한국   대만   중국   일본 
Engelsk opning ? Wikipedia Hopp til innhald

Engelsk opning

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for a beskrive sjakktrekk.
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
1.c4

Engelsk opning er ei sjakkopning som startar med trekket 1.c4, det fjerde mest populære opningstrekket i sjakk. Opninga fekk namnet etter at Howard Staunton brukte den i ein tvikamp mot Pierre St. Amant i 1843 .

Kva som er ≪engelsk≫ [ endre | endre wikiteksten ]

A beskrive nøyaktig kva som er engelsk opning og kva som er noko anna kan vere litt vanskeleg. Nøkkeltrekket er c2-c4 fra kvit, men dette trekket dukkar ogsa opp i mange andre opningar, og difor kan ikkje alle parti som startar med 1.c4 kallast ≪engelsk≫. Etter litt ombyte pa den vanlege rekkefølgja ein gjer trekka, sakalla trekkomkasting, sa er ein inne i stillingar som vanlegvis startar med 1.d4 eller 1.Sf3. For eksempel, etter 1.c4 e6 2.Sf3 Sf6 3.d4 b6 har ein dronningindisk .

Heller ikkje alle parti som kan kallast ≪engelske≫ startar med 1.c4, for eksempel vil 1.Sf3 Sf6 2.c4 bli rekna som engelsk. Til og med parti som opnar med 1.d4 eller 1.e4 kan bli engelske, for eksempel 1.d4 Sf6 2.c4 c5 3.Sf3 eller 1.e4 c5 2.c4. Viss stillinga normalt oppstar etter at kvit har starta med 1.c4 er det truleg engelsk. Til dømes blir ikkje 1.Sf3 d5 2.c4 kalla ≪engelsk≫ men Retis opning , fordi stillinga sjeldan oppstar etter 1.c4 d5 2.Sf3 pa grunn av kvit sitt høve til a spele 2.cxd5.

Prinsipp [ endre | endre wikiteksten ]

1.c4 er eit fleksibelt trekk. Kvit angrip sentrum med ein løparbonde og har ikkje bestemt kvar sentrumsbøndene skal plasserast enda. Trekket gjer ikkje like mykje for utviklinga som 1.d4 eller 1.e4 gjer, den einaste brikka som blir frigjort er dronninga . Imidlertid kan kvit no spele Sc3 utan at springaren kjem i vegen for c-bonden. Kvit kan halde sentrumsbøndene tilbake og la svart bygge opp eit sentrum som kvit satsar pa a bryte ned, ein sakalla ≪hypermoderne≫ spelemate.

Variantar [ endre | endre wikiteksten ]

Svart har mange moglege svartrekk pa 1.c4.

  • 1...Sf6 er den vanlegaste og inviterer kvit til a spele d2-d4 med overgang til diverse indiske forsvar eller dronninggambit . Det finst ein del eigne variantar her. Ein av desse er 1.c4 Sf6 2.Sc3 e6 3.Sf3 Lb4 som liknar litt pa nimzoindisk , men der kvit har halde tilbake d4-bonden for a unnga svekkingar i sentrum.
  • 1...c5 blir kalla symmetrisk engelsk. Svart spelar ofte pa a bevare symmetrien og prøver a fa til ei tidleg utlikning.
  • 1...e5 er svart sitt mest aggressive svar pa 1.c4. Stillinga blir til ein slags siciliansk opning , men med ombytta farga. Sidan kvit spelar siciliansk med eit ekstra tempo er det sjeldan svart tillet ei tidleg opning av sentrum og stillinga blir derfor meir lik dei lukka variantane enn dei opne variantane.
  • 1...e6, 1...c6, 1...g6 og 1...d6 er alle ganske vanlege svartrekk, men dei vil nesten alltid føre til ei anna opning eller ein av dei tidlegare nemnde variantane av engelsk.