한국   대만   중국   일본 
Eugene Grasset ? Wikipedia Hopp til innhald

Eugene Grasset

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Eugene Grasset

Fernand Desmoulins: Eugene Grasset , ca. 1897
Statsborgarskap Frankrike, Sveits
Fødd 25. mai 1845
Lausanne
Død

23. oktober 1917 (72 ar)
Sceaux

Yrke typograf , plakatkunstner , bilethoggar , kunstmalar , frimerkekunstnar , illustratør , litograf , grafisk designar , grafikar , teiknar , smykkedesigner
Sprak fransk
Eugene Grasset pa Commons

Eugene Samuel Grasset ( 25. mai   1845 23. oktober   1917 ) var ein sveitsisk - fransk bilethoggar, malar og illustratør. Han var aktiv under belle epoque og vert rekna som ein av pionerane innanfor art nouveau .

Liv og gjerning [ endre | endre wikiteksten ]

Encre L. Marquet , plakat fra 1892

Grasset var fødd i Lausanne , der far hans var møbelsnikkar. Mellom 1861 og -63 studerte Grasset arkitektur ved den polytekniske skulen i Zurich under professor Gottfried Semper. Etter studiane i Zurich arbeidde han ei stund i eit arkitektfirma i Lausanne, før han 1865-66 la ut pa ein studietur over Marseille til Egypt . Ei tid deretter arbeidde han som malar og skulptør i heimbyen.

I 1871 flytta Grasset til Paris. Dei følgjande ara var han aktiv i nesten alle former for brukskunst . Grasset opplevde snart stor suksess som illustratør, men designa bade møblar og plakatar og stod for utforminga av fasaden pa Hotel de Dumas i Paris. Størst lukke gjorde han som plakatkunstnar da han fra 1877 tok i bruk grafisk kunst. Vidare laga han mosaikkar , glasmaleri, tapetmønster, smykke , kalenderar , frimerke og mykje meir. Illustrasjonane hans er særleg paverka av stilen til Gustave Dore , men nar det gjaldt arbeid av meir kommersiell art var det verk av Eugene Viollet-le-Duc som var førebiletet hans.

Grasset tok fransk statsborgarskap i 1891. Tida 1890-1903 underviste han som professor ved Ecole Guerin, og i ara fra 1905 til han døydde var han lærar pa Ecole Estienne. Begge skulane lag i Paris. Mellom studentane hans finn ein Augusto Giacometti , Ernst Otto og Paul Follot . Til verdsutstillinga i Paris i 1900 skapte og presenterte han skrifttypen ≪Grasset≫.

Grasset døydde i Sceaux i departementet Hauts-de-Seine .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]