge i høg fart og for a gjere kjappe retningsendringar. Unge falkar i første levearet har lengre vengefjør, noko som gjer det enklere a flyge medan dei lærer eksepsjonelle dugleikar som blir kravd for a vere effektive jegerar som vaksne. Som for mange andre rovfuglar , har falkar eksepsjonell synsevne. Dugleiken i syn for ein falkeart blei ein gong malt til 2,6 gonger betre enn normalt hos menneske. [4]

Sporvefalk i stup
Foto: Kevin Cole

Artslista [ endre | endre wikiteksten ]

Falco i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 [5] med norske namn etter Norske navn pa verdens fugler : [6]

  • Raudfalk , Falco naumanni , Lesser Kestrel, Fleischer, JG, 1818, (LC)
  • Tarnfalk , Falco tinnunculus , Eurasian Kestrel, Linne, 1758, (LC)
  • Klippefalk , Falco rupicolus , Rock Kestrel, Daudin, 1800
  • Madagaskarfalk , Falco newtoni , Madagascar Kestrel, Gurney Sr, 1863, (LC)
  • Mauritiusfalk , Falco punctatus , Mauritius Kestrel, Temminck, 1821, (EN)
  • Seychellfalk , Falco araeus , Seychelles Kestrel, Oberholser, 1917, (VU)
  • Indonesiafalk , Falco moluccensis , Spotted Kestrel, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Australfalk , Falco cenchroides , Australian Kestrel, Vigors & Horsfield, 1827, (LC)
  • Slettefalk , Falco rupicoloides , Greater Kestrel, Smith, A, 1829, (LC)
  • Sporvefalk , Falco sparverius , American Kestrel, Linne, 1758, (LC)
  • Revefalk , Falco alopex , Fox Kestrel, Heuglin, 1861, (LC)
  • Skiferfalk , Falco ardosiaceus , Gray Kestrel, Vieillot, 1823, (LC)
  • Kvitgumpfalk , Falco dickinsoni , Dickinson's Kestrel, Sclater, 1864, (LC)
  • Grastripefalk , Falco zoniventris , Banded Kestrel, Peters, W, 1854, (LC)
  • Raudhovudfalk , Falco chicquera , Red-necked Falcon, Daudin, 1800, (NT)
  • Kveldsfalk , Falco vespertinus , Red-footed Falcon, Linne, 1766, (NT)
  • Amurfalk , Falco amurensis , Amur Falcon, Radde, 1863, (LC)
  • Eleonorafalk , Falco eleonorae , Eleonora's Falcon, Gene, 1839, (LC)
  • Sotfalk , Falco concolor , Sooty Falcon, Temminck, 1825, (VU)
  • Dvergfalk , Falco columbarius , Merlin, Linne, 1758, (LC)
  • Lerkefalk , Falco subbuteo , Eurasian Hobby, Linne, 1758, (LC)
  • Termittfalk , Falco cuvierii , African Hobby, Smith, A, 1830, (LC)
  • Libellefalk , Falco severus , Oriental Hobby, Horsfield, 1821, (LC)
  • Eukalyptusfalk , Falco longipennis , Australian Hobby, Swainson, 1838, (LC)
  • Maorifalk , Falco novaeseelandiae , New Zealand Falcon, Gmelin, 1788, (NT)
  • Brunfalk , Falco berigora , Brown Falcon, Vigors & Horsfield, 1827, (LC)
  • Sølvfalk , Falco hypoleucos , Gray Falcon, Gould, 1841, (VU)
  • Svartfalk , Falco subniger , Black Falcon, Gray, 1843, (LC)
  • Aplomadofalk , Falco femoralis , Aplomado Falcon, Temminck, 1822, (LC)
  • Flaggermusfalk , Falco rufigularis , Bat Falcon, Daudin, 1800, (LC)
  • Langtafalk , Falco deiroleucus , Orange-breasted Falcon, Temminck, 1825, (NT)
  • Slagfalk , Falco biarmicus , Lanner Falcon, Temminck, 1825, (LC)
  • Rajafalk , Falco jugger , Laggar Falcon, Gray, JE, 1834, (NT)
  • Tartarfalk , Falco cherrug , Saker Falcon, Gray, JE, 1834, (EN)
  • Jaktfalk , Falco rusticolus , Gyrfalcon, Linne, 1758, (LC)
  • Vandrefalk , Falco peregrinus , Peregrine Falcon, Tunstall, 1771, (LC)
  • Præriefalk , Falco mexicanus , Prairie Falcon, Schlegel, 1850, (LC)
  • Svalefalk , Falco fasciinucha , Taita Falcon, Reichenow & Neumann, 1895, (VU)

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV) , Cornell Lab of Ornithology  
  2. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820 .
  3. Becker, Jonathan J. (1987). ≪Revision of "Falco" ramenta Wetmore and the Neogene evolution of the Falconidae≫ (PDF) . Auk 104 (2): 270?276.  
  4. Fox, R; Lehmkuhle, S.; Westendorf, D. (1976). ≪Falcon visual acuity≫. Science 192 (4236): 263?5. PMID   1257767 . doi : 10.1126/science.1257767 .  
  5. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV) , Cornell Lab of Ornithology , henta 24. februar 2019  
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomite for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn pa verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Falco