Finalelaga da dei entra Wembley-matta 2.6.1971, Ajax-spelarane til venstre
Europacupen i fotball 1971
var ei fotballturnering der vinnarane av 32 europeiske toppseriar i fotball var pamelde, attat tittelforsvarar
Feyenoord
. Turneringa var den 16. i rekka og vart vunnen av
Ajax
fra
Amsterdam
. I finalen 2. juni 1971 i
London
vann laget med 2-0 over
greske
Panathinaikos fra
Aten
. Sigeren var den fyrste av tre rake triumfar i
Europacupen i fotball
til det nederlandske meisterlaget.
Europacupen 1971 var ei rein utslagsturnering. Ved lik malskilnad etter dobbelkamp talde bortemal dobbelt. Turneringa tok til med ei forrunde 18. august og 2. september 1970, der serievinnarane i
Bulgaria
og
Austerrike
spelte om retten til a vere med i 1. runde. Vinnarlaget Ajax slo pa sin veg mot finalen ut Nentori
Tirana
, FC
Basel
,
Celtic FC
og
Atletico Madrid
, medan Panathinaikos pa si side slo ut Jeunesse Esch fra
Luxembourg
i fyrste runde, og sidan
Slovan Bratislava
,
Everton FC
og
Raude Stjerne
fra
Beograd
, begge dei sistnemnde pa bortemalsregelen.
Lagoppstillingane i finalen
83 179 tilskodarar sag finalen pa
Wembley stadion
i London. Midtspissen Dick van Dijk gav Ajax leiinga allereie i det femte minutt, medan innbytaren
Arie Haan
bestemte sluttresultatet med ei skaring i det 87. minutt.
Vinnarlaget
Ajax
stilte med fylgjande mannskap: Heinz Stuy,
Johan Neeskens
, Barry Hulshoff,
Velibor Vasovi?
(kaptein),
Wim Suurbier
,
Johan Cruijff
, Nico Rijnders, Gerrie Muhren, Sjaak Swart, Dick van Dijk og
Piet Keizer
. Rijnders og Swart vart i pausen bytta ut med Horst Blankenburg og Arie Haan.
For
Panathinaikos
spelte Panagiotis Ikonomopoulos, Yianis Tomaras, Anthimos Kapsis, Frangiskos Sourpos, Giorgios Vlahos, Aristidis Kamaras,
Mimis Domazos
(kaptein), Kostas Eleftherakis, Haris Grammos, Antonis Antoniadis og Totis Filakouras.
Jack Taylor fra
England
dømde kampen.