Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Futbol Club Barcelona
er ein
spansk
(
katalansk
)
fotballklubb
. Heimebana
Camp Nou
ligg i byen
Barcelona
.
FC Barcelona er den største
idrettsklubben
i verda med over 130 000 medlemar fra heile verda. Fotballaget er det einaste som har delteke i europacupar uavbrote sidan byrjinga i 1955. Klubben sine andre lag (basketball, handball, landhockey, friidrett, ishockey, innefotball, rugby, baseball, volleyball og kvinnefotball) har vunne ei rekkje titlar bade nasjonalt og internasjonalt. FC Barcelona har 21 spanske seriemeisterskap, 25 sigrar i den spanske cupen, to sigrar i
UEFA Champions League
/Serievinnarcupen, fire i cupvinnarcupen og fire i UEFA-cupen.
Noverande hovudtrenar er
Hans-Dieter Flick
.
FC Barcelona vart stifta den
29. november
1899
av
sveitsaren
Hans Gamper. Hans, som i
Katalonia
vert kalla Joan, var ein fotballentusiast og kom til
Barcelona
først i 1898 i samband med forretningar. Allereie i
1901
vann klubben sin første tittel.
Da
den spanske ligaen
(La Liga) vart stifta i
1929
vann FC Barcelona den første sesongen. Klubben fekk problem i tida etter
den spanske borgarkrigen
. Klubben følte seg ofte diskriminert i høve rivalen fra
Castilla
,
Real Madrid
.
Etter vanskelege ar i etterkrigstida fekk klubben ei renessanse da
nederlendaren
Johan Cruijff
kom til klubben i 1973. Den rekordhøge overgangssummen pa £ 922 300 vart raskt gløymd da han leia FC Barcelona til ein 5-0-seier mot Real Madrid pa
Santiago Bernabeu
, noko som sikra FC Barcelona serieimesterskapen.
Tidleg i 1990-ara vart FC Barcelona den leiande klubben i Spania, med fire seriemeisterskap pa rad fra 1990 til 1994, i tillegg til ein siger i Champions League. Klubben vart pa denne tida leia av Cruyff.