FNL

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Flagg nytta av FNL

Front National de Liberation ( vietnamesisk M?t Tr?n Gi?i Phong Mi?n Nam Vi?t Nam , ≪Den nasjonale fronten for frigjeringa av det sørlege Vietnam≫, forkorta FNL , ogsa kalla Viet Cong av motstandarane sine) var den fremste opprørsorganisasjonen i Vietnam mot slutten av det franske kolonistyret og under den amerikanske Vietnamkrigen . FNL framstilte seg sjølv som ein nasjonal front samansett av forskjellige grupper som var mot det franske styret og seinare den amerikanskstøtta Republikken Vietnam ; men fronten var likevel sterkt dominert av kommunistpartiet . Den militære greina vart kalla Folkets væpna frigjeringsstyrkar .

I 1969 oppretta FNL ein provisorisk stat, Republikken Sør-Vietnam . Denne hadde fram til Saigons fall i 1975 ikkje reell makt, men styrte sa Sør-Vietnam fram til heile landet vart underlagt Den sosialistiske republikken Vietnam i 1976 .

Under Vietnamkrigen vart det ofte papeika fra amerikansk side at FNL-soldater gjekk kledde som sivile, slik at det ikkje var mogleg a avgjera kven som var stridande og kven som var sivile i konflikten. Den offisielle prosedyren var at alle FNL-soldatar, sjølv om dei ikkje var kledde i uniform, skulle behandlast som krigsfangar etter Genevekonvensjonen . I realiteten vart mange avretta pa staden, og mange sivile vart torturerte og drepne fordi dei vart mistenkte for a vera FNL-soldatar.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]